Det var ein heilt anna type rushtrafikk som råka varebilsjåføren i Oslo.
Det var i oktober 2025 at mannen i 50-åra fekk eit ekstremt prekært behov på E18 i Oslo.
Han sat bak rattet på ein varebil, men i ettermiddagsrushet ut av hovudstaden gjekk det svært seint.
Samstundes var det noko heilt anna som akselererte. Mannen var han nemleg temmeleg dårleg i magen.
– Ei utblåsing frå det lågare sjiktet, som ikkje berre var tomluft, gav han ei klar aning om at noko substansielt var på veg, heilt umiddelbart, skriv Oslo tingrett om den heilt spesielle situasjonen sjåføren var i.
Bytta fil
Litt lenger framme kunne han sjå «lyset» i form av ein bensinstasjon.
Men då måtte han bryte lova.
Varebilsjåføren la seg over i kollektivfeltet og køyrde dei 50–100 meterane fram til bensinstasjonen.
Bak han kom ein politibil.
Men sjåføren fekk springe på do mot at han la att telefonen.
Naudrett eller naturens gang?
No har den spesielle situasjonen altså blitt mat for retten.
For kan eit så prekært behov dekkast at naudretten?
I norsk lov heiter det at ei handling, som elles ville vore straffbar, kan vera lovleg om handlinga skjer «for å redde liv, helse, eiendom eller annen interesse fra en fare for skade som ikke kan avverges på annen rimelig måte» (straffeloven paragraf 17, bokstav a).
– Det sentrale spørsmålet er om det å gjere frå seg i buksa, medan ein køyrer, utgjer skade på «eigedom eller annan interesse», skriv dommaren i Oslo tingrett og legg til at det ikkje er funne liknande rettspraksis.
Ikkje nok press
Rettens vurdering av den akutte situasjonen på E18 er «nei».
– Etter retten sitt syn ligg det eit større alvor i naudrettsbestemmelsen enn det presset N.N vart utsett for, er den korte og konsise konklusjonen.
Oslo tingrett meiner det i andre tilfelle vil bli for lett å «sno seg unna» om ein kan skulda på «prekære toalettbehov».
Dei forstår likevel at varebilsjåføren ville prøve dette for retten.
– Ei underbukseulukke kan opplevast svært vanskeleg og det er for retten ikkje uforståeleg at hans rettskjensle tilsa straffriheit ved naudrett.
Mannen slepp difor å betale sakskostnader, men den pressa turen i kollektivfeltet kostar han likevel 10.000 kroner i bot.










English (US)