Meiner skatt er i strid med menneskerettane – vil gå til sak mot staten

1 month ago 18



Formuesskatten, eller «skatt på arbeidande kapital» som nokre vil kalle den, er ein heit potet for tida:

Bedriftseigar Lars Oscar Øvstegård meiner formuesskatten et av pengane han vil bruke til å skape verdiar i bygda.

Han driv utleige av næringslokale.

Pengane som skattestriden handlar om vil han eigentleg bruke til vedlikehald og til å bygge ut verksemda.

Men medan han må sende nær 600.000 frå bedriftene sine inn i statskassen, ville tilsvarande sum for ein utanlandsk eigar vere lik null.

Formuesskatten råkar nemleg berre dei som bur i Noreg.

– Urettferdig. Det er det enkle svaret på kvifor eg går til rettssak mot staten, seier han.

Hevdar brot på menneskerettane

Øvstegård meiner skattlegginga er diskriminerande fordi den berre råkar norske eigarar.

Han hevdar dette er i strid med både grunnlova og med menneskerettane.

– Det er ingen andre som lid meir under denne skattlegginga enn små og mellomstore distriktsbedrifter, seier Øvstegård, som eig ei lita til mellomstor bedrift i Ørsta.

Skrivebordet på kontoret hans er fullt med dokument som viser skatteutrekningar og støtte han no får frå andre næringslivsleiarar. Han har også skaffa juridisk hjelp.

– Dette handlar ikkje om at eg ikkje vil betale skatt. Tvert om: Eg betalar skatt med glede. Men det må vere likt for alle, seier Øvstegård.

Lars Oscar Øvstegård på kontoret sitt. Skrivebordet er fylt opp av dokument. Bildet er teke i samband med at Øvstegård vil gå til sak mot staten på grunn av formuesskatten.

Lars Oscar Øvstegård er midt i planlegginga av eit søksmål mot staten.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Heilt rimeleg at formuande betalar skatten

Regjeringa, som er samansett av Arbeidarpartiet og Senterpartiet, meiner det er heilt på sin plass at store formuar blir skattlagt etter dei reglane som finst i dag.

– Vi må alltid kunne diskutere endringar som gjer skattesystemet vårt endå betre. Men vi meiner det er rett og rimeleg at personar som har store formuar også betalar sin rettmessige del til fellesskapet, seier Arbeidarpartiet sin finanspolitiske talsperson Eigil Knutsen til NRK.

Han hevdar at Noreg ville ha fått 25 000 fleire svært rike nullskattytarar om formuesskatten blei fjerna. Den påstanden er faktasjekka og korrekt, ifølgje Faktisk.no.

– Og det trur eg ikkje vanlege folk meiner er rettferdig. Med desse inntektene kan vi også halde skatten på selskap og vanlege lønningar låge, seier Ap-politikaren.

Knutsen problematiserer også uttrykket «arbeidande kapital». som mellom anna bedriftseigaren i Ørsta brukar.

– Vanlege folk sine sparepengar er like arbeidande som kapitalen ein bedriftseigar brukar til å finansiere sine prosjekt, seier han.

Eigil Knutsen (Ap)

– Den einaste kapitalen som ikkje arbeider er fysiske kontaktar som du oppbevarer i madrassen

Eigil Knutsen

Finanspolitisk talsmann for Arbeidarpartiet på Stortinget

Skal sjekke om saka held vatn

Øvstegård har engasjert jusprofessor Mads Andenæs ved Universitetet i Oslo til å hjelpe han med søksmålet. Saman med den sveitsiske juristen Carl Baudenbacher skal dei lage ei utgreiing for å sjå om det er mogleg å ta staten til retten for formuesskatten.

Andenæs meiner små og mellomstore bedrifter er utsette for veldig sterke inngrep med skatten.

Er dette ei sak han har sjanse til å vinne, eller er det ei markeringssak?

Det vil eg ikkje svare på, då Carl Baudenbacher og eg no er inne i ein grundig utgreiingsprosess, svarar Andenæs i ein e-post.

Jusprofessor Mads Andenæs, UiO

Jusprofessor Mads Andenæs, Universitetet i Oslo, er hyra inn for å hjelpe greie ut om søksmålet er mogleg.

Foto: Bjørn Olav Nordahl / NRK

– Eg trur eg kan vinne

– Det er som om det norske landslaget skulle ligge under med to, tre mål allereie før ein kamp mot Sverige hadde starta. Ingen hadde godteke det. Norske bedriftseigarar startar med eit stort minus, seier Øvstegård.

Bedriftseigaren og juristane er i gang med utgreiinga i saka. Om det vinn fram, kan eit søksmål kome mot slutten av 2024.

NRK har forsøkt å få eit klart svar på nett kva paragrafar i Grunnlova og menneskerettane dei vil bruke som argument. Dei seier det er diskriminering av norske eigarar dei går etter, og at det er nett det utgreiingsarbeidet dei no er i gang med skal svare ut.

– Eg trur at eg kan vinne denne saka, seier Øvstegård bestemt.

Publisert 01.04.2024, kl. 10.18

Read Entire Article