Måtte gi NRK-eksperten «vaksenopplæring»: – Han var ikkje kapabel til å stå

2 hours ago 1



– Det var ein forvaksen fyr på åtte månader som prøvde å lære seg å gå, seier Even Wiger.

Det er NRK-ekspert Kristoffer Løkberg han skildrar.

Fredag 1. mai var han til stades under Grue halvmaraton for å heie fram sonen sin.

Men da den tidlegare fotballspelaren og noverande fotballeksperten kom slentrande, måtte Wiger frå Grue trø støttande til.

– Det kom ein i blå T-skjorte som brukte heile sykkelstien, og det var jo på ein måte litt sånn sjanglete joggeteknikk eigentleg, seier Wiger om augeblinken da ein førebels så vidt springande Kristoffer Løkberg mot han.

– Da han kom til der eg stod, så klarte han ikkje å stå på beina lenger. Han datt rett føre føtene mine.

Wiger fortel at Løkberg prøvde å reise seg fleire gonger, men at han ikkje var i nærleiken av å klare å komme seg på føtene for eiga maskin. Så høyrde Wiger at Løkberg ropte: «Hjelp meg».

Da trødde Wiger til.

Kristoffer Løkberg ligger på en feltseng og er helt utmattet.

KOLLAPSA: Kristoffer Løkberg måtte ta seg ein skikkeleg timeout etter

Foto: Privat/Ulrik Balstad / Privat

– Måtte gi «vaksenopplæring»

Kristoffer Løkberg hadde mål om å springe sitt første halvmaraton på 1 time og 15 minutt. Det gjekk ikkje.

I NRK-podkasten Bakrommet fortel Kristoffer Løkberg om hendinga sjølv.

– Eg undervurderte kor langt tre kilometer er når du har sprunge 18. Da gjekk eg rett i bakken 500 meter før mål, seier Løkberg.

Vidare fortel Løkberg at han også rakk å bli sint på hjelparen sin på dei 500 meterane han fekk hjelp.

– Eg hugsar at eg blei fruktbart sint, for eg nekta å bli hjelpt liksom. Så eg ropte til han: «slepp meg, slepp meg». For eg skulle klare det sjølv, men eg trur eg må sende ein takk til han som eg ikkje veit kven er.

Even Wiger bekreftar at Løkberg var ganske fyrig.

– Eg ville faktisk ikkje sleppe han, for hadde han falle på asfalten der, så kunne han ha skadd seg. Eg valde å halde tak i han litt hardt. Eg er vel ein vaksen fyr, så eg tenkte at han ikkje måtte skade seg. Så eg måtte gi litt vaksenopplæring på slutten der da. Men det gjekk bra, eg trur han skjønnar det i ettertid. For han var ikkje kapabel til å springe sjølv, seier Wiger og ler.

– Kjenner det framleis

Med litt støtte frå ein stødig kar frå Grue klokka Løkberg inn på 1:18,25 i halvmaratondebuten.

En mann med brunt hår og skjegg smiler mot kameraet. Han har på seg en mørkegrønn jakke over en hvit t-skjorte. Mannen står foran en nøytral bakgrunn. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

NRK-EKSPERT: Kristoffer Løkberg er fotballekspert i NRK.

Foto: Robert Rønning / NRK

I målområdet fekk Løkberg hjelp frå Røde Kors-mannskapet og etter ein time med intravenøs væske, så var han oppe på føtene igjen.

Men sjølv måndag, tre dagar etter løpet, kjenner han at det sit i.

– Det kjennest framleis ut som nokon har slått med hammar på låra mine gjennom eit heilt døgn, seier Løkberg i podkasten.

Fotballpodkasten Bakrommet publiserer ein ny episode kvar måndag. Her kan du høyre den siste:

Publisert 05.05.2026, kl. 19.44 Oppdatert 05.05.2026, kl. 19.49

Read Entire Article