Matprisane krev regulering, ikkje moralisering

2 hours ago 3



Ingrid Fiskaa, næringspolitisk talsperson i SV. Foto: Ole Berg-Rusten, NTB

Det er ikkje forbrukarane som treng ei lekse, men daglegvaregigantane.

Publisert: 05.03.2026 23:00

Når Aftenposten-kommentator Joacim Lund avviser SV sitt forslag om ein prisportal for mat og ber folk «bruka hovudet» for å handtera høge matprisar, flyttar han ansvaret frå system til forbrukar. Kvifor vil Lund så gjerne unngå meir openheit?

Tre daglegvarekjeder kontrollerer det meste av verdikjedene for mat i Noreg. Resultatet er høge og uforståelege prisar, dårleg utval og pressa produsentar.

SV vil bryta opp denne makta ved å skilja grossist og distribusjon frå butikk. Når marknadsmakta blir for stor, må demokratiet setja grenser. I mellomtida treng vi meir openheit. Erfaringar frå andre land viser at krav til prisrapportering gir betre prissamanlikningar og reduserer prisane. Både Forbrukarrådet og Konkurransetilsynet meiner ein prisportal kan fungera med rette rammer.

Det er vanskeleg å forstå kvifor forbrukarane skal skjermast frå prisinformasjon når kjedene allereie kjenner kvarandre sine prisar. Det er lite som tyder på at kjedene har slutta å overvaka kvarandre.

Tidlegare løysingar var svake, men teknologien har utvikla seg. Sanntidsdata og komplekse prismodellar blir brukte i ei rekke bransjar. Daglegvarebransjen kan òg klara det. Dersom vi er bekymra for ytterlegare prissamarbeid, kan prisane publiserast med noko forseinking.

SV vil ha ein uavhengig, offentleg portal med standardiserte kategoriar og klare rapporteringskrav, ikkje ei bransjestyrt løysing. Løysinga er ikkje mindre openheit, men smart regulering. Det er ikkje forbrukarane som treng ei lekse, men daglegvaregigantane.

Read Entire Article