Meiner norsk ungdom dopar seg – utan å vite det

9 hours ago 6



Det kjem fram i eit ferskt brev som NRK har fått innsyn i.

Antidoping Norge er særleg bekymra for bruken av kosttilskot blant treningsinteressert ungdom.

Eg kjente meg kanskje ikkje så sjølvsikker i min eigen kropp på den tida, så eg følte at eg måtte kompensere på ein eller annan måte. Eg tenkte at musklar, det er det jenter likar – la oss bygge musklar og bli størst mogleg.

Det seier Joacim Øien.

Han var éin av dei treningsinteresserte ungdommane som jakta draumekroppen. Han ville gjere kva som helst for å sjå bra ut.

I dag bruker han erfaringa si for å hjelpe andre. Og han meiner mange unge er ukritiske til kosttilskot.

Dei er opptatte av å finne ut kva som er det beste produktet å bruke. Så om det er trygt eller ikkje, det har eg aldri fått noko spørsmål om.

Når unge menneske tar kontakt med han, opplever Øien at mange ønsker ein snarveg til ein slankare eller meir muskuløs kropp.

Du merkar at folk er mykje meir opptekne av kosttilskotet enn sjølve treninga og maten. Dei vil vite kva som er det beste kosttilskotet å ta, for å bli størst mogleg, eller for å gå ned i vekt.

en mann med et alvorlig uttrykk

ÅTVARAR: Øien bruker sin eigen bakgrunn for å hjelpe andre.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

Meiner dei dopar seg – utan å vite om det

Fredrik Lauritzen i Antidoping Norge er bekymra for det han meiner er ein uoversiktleg marknad for kosttilskot. Det er bakgrunnen for brevet som blei sendt til Mattilsynet i sommar.

– Det er godt kjent at kosttilskot kan innehalde stoff på dopinglista, og som også kan utgjere helserisiko. Og det vi er interesserte i å vite meir om, er kven som har ansvaret for å overvake og regulere dei høgrisikoprodukta i Noreg, seier Lauritzen.

Forskingssjefen meiner norske forbrukarar får i seg dopingmiddel utan å vite om det.

Absolutt! Det skjer heilt sikkert. Kor alvorleg dette er for helsa, vil jo avhenge av kor store mengder det er av det forbodne stoffet, svarer han.

en person tar i på styrketrening
en person som trener i et treningsstudio

Joacim Øien husker tiden da trening ikke først og fremst handlet om helse.

Fann anabole steroid

Antidoping Norge viser til eigne og internasjonale analysar som bakgrunn for bekymringa, i bekymringsbrevet dei har sendt til Mattilsynet.

I ein gjennomgang av 93 kosttilskot retta mot norske brukarar, inneheldt 21 av dei ulovlege stoff – åtte av dei var direkte dopingmiddel, blant anna anabole steroid.

Fleire stoff var ikkje deklarerte på pakken.

Funna er ei viktig årsak til at Antidoping Norge nå ber Mattilsynet klargjere kven som faktisk har ansvaret for å overvake denne marknaden.

Hjartet begynte å svikte

I dag marknadsfører Joacim Øien seg som personleg trenar, kosthaldsrettleiar og terapeut. Han har tidlegare vore open om at han sjølv pressa kroppen til brestepunktet, og at hjartet begynte å svikte. Kosttilskot proppa han ukritisk i seg.

– Eg berre kjøpte det som var best på marknaden, eller som såg kult ut. Det var det eg kjøpte.

– Så du på ingredienslista?

– Nei.

– Så du kan også ha fått i deg ting du ikkje har visst kva er?

– Mykje mogleg.

Han seier sjølv han led av megareksi, ei sjukleg interesse for å bli stor og muskuløs. Han fortel også om ortoreksi – som handlar om fiksering på å ete «rett» og «rein» mat.

Det var eit stort jag etter å bli størst mogleg og bygge mest mogleg musklar, så det var jo konstant det eg tenkte på.

– Tener feitt på det

Det er særleg såkalla pre-workout-produkt, altså produkt som skal bli tatt før trening, som bekymrar Antidoping Norge.

Den typen produkt blir selde over disk i Noreg, ofte med spektakulære namn og etikettar, og dei blir ofte marknadsførte på sosiale medium.

Antidoping Norge har sjølv gjort undersøkingar med eigne TikTok-brukarar og peikar på ein uoversiktleg marknad med aggressiv marknadsføring – ofte med uklar avsendar.

Fronten kan sjå heilt norsk ut, seier forskingssjef Lauritzen

Norske prisar, beskrivingar på norsk, alt er på norsk. Men så er jo eigentleg den butikken basert i Polen, for eksempel, utdjupar han.

Joacim Øien deler Antidoping Norges bekymringar, og meiner at mange leverandørar utnyttar sårbare unge menneske.

Desse leverandørane tener jo feitt på det. Det er jo ein milliardmarknad. Så dei utnyttar dette så mykje som mogleg. Og da er jo unge eit lett byte, meiner han.

– Storm i tomt vassglas

Mattilsynet opplyser at dei framleis har brevet frå Antidoping Norge til behandling, og har svart på NRKs førespurnader på e-post.

– På generelt grunnlag opplyser vi at verksemder som omset kosttilskot og treningsprodukt, har ansvar for at produkta er trygge og at regelverket blir overhalde. Dei som sel slike produkt, må sikre at dei ikkje bruker ingrediensar som kan føre til negative helseeffektar hos forbrukaren. Merkinga skal vere korrekt og ikkje vilja forbrukarane.

NRK har kontakta ei rekke sentrale aktørar som sel kosttilskot i Noreg. Ottar Lystad i Fitnessfactory meiner heile problemstillinga er ein «storm i eit tomt vassglas».

Dei fleste produsentar/merkevarer på kosttilskot er absolutt seriøse føretak, som ikkje tilset produkta noko «ekstra». Det ville ha undergrave deira tillit ute blant forhandlarane, og ville ha vore ei svært kortsiktig tilnærming.

Proteinfabrikken/Gymgrossisten opplyser at dei ikkje sel nokon produkt med forbode innhald, og legg til:

– Våre eigne produkt analyserer vi ved behov hos eit anerkjent laboratorium i Sverige.

– Det åtvarar vi mot

Trass i bekymringsbrevet sendt til Mattilsynet, meiner Fredrik Lauritzen at dei fleste produkt ein handlar av norske aktørar, vil vere trygge å bruke. Særleg blant idrettsutøvarar er det vanleg å bruke restitusjonsdrikke, reint proteinpulver, multivitamin, vitamin og mineralprodukt.

Men så ser vi jo desse kosttilskota som hevdar å kunne gi ein prestasjonsfremjande effekt. Som kan vere at det gir ein oppkvikkande effekt, at dei er naturleg muskelbyggande, eller feittforbrennande. Der er det veldig mykje god dokumentasjon, både internasjonalt og i Noreg på at det er det ein høg risiko for at dei produkta kan innehalde forbodne stoff.

Derfor ber han brukarar av kosttilskot om å vere merksame.

Ein må stille spørsmål og vere varsam med å bruke desse høgrisikoprodukta, særleg produkt som blir kjøpte på nett eller i utlandet. Det åtvarar vi mot.

Dødsing møter veggen 02:44

Publisert 15.07.2025, kl. 20.03 Oppdatert 15.07.2025, kl. 20.58

Read Entire Article