– Me kan kritiserast i ettertid, men det hjelper så lite

1 week ago 20



Dronefoto av steinblokkene som råka fotballbanen til Dale IL i Vaksdal

Enorme steinblokker knuste fotballbanen

 3.-klassingane Olivia og Alexandra Espeland Ulveseth (tvillingar), og Olivia Birkeland Johansen på Dale skule i Vaksdal.

Desse jentene trente der kort tid før

Dronefoto av steinraset som råka fotballbanen til Dale IL i Vaksdal

Kommunen visste at halve banen ligg i rasfaresona

Dronefoto av steinblokkene som råka fotballbanen til Dale IL i Vaksdal

Halvanna døgn etter at 3.-klassingane trente der, kom ei kvit steinur av granitt fossande ned mot fotballbanen.

Det var måndag i påskeferien. Kunstgrasmatta på Dale i Vaksdal kommune var omsider blitt snøfri. Jentelaget fekk endeleg si første utetrening etter vinteren.

– Det hadde me gleda oss til veldig lenge. Mykje kjekkare enn å trena inne, seier 3.-klassingen Olivia Birkeland Johansen.

Dagen etter hadde seniorlaget planlagt ei trening, men dei avlyste fordi så få møtte opp. Det var jo midt i påsken.

 3.-klassingane Alexandra Espeland Ulveseth, Mia Skarsbø Knutsen, Oklivia Espeland Ulveseth og Olivia Birkeland Johansen på Dale skule i Vaksdal.

Fotballaget til Alexandra Espeland Ulveseth (frå venstre), Mia Skarsbø Knutsen, Olivia Espeland Ulveseth og Olivia Birkeland Johansen var dei siste som trente på banen før steinblokkene knuste kunstgraset i nattemørket.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Trudde det var Putin

Deretter blei det stille på fotballbanen til Dale IL.

Fram til klokka 03.40 natt til onsdag 27. mars, dagen før skjærtorsdag.

– Eg vakna midt på natta. Heile senga mi byrja å rista, for me bur ganske nær fotballbanen. Og eg tenkte berre: «kva pokker er det som skjer?»

Det seier Alexandra Espeland Ulveseth, klasse- og lagvenninna til Olivia.

– Eg vakna og trudde det var Putin som kom, supplerer Olivia Espeland Ulveseth, som er tvillingsøstera til Alexandra.

Rasrisikoen vart kartlagd i 2018. Seks år seinare kom raset. Foto: Nese Media

Dagen etter, på skjærtorsdag, rasa den nye steinar ned i den same ura.

– Eg såg nokre mindre steinar som raste, seier Mia Skarsbø Knutsen.

Ein månad etter raset møter me 3.-klassingane i ballbingen ved Dale barne- og ungdomsskule.

Det er der dei yngste laga trenar nå. Kunstgrasbanen, og klubbhuset som stod ferdig i fjor, har vore sperra av sidan raset.

Dei eldre laga trenar nå i nabobygdene Stanghelle og Vaksdal.

– Utenkeleg

June Espeland er tilbake ved kunstgrasbanen for første gong sidan raset gjekk.

– Eg er vanvitig glad for at det skjedde på nattetid og at ingen var her.

Leiar June Espeland i Dale IL i Vaksdal, etter steinraset på fotballbanen til Dale IL i Vaksdal

To veker før raset vart June Espeland vald til leiar i idrettslaget. Og ho er mor til tvillingane som trente der halvanna døgn før.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Det er jo utenkeleg og heilt forferdeleg. Det trur eg dei fleste kjenner på. Å senda ungane sine ned i ..., ja...

Brutalt syn

Dei to kampesteinane som ligg inne på fotballbanen til Dale IL er eit brutalt syn.

Begge er rundt tre meter høge og endå breiare.

Kvar stein er 60-70 kubikkmeter og opptil 150-200 tonn, seier geolog Asbjørn Øystese som har undersøkt rasstaden.

Dronefoto av steinblokkene som råka fotballbanen til Dale IL i Vaksdal

Den eine steinblokka stoppa på streken på langsida, mellom to mål som stod oppstilt der.

Steinras på fotballbanen til Dale IL i Vaksdal

Den andre ligg midt ute på banen.

Dronefoto av steinblokkene som råka fotballbanen til Dale IL i Vaksdal

Steinblokka rulla inn utanfor 16-meteren før ho stoppa.

