Det var laurdag formiddag at politiet meldte om ein hyttebrann i Orkland i Trøndelag.
Inne i hytta låg brørne Marius og Petter Nilsen og sov.
– Eg vakna av at pappa ropte at vi må kome oss opp og at det brenn, fortel Petter.
– Og så opna eg døra på soverommet og da ser eg rett og slett at heile stueveggen står i brann.
Dei tre kom seg raskt ut av hytta og i tryggleik. Utanfor måtte dei stå i berre underbuksa og sjå på at hytta brann ned.
Adresseavisen omtalte saka først.
Hytta blei raskt overtent.
Foto: Privat– Det var heilt sinnssjukt
Nilsen fortel at brannen raskt spreidde seg til resten av hytta.
– Det var heilt sinnssjukt. Det gjekk så fort!
– Vi stod der i berre boksaren og måtte gå lenger og lenger unna for det blei varmare og varmare.
Brørne sin tante og onkel har hytte like i nærleiken. Onkelen kom raskt løpande til staden.
– Og da ser eg at han spring mot hytta og er klar til å springe rundt, sjølv om det var dritvarmt og han kom til å brenne seg. Han trudde jo at vi var inne i hytta, seier Petter.
Dei fikk snart kontakt med onkelen.
– Den letta i ansiktet hans når vi plystra på han og han såg oss tre som stod der ved trampolinen, ho kan ikkje beskrivast.
Brannen spreidde seg ikkje til terrenget rundt hytta.
Foto: Privat– Det er heilt forferdeleg
Hytta brann raskt ned til grunnen.
– Det er ikkje noko håp om å redde nokon verdiar, fortalde Frank Hansen ved 110-sentralen til NRK like etter at brannvesenet kom til staden.
Far Kristian Nilsen fortel at han bygde hytta sjølv for 19 år sidan.
Laurdag måtta han sjå på at hytta brann ned til grunnen.
– Det er jo heilt forferdeleg, seier han.
– Vi har brukt mykje tid der og lagt ned mange tusen timar med arbeid.
Kva som er årsaka til brannen er førebels ikkje kjent.
Foto: PrivatHan fortel han er glad dei kom seg ut i tide utan at nokon blei skadd.
– Det er ein rar situasjon og ein følelsesmessig påkjenning. Men det er det at vi kom oss ut som er det viktigaste, seier faren.
Han seier situasjonen viser kor viktig det er med utstyr som varslar om brann.
– Å ha varslingsanlegg er det viktigaste, mykje viktigare enn sløkkeutstyr. For vår del hadde vi ingen moglegheit til å sløkke brannen.
– Uverkeleg
Når NRK snakkar med Petter og Kristian søndag morgon har det gått nesten eit døgn sidan den dramatiske hendinga.
Petter fortel at det er vanskeleg å ta innover seg kva det er som har skjedd.
Både Petter og Kristian Nilsen er glad ingen blei skadd i hendinga.
Foto: Privat– Det følast jo litt uverkeleg.
– Da vi køyrte heim frå hytta i går, så kjendest det som vi berre hadde låst hytta og dratt heim, ikkje som at ho faktisk ikkje var der lenger.
Årsaka til brannen er førebels ikkje kjent.
Publisert 29.06.2025, kl. 10.40 Oppdatert 29.06.2025, kl. 10.56