Me kan bli slitne av å heile tida gi omsorg til andre

1 week ago 9



DEBATT: Det følast nesten ut som hovudet mitt har slutta å fungere. Alt er så fjernt og tåkete. Eg høyrer mannen min snakke til meg, men noko stoppar meg i å svare han. Nesten som ein blokade, som er umogleg å dytte vekk.

Som overlege i psykiatri og mor til to små, kjenner eg at koppen med omsorg, har blitt vanskelegare å fylle, skriv Jeswanthiny P. Mayooran. Foto: Magnus Kolstad
  • Jeswanthiny P. Mayooran

    Jeswanthiny P. Mayooran

    Overlege i akuttpsykiatri, SUS

Publisert: Publisert:

For mindre enn 40 minutter siden

iconDebatt

Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Fleste av oss har sikkert høyrt omgrepet «compassion fatigue.» Omsorgstrøyttleik, på norsk. Ein tilstand som kan ramme kven som helst, men særleg utsett er dei i hjelpeyrke.

Det er eit år sidan eg fekk mitt andre barn. Det siste året, har gradvis blitt tyngre og tyngre. Eg kan kjenne at det sniker seg litt etter litt, klistrar seg i hovudet mitt, og åler seg gjennom kroppen min. Utmattinga, vanskane med å kjenne på empati ovanfor pasientane mine, tolmodet med familien min, alt er tyngre.

«Kostnaden ved å bry seg.» Empati og medkjensle, er noko av det varmaste og medmenneskelege vi har. Men når blir prisen for høg? Så høg at han går utover både jobb og privatlivet?

Eg var så sliten

Søvn var allereie eit etterlengta elementært behov, med to småbarn. Eg kjende at det var lettare for meg å bli irritabel, og ha kort lunte. Ulikt meg. På det psykiatriske mottaket, klarte eg fint å gjere jobben min, men eg bar rundt på ei tyngde med følelsar, som berre bygde seg opp i både kropp og psyke, som gjorde det vanskeleg å yte som vanleg.

På jobb skulle eg romme følelsar, lytte og vere der for å hjelpe. Alle livshistoriene, begynte å gje gjenklang langt utover ettermiddagen. Tatovert på huda mi, umogleg å vaske vekk.

Heime, som mor og kone, skulle eg også yte og romme. Kvar gong eg såg telefonen min ringe, vart det vanskeleg å ta den. Venner og familie som trengde min empati og omsorg, begynte å få han i avgrensa mengder. Nesten som kroppen min over svømte av alle moglege følelsar som flaut i alle kantar. «Eit empatisk trekk til, var løpet køyrt,» tenkte eg ofte.

Alt blei ein vond sirkel. Ein sirkel som slukte meg inn utan noka form for empati. Berre ordet «empati» sat som ein klump i halsen.

Eg trudde lenge at eg kunne separere privatlivet frå jobblivet. Lenge gjekk det, men jobb og privatliv blei vanskelegare å halde frå kvarandre, di lenger ut i livet eg kom. Frå bleieskift, pakking av matpakkar, dropping i barnehage, til å setje meg med eit kokt hovud på morgonmøtet i akuttmottaket, har jammen ikkje vore lett.

Me må ta vare på oss sjølv

Eg tenkjer det er viktig å snakke om dette temaet. Som samfunn, har ambisjonane blitt høgare, skuldrene våre er sjeldan senka, vi skal prestere, vi skal yte. Som overlege i psykiatri og mor til to små, kjenner eg at koppen med omsorg, har blitt vanskelegare å fylle. Tid. Korleis skal ein strekkje til overalt, og i tillegg fylle sin eigen kopp?

Eg vil tru det er mange som kan kjenne seg att i dette. Det er sikkert ikkje eit enkelt svar eller løysning på det. Men eg tenkjer det er viktig å vere bevisst rundt det. Stoppe litt opp, kjenne etter, og kanskje forsøkje bremse ned litt. For meg vart det heilt essensielt å roe ned. Meditasjon, litt tid for meg sjølv (ein halv time kan skape miraklar), kommunisere med mine nærmaste, spør om hjelp og avlastning. Vi har eit yrke som hjelper mange. Dette gjev kanskje mange av oss energi og betydning i kvardagen. Men til og med det gode, kan forvitre. Riktig miljø og balansen mellom dei rette elementa må til, for å halde ein plante i live. Det er vel litt slik vi også er. Vi som tek vare, må ikkje gløyme å ta vare på oss sjølve.

Publisert:

Publisert: 14. februar 2026 14:06

Read Entire Article