Fleire andre gigantiske steinar stoppa i bakken ovanfor grasmatta.

Geologen har anslått at det var mellom 30.000 og 50.000 kubikkmeter stein, og tilrår at kunstgrasbanen blir flytta.

 3.-klassingane Olivia Birkeland Johansen og Mia Skarsbø Knutsen på Dale skule i Vaksdal.

Olivia Birkeland Johansen og Mia Skarsbø Knutsen spelar i ballbingen ved Dale skule.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Det er dumt at me ikkje kan spela der. Men det var bra at det nye klubbhuset ikkje blei øydelagt, for det har dei brukt lang tid på, seier Olivia Birkeland Johansen.

Jentene meiner at dei to kampesteinane på banen «sikkert er hundre kilo».

Nokre av dei meiner steinane må sprengast vekk.

Andre er redde sprenging vil rista laus eit nytt ras.

Dronefoto av steinraset som råka fotballbanen til Dale IL i Vaksdal

Raset losna oppunder fjellet Drivanakken, rundt 500 meter over fotballbanen, og danna den kvite ura like ovanfor banen.

Foto: Nese Media

– Men kvifor bygde dei ein fotballbane der det kan rasa svære steinar?

– Eg veit ikkje. Det var vel ein stor plass å bygga der, og så brukte dei den, seier Alexandra.

Rasfare kjend i seks år

I 2018 utarbeidde Noregs vassdrags- og energidirektoratet (NVE) faresonekart som viser faren for steinras, mellom anna i dette området.

Faresonekartet frå 2018 viser at halve kunstgrasbanen (til venstre), det gamle klubbhuset og mykje av grasbanen (til høgre) ligg i gul faresone. Det nye klubbhuset (midt i bildet) ligg utanfor.

Sidan den gongen har det vore kjent at mykje av kunstgrasbanen og grasbanen, og heile det gamle klubbhuset, har gul rasfare.

Det betyr risiko for såkalla 5000-årsras.

Ein liten del av kunstgrasbanen har i tillegg oransje rasfare, som er risiko for såkalla 1000-årsras.

Men det var allereie i 2010 at det blei lagt kunstgras på den gamle grusbanen til Dale IL.

Kommunen: – Gjorde ikkje nok

Kommunedirektør Atle Fasteland vedgår at rasrisiko ikkje var tema den gongen.

– Då banen blei bygd i si tid, var det nok ikkje dette så mykje fokus på rasfare i det heile, seier han til NRK.

Kommunedirektør Atle Fasteland i Vaksdal kommune

– Sjølvsagt kan me kritiserast i ettertid, men det hjelper så lite, seier kommunedirektør Atle Fasteland.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Derimot var rasfaren kartlagd og kjend då kommunen gav idrettslaget løyve til å bygga eit nytt klubbhus hausten 2022.

Huset som stod ferdig i fjor, ligg utanfor rasfaresonene på kartet til NVE.

Men kartet hadde då i fire år vist at mykje av idrettsanlegget ligg rasfarleg til.

– Klubbhuset blei undersøkt litt, men sånn i ettertid kan ein seia at det ikkje vart gjort nok, vedgår Fasteland.

– Me var ikkje uforsiktige

Kommunedirektøren seier at både Vaksdal og resten av Noreg har eit anna fokus på rasfare nå enn for nokre år sidan.

– Fordi me har sett at det går fleire ras. Det er fleire naturkatastrofar. Både på Vestlandet og elles i landet.

– Med den kunnskapen me hadde der og då, var me ikkje uforsiktige. Sjølvsagt kan me kritiserast i ettertid, men det hjelper så lite.

– Har barn og vaksne spelt med livet som innsats her fram til nå?

– Det er umogleg for meg å svara på, men me var i alle fall heldige med at ingen blei drepne eller skadde.

Steinras på fotballbanen til Dale IL i Vaksdal

Banen kan ikkje lenger brukast. Geolograpporten etter raset tilrår at banen blir flytta.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

«Ikkje rasfare»

I byggesøknaden svarte idrettslaget «nei» på standardspørsmålet om skredfare der byggverket skulle plasserast.

