Mia (24) låste seg inne på do før kvar kamp: – Trur ingen visste kva eg gjekk gjennom

9 hours ago 2



– Det var rett inn på badet før kamp for å puste ned og få ned eit angstanfall. Etter det første angstanfallet, så trur eg skjønte at det var litt meir alvorleg. Da blei det eigentleg berre meir og meir.

24-åringen Mia Theting ser ut over kunstgraset på Nordre Åsen i Oslo.

I dag leier ho Skeid si jentesatsing, men som speler var det her ho kjempa ein kamp ingen andre fekk sjå.

– Det å grue seg til det du synest er gøyast i verda, det er veldig spesielt, fortel Theting openhjarta.

Å grue seg til det ein liker best

Allereie som fireåring var målet krystallklart: Mia skulle bli fotballproff i Barcelona eller Liverpool.

Ho vaks opp i ein fotballfamilie i Sandnessjøen. Praten rundt middagsbordet handla alltid om sport.

Mia var eit av dei største talenta i kullet sitt. Ho spelte med gutane, dominerte i eigen klubb og fekk tidleg enorm tillit frå trenarane.

Men den tilliten blei for tung å bere for 2002-modellen.

– Eg var ein spelar som leid litt av prestasjonsangst. Eg leid av å bli veldig nervøs og stressa i forkant av viktige kampar. Til og med treningane kunne vere ei utfordring, seier Theting.

Mia Theting på banen/i garderoben til Skeid

– Det å grue seg til det du synest er gøyast i verda, det er veldig spesielt.

Mia Theting

Foto: Johanna Hauge / NRK

Foto: Johanna Hauge / NRK

Ho hugsar spesielt éin episode i garderoben som utløyste panikken. Theting fekk beskjed om at ho fekk ansvaret for å ta alle dei viktige frisparka.

– Eg fekk ein ganske sterk reaksjon på noko ganske lite. Eg trur eg blei litt ete opp av det mentale spelet, fortel ho.

Meister i å skjule angsten

Sjølv om ho openbert hadde eit stort talent, kom 24-åringen aldri høgare opp enn 2. divisjon.

– Ambisjonane var alltid veldig høge. Eg opplevde at eg prøvde å gjere alt mitt for å prøve å overvinne angsten, seier ho.

Men lenge stod ho heilt aleine i den kampen.

– Eg trur faktisk ingen visste kva eg gjekk gjennom, for eg skulda alltid på alt mogleg anna. Det var alltid andre grunnar til at eg ikkje kunne spele kamp eller ikkje presterte. Det var aldri angst, fortel Theting.

Ho blei ein meister i å skjule sanninga for trenarar, lagkameratar og familie.

– Eg reagerer litt på at det ikkje var nokon som la merke til at eg alltid gjekk på do før vi skulle spele kamp. Samtidig hadde eg teknikkane mine for å skjule det. Eg var nøye på at veldig få skulle finne ut av at det var noko mentalt, seier 24-åringen.

Bør ikkje haldast hemmeleg

Frank Eirik Abrahamsen er førsteamanuensis ved Institutt for idrett og samfunnsvitskap på Noregs idrettshøgskole, og han har doktorgrad i temaet prestasjonsangst i toppidrett.

Abrahamsen har hjelpt ei rekke utøvarar i ulike aldersklassar med å takle angsten som kan oppstå på idrettsbanen.

En mann som står foran en hvit bakgrunn.

DOKTORGRAD: Frank Eirik Abrahamsen

Foto: Norges idrettshøgskole

– I staden for å vere så opptatt av det synlege resultatet, bør du vere meir opptatt av det du skal gjere for å auke sjansane for resultatet. Det å senke krav og fokusere på det ein kan kontrollere er ofte ein av dei tinga ein anbefaler, seier han til NRK.

Ein annan ting som er viktig er å vere klar over eigne styrkar.

– Da har du gjenoppretta balansen mellom krav og kapasitet. Det er veldig urettferdig om ein forventar for mykje av nokon. Og så er det ikkje sånn at balansen skal stå heilt statisk i midten heile tida, men han skal ikkje krasjlande på ei side, fortel Abrahamsen.

