Meiner Marita Løfshus Haugen blei drepen med fleire stikk

5 hours ago 3



– Vi meiner ho blei stukken med eit stikkvåpen og at det var dødeleg.

Det seier politiadvokat Aleksander Ribsskog Tokle til NRK.

Politiet har kontroll på våpenet, men ønsker ikkje å gå inn i fleire detaljar om det.

Laurdag 13. desember blei Marita Løfshus Haugen (35) funnen drepen utandørs på Løkken i Orkland kommune i Trøndelag.

Like etter ho blei funnen, arresterte politiet Jørn Andersen og siktet han for drapet.

Adresseavisen omtalte saka først.

Var dekt av snø

Då avdøde blei funnen, var ho dekt av snø.

Det bekreftar politiadvokaten til NRK.

– Vi meiner det er sikta som er den siste som er i kontakt med ho. Så korleis ho har blitt lagt der ho ligg, det veit eg ikkje.

en politimann som sitter ved et skrivebord

Politiadvokat Aleksander Ribsskog Tokle.

Foto: Morten Andersen / NRK

På stikkvåpenet har politiet funnet biologiske spor frå avdøde og Andersen.

Har ikkje forklart seg for politiet

Tokle fortel at politiet har eit godt bilete av kva som skjedde på Løkken laurdag 13. desember.

– Vi ønsker oss sikta sin versjon og si forklaring av det som skjedde. For så langt vi er kjent med det, så var det berre dei to til stades.

Men Andersen har enno ikkje møtt i avhøyr.

– Då må me lene oss på tekniske spor på staden, seier Tokle.

Publisert 04.05.2026, kl. 11.37 Oppdatert 04.05.2026, kl. 11.58

Read Entire Article