I rammeløyvet for nytt klubbhus skreiv kommunen i august 2022:

«Tiltakshavar (altså idrettslaget) har erklært at tiltaket ikkje skal plasserast i eit område der det er fare for flaum, skred eller andre natur- og miljøtilhøve som krev særskilde undersøkingar eller tiltak. Kommunen legg denne vurderinga til grunn for vedtaket.»

Nytt og gammalt klubbhus ved fotballbanen til Dale IL i Vaksdal

Det nybygde klubbhuset blei opna i fjor. No kan det ikkje brukast, sjølv om det ligg utanfor den kartlagde faresona. Det gamle klubbhuset (bak til høgre) ligg i rasfaresona.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– I geolograpporten står det at raset som råka fotballbanen var eit såkalla 5000-årsras. Men spørsmålet er jo om det går ti dagar eller 5000 år mellom to slike ras. Det veit me ikkje, seier kommunedirektør Fasteland.

Mange bygg ligg rasfarleg til

Dilemmaet på Dale er at idrettsanlegget ikkje er det einaste som ligg rasfarleg til.

I denne bygda står mange bustader og andre bygg i rasfarleg område:

  • Risiko for «5000-årsras»: om lag 100 adresser ligg i gul rasfaresone
  • Risiko for «1000-årsras»: om lag 10 ligg i oransje sone
  • Risiko for «100-årsras»: om lag 5 ligg i raud sone

I tillegg ligg mange garasjar og vegar i desse faresonene.

Faresonekartet for steinras viser at mange boligar og andre bygg på Dale i Vaksdal ligg i gul faresone, og nokre adresser ligg i oransje eller raud faresone.

Nesten hundre adresser på Dale ligg i gul rasfaresone, og om lag 15 ligg i oransje eller raud sone.

Foto: Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

– Er ein prisgitt å leva med rasfare når eit bur på Dale?

– Me er kanskje prisgitte dette i heile landsdelen. Når me vel alle dei goda det er med å bu på Vestlandet, så er det også nokre ulemper. Ei av dei er ras, meiner kommunedirektøren.

– Då er det jobben vår å finna gode løysingar, både for framtida, og her og nå, slik at me får i gang igjen aktivitet på idrettsbanen vår.

Men han reknar med at idrettsanlegget blir ståande stengt i minst eitt år.

Steinraset som råka fotballbanen til Dale IL i Vaksdal

Grasbanen til venstre, det gamle klubbhuset (bak) og kunstgrasbanen til høgre ligg i rasfaresona under fjellet Drivanakken, medan det nye klubbhuset ligg utanfor.

Dronefoto av steinblokkene som råka fotballbanen til Dale IL i Vaksdal

Vaksdal kommune har ikkje avgjort kva som kan eller skal gjerast med idrettsanlegget etter den spektakulære rasulukka.

Dronefoto frå steinraset som råka fotballbanen og ei lita tribune til Dale IL i Vaksdal

Raset reiv med seg den heimesnekra tribunen oppe i bakken på langsida.

Vil flytta banen

Leiaren i idrettslaget meiner kunstgrasbanen bør flyttast:

– Me må finna ut korleis me kan trygga området, og om det er mogleg med ei alternativ plassering av banen.

– Vil du ha banen der den ligg?

– Nei! seier Espeland.

Leiar June Espeland i Dale IL i Vaksdal, etter steinraset på fotballbanen til Dale IL i Vaksdal

Idrettslag-leiaren håpar det kan finnast ei ny plassering til kunstgrasbanen, men at det nye klubbhuset kan bli ståande.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Også jentelaget meiner banen må flyttast, slik geologen tilrår.

– Eg håpar dei kan laga ein ny fotballbane litt lenger vekk frå fjell. Men me gleder oss i alle fall til cupen, seier tvilling-Olivia.

– Kven skal de slå då?

– Stanghelle! Og Voss. Og Vaksdal, seier jentene i kor.

– Og så skal me prøva å slå gutane i klassen. Dei driv med sånne sklitaklingar på jentene heile tida, seier Mia.

 3.-klassingane Olivia og Alexandra Espeland Ulveseth, Mia Skarsbø Knutsen og Olivia Birkeland Johansen på Dale skule i Vaksdal.

Dei fire jentene satsar på siger i cupen, sjølv om treningane i vår har blitt amputerte etter raset på kunstgrasbanen.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Publisert 06.05.2024, kl. 22.05

Read Entire Article