Han meiner det ikkje er ei god løysing å skjule prestasjonsangsten, men at det heller ikkje er uvanleg å gjere det.

Mia Theting på banen/i garderoben til Skeid

Foto: Johanna Hauge / NRK

Abrahamsen har sjølv vore vitne til større grupper som ikkje har vore klare over at det er fleire som kjenner på det same.

– Når trollet kjem ut i sola, så sprekk det. Det betyr ikkje at ein skal droppe kjenslene sine overalt, men eg trur det kan vere greitt å vite at det er veldig få utøvarar som ikkje har kjent på dette i løpet av ein karriere, påpeikar han.

Samtidig meiner Abrahamsen at noko spenning kan vere greitt å kjenne på for å prestere på topp.

– Eg tenker på det som ei kokeplate frå éin til ti. For mykje kan eg skjønne er problematisk, men ingenting gir heller ingen energi.

Inspirerte NRK-serie

I den nye NRK-serien «Kameleon» er blant anna prestasjonsangst eit tema.

Der kjempar karakteren «Billie» mot eit indre mørke mens ho prøver å lykkast på banen. Historia er inspirert av verkelegheita til Mia Theting, etter ein tilfeldig prat med regissøren på sidelinja.

Kameleon episode 4

KAMELEON: Karakteren «Billie» kjempar mot eit indre mørke i serien «Kameleon».

Illustrasjon: Hans Otto Bordvik / NRK

– Der og da var eg livredd og tenkte berre: «Oi, oi! Skal dei eksponere meg sånn». Men eg er veldig fornøgd med korleis det blei, seier Theting.

Den tidlegare fotballspelaren fortel at ho kjenner seg igjen i karakteren.

– Og eg trur det er ganske mange jenter som kan kjenner seg igjen i «Billie», og som burde sjå han for å kanskje prøve å bli enda betre kjende med seg sjølve, meiner Theting.

Ein ny veg

På denne regnfulle vårdagen viser Mia veg inn i garderoben til Skeid i Oslo. Fotballskoa er bytte ut med trenarjakka. Vendepunktet kom da ho valgte å ikke søke seg til toppidrettsgymnas for å redde gleda ved idretten.

– Da fikk eg spele fotball for gøy, og eg trur det var det beste eg har gjort i mitt liv, reflekterer ho.

Som ansvarleg for jentefotballen i Skeid og trenar på Wang bruker ho i dag sine eigne erfaringar til å sjå det ingen såg hos henne.

– Eg veit nøyaktig korleis ein skjuler det. Eg vil nok vere bekymra viss spelaren alltid er negativ til eigen prestasjon, uavhengig av korleis prestasjonen har vore.

Ser varsellampene hos «generasjon prestasjon»

Trenarfilosofien hennar handlar om å fjerne det ytre presset ho sjølv kjende på.

Ho har sett skremmande eksempel i dagens prestasjonskultur, som at unge jenter sluttar å ete for å nå måla sine. Hennar viktigaste råd til trenarar og foreldre er klart:

– Unngå å legge til rette for å snakke om resultat. Eg hadde oppleving der trenarar sa: «Nå set vi deg innpå, og så har du ti minutt på å skåre». Unngå å sette spelarar i situasjonar der du gir dei meir press enn nødvendig.

Mia Theting på banen/i garderoben til Skeid

TRENAR: I dag er ho trenar i Skeid. – Det er her eg kan utvikle meg, og her eg kan skine, seier ho.

Foto: Johanna Hauge / NRK

Sjølv om trenaren i starten var redd for å bli eksponert gjennom TV-serien, ser ho i dag verdien av å vere open.

– Det blir betre ein dag, men oppsøk hjelp. Det er den største feilen eg gjorde: Å ikkje ha nokon å oppsøke når ein går gjennom noko som er ganske vanskeleg.

Det blir tilføydd av Abrahamsen.

– Eg tenker det kan vere lurt å ha nokon å prate med. Det treng ikkje vere ein idrettspsykologisk rådgivar. Det kan vere godt å ha nokon du stoler på.

– Alle kjenner på det før eller seinare, men når det blir så ekstremt kan det vere lurt å snakke med nokon om det, fortset han.

Publisert 02.04.2026, kl. 07.57

Read Entire Article