Michelin-stjerne til to bergensrestaurantar

7 hours ago 4



I kveld vart den nye utgava av den nordiske Michelin-guiden presentert i København.

Fleire hundre spente kokkar og gründarar frå Noreg, Sverige, Danmark og Finland håpa på ei eller fleire stjerner frå den anerkjente guiden.

Berre to restaurantar frå Noreg fekk ei stjerne i år. Det var Omakase by Sergey Pak og Gaptrast, begge frå Bergen.

Brødrene Vladimir og Sergey Pak står bak fine dining-restauranten Omakase. Stjernekokk Kristian Vangen og gründer Øystein Ellingsen står bak Gaptrast.

Håpar på fleire besøkande

Restaurantsjef på Gaptrast, Kornelia Plociennik, håpar stjerna vil føre til fleire turistar og besøkande.

– Dette er veldig bra for Bergen. Me har jobba for dette sidan dag ein.

Plociennik seier stjerna har vore draumen sidan restauranten si spede byrjing.

– Det er ein lidenskap som blir delt av alle på jobb. Alle har jobba mot same mål.

Dermed har Bergen no tre restaurantar med Michelin-stjerne. Lysverket fekk si stjerne i 2022.

Ingen mista stjerner

Ingen av dei restaurantane som allereie hadde ei stjerne frå tidlegare år, mista stjerna i årets guide.

Totalt 19 restaurantar i Noreg har no éi stjerne i guiden. Restauranten Kontrast i Oslo har to stjerner, og RE-NAA i Stavanger og Maaemo i Oslo har tre stjerner.

Publisert 16.06.2025, kl. 19.09 Oppdatert 16.06.2025, kl. 19.24

Read Entire Article