MDG vil forby goretexjakker og teflonpanner

18 hours ago 5



Om vi er opptatt av å ta vare på helsa til folk, så bør den norske regjeringa sette i gang og gjere noko no, ikkje sitte og vente på EU, seier nestleiar Ingrid Liland i Miljøpartiet dei grøne.

Ho er bekymra over at vi nordmenn får i oss for mykje kjemikaliar som ikkje forsvinn.

MDG Ingrid Liland

Ingrid Liland er nestleiar i MDG.

Foto: Tommy Iversen / Tommy Iversen

Der oldemor di kanskje måtte stå og skrubbe jernpanna rein etter middag, kom det frå 50-talet panner med eit belegg som fungerte nesten som magi. Ingen ting sette seg fast.

På saman måte blei PFAS-stoff putta i klede, kosmetikk og kjøkkenutstyr. Det verka jo heilt genialt!

Men så kom dei første teikna på at kjemikaliane kunne vere skadelege. Og ikkje nok med det. PFAS forsvinn veldig sakte frå naturen. Så sakte faktisk, at dei over 10.000 kjemiske stoffa blir kalla ævekjemikaliar.

Dei siste åra har det kome stadig nye rapportar og studiar om kva PFAS kan gjere med kroppane våre, og kor det finst. Som for eksempel denne saka om miljøgiftene i sminke og anna kroppspleie.

Ting tar tid

Noreg har saman med fire andre land stått bak eit forslag om å forby alle ævekjemikaliar i Europa. For PFAS-er er miljøgifter og «blant dei mest urovekkande stoffa vi omgir oss med», ifølge Miljødirektoratet.

No har det gått over eit og eit halvt år sidan arbeidet starta i EU. Undervegs har det komme inn 100.000 sider med høyringssvar.

Prosessen rundt det nye regelverket held fram i 2025, og målet er framleis eit forbod mot PFAS i ting som kosmetikk, matemballasje og klede.

Men dette går for sakte for Miljøpartiet.

Vil ikkje vente

– Jo meir det blir forska på PFAS, dess meir alvorleg ser det ut til at effektane er. Dette er allereie eit folkehelseproblem.

Ingrid Liland i MDG meiner norske bedrifter vil få fleire fordelar enn ulemper om dei må forhalde seg til eit særnorsk forbod.

Vi kan både reparere helsa vår før andre land gjer det, og vi kan få selskap og bedrifter som lagar sunne varer før resten av verda gjer det.

Derfor meiner ho regjeringa bør sette i gang med eit eige forbod i Noreg.

Den praktiske konsekvensen vil jo vere at når du går i butikken, så kjem du til å måtte velje ei støpejernpanne i staden for teflonpanne. Vi får kjøpe tåteflaske av glas eller silikon, i staden for plast.

Forbilde

Det er alltid bra når nokon viser vegen framover. Nokon må vere først, seier forskar Hans Peter Heinrich Arp.

Han leier eit stort EU-prosjekt om PFAS. Blant anna har dei laga ei oversikt over alternativ til ævekjemikaliar for industrien.

Hans Peter Arp i dressjakke snakker inn i en mikrofon. I bakgrunnen er det en PowerPoint på et lerret.

Hans Peter Arp er professor ved NTNU og teknisk ekspert ved Noregs geotekniske institutt.

Foto: Martin Brits

Arp meiner at det å vere tidleg ute med eit forbod kan gi fordelar.

Kanskje vi kan få den positive effekten før dei andre.

Han viser til at Noreg har vore eit føregangsland innan elbilar fordi det blei vedtatt norsk politikk. Samtidig meiner han det er bra med eit samarbeid med for eksempel Danmark og Sverige.

Viss Noreg gjer det først, så vil andre snart land følge etter, meiner han.

Pådrivar for forbod

Usman Mushtaq er statssekretær i helse- og omsorgsdepartementet. Han meiner det er feil at regjeringa «ventar» på nokon.

Noreg er ein av dei viktigaste pådrivarane for å forby PFAS-er internasjonalt, seier han.

Usman Mushtaq, statssekretær, Helse- og omsorgsdepartementet (Ap) i Debatten

Usman Mushtaq frå Arbeidarpartiet er statssekretær.

Foto: Amanda Iversen Orlich / NRK

Han meiner regjeringa jobbar på den mest effektive måten å få mindre forureining av PFAS i miljøet, og i oss menneske.

Alle erfaringane vi har, tilseier at heilt særnasjonale tiltak er krevjande og tar lengre tid å innføre, og kjem til å ha liten effekt. Det viktigaste vi kan gjere er å få stans i produksjonen, i bruk og utslepp internasjonalt.

Mushtaq seier at det også blir jobba med forsking på PFAS her i Noreg.

Sånn at vi kan få eit betre grunnlag for å vurdere type tiltak som kan gjerast saman med andre EU-land og internasjonalt. Det er det som kjem til å sørge for at vi får mindre miljøforureining av PFAS.

Publisert 26.12.2024, kl. 18.46

Read Entire Article