Massedød rammar lundefuglar – forskar fryktar nytt tilbakeslag

3 hours ago 2



Dei døde lundefuglane som vart funne på Sunnmøre i januar og februar, hadde ikkje fugleinfluensa. Det viser prøvane Veterinærinstituttet har analysert.

Først vart det meldt om ti døde fuglar, men etter kvart auka talet.

Etter at saka fekk merksemd i media, har Runde Miljøsenter fått meldingar om døde lundar frå andre delar av landet.

– Folk tok kontakt heilt frå Rogaland til Troms, men aller flest funn er gjorde på Sunnmøre, seier forskar og marinbiolog Christoph Noever.

Av dei 29 døde lundane som er rapporterte, er 22 funne der.

Christoph Noever under feltarbeid i Borgundfjorden for to uker siden.

Christoph Noever er forskar ved Runde Miljøsenter​​​​​​​.

Foto: Arild Hareide / Arild Hareide

Fryktar mørketal

Han trur det reelle talet er langt høgare.

– Berre ein del av fuglane driv i land. Endå færre blir funne og rapporterte. Vi snakkar truleg om fleire hundre døde lundefuglar.

Oversikt over hvor det er funnet døde lundefugler i Norge

Kartet viser kvar dei døde lundefuglane er funne.

Grafikk: Kartverket/Runde Forsking

Trur ekstremvêr er årsaka

Lundane som hekkar på fugleøya Runde på Sunnmøre, kjem vanlegvis i mars. Når så mange no er funne døde før hekkesesongen, tyder det på at noko har gått gale ute på havet. Om vinteren lever lunden langt til havs.

– Ekstremvêr ute på havet er den mest sannsynlege forklaringa, seier Noever.

Dei døde fuglane skal no dissekerast, og alder, tilstand og mageinnhaldet skal bli undersøkt for å finne ut meir om dødsårsaka.

– Dersom det er dårleg vêr over lange periodar, klarer dei ikkje å fange mat når sjøen er for uroleg. Då kan dei bli utslitne og drivne mot kysten. Dei kan ha døydd av stormane i kombinasjon med matmangel, seier han.

Johannes Madsen fra Runde miljøsenter peker på området der det er funnet død lundefugl.

Johannes Madsen frå Runde Miljøsenter peikar mot området ved Rundebrua, der det er funne fleire døde lundefuglar.

Foto: Arne Flatin / NRK

Trur dei kan ha sett seg fast i garn

Ornitolog Alv Ottar Folkestad i Birdlife Noreg trur det kan ha ei heilt anna forklaring.

Han har sett seks av dei døde lundane som vart samla inn på Runde. Han seier at ingen av dei var i svært dårleg kondisjon eller så avmagra at det kunne føre til død.

– Det er også mogleg at dei har gått seg fast i fiskegarn, sidan det har vore ein del fiske i denne perioden. Det har ikkje vore sterke stormar i nærområdet den siste tida, seier han.

Ornitolog Alv Ottar Folkestad

Alv Ottar Folkestad seier dei døde lundefuglane vog litt mindre enn normalvekta, og at mange var uvanleg små samanlikna med fuglane som hekkar på Runde. Dei kan derfor vere frå ein annan bestand.

Foto: Arne Flatin / NRK

Massedød i fleire land

Det er ikkje berre i Norge det blir meldt om døde lundar. Også i Portugal, Spania, Frankrike og Storbritannia er det gjort mange funn, fortel Noever.

– Det er snakk om fleire tusen, kanskje opp mot 10.000 døde lundar. Det ser ut til å vere ein svært omfattande massedød i Nordaust-Atlanteren denne vinteren.

Ifølge forskaren blir massedøden knytt til ein periode med mange kraftige vinterstormar tett etter kvarandre.

  • Lundefugl, ingress

    Ifølge Artsdatabanken gikk lundefuglbestanden på Runde tilbake med rundt 50 prosent i perioden 1980–2019.

    Foto: Svein-Håkon Lorentsen / Privat
  • Lundefugl set på ein stein på Runde

    Matfatet er styrt av klimavariasjoner som er vanlige på våre breddegrader, men også klimaendringer.

    Foto: Jannicke Farstad / NRK
  • Lundefugl på Runde, 2017

    Sil er viktige næring for mange fiskeslag, og er svært viktig næring for mange sjøfugler, spesielt for den sterkt truede arten lundefugl.

    Foto: Ingar Støyle Bringsvor
  • Lundefugl

    Lunden har et karakteristisk nebb, og kalles også for sjøpapegøye.

– Klimaendringar gir meir intense vinterstormar

Massedød av lundar om vinteren har blitt vanlegare dei siste tiåra. Forskaren seier at vinterstormane har blitt meir intense som følgje av klimaendringar.

– Slike massedødsfall skjer oftare no. Men det som skjer i år, er truleg ein av dei største hendingane på over ti år, seier han.

Fuglane som er funne i Noreg, treng ikkje å tilhøyre hekkebestanden på Runde.

– På same måte veit vi ikkje kor mange av fuglane som er funne døde i andre land, som kan vere «våre». Men massedød i eit slikt omfang kan få merkbare konsekvensar for norske bestandar.

Folkestad seier at ein må vere varsam med konklusjonane.

– Det er viktig å følgje utviklinga tett og byggje på konkret kunnskap. Eg vil vere forsiktig med å dramatisere dersom vi ikkje har grunnlag for det, og ser fram til resultata frå undersøkingane av dei døde fuglane.

Død lundefugl funnet på stranda på Runde

Fleire fuglar er funne på stranda på Runde.

Foto: Runde miljøsenter

Fryktar nytt tilbakeslag for lunden

Sidan slutten av 1900-talet har lundebestanden minka kraftig. No er det om lag 46.000 par med lundefugl som hekkar på Runde, ifølge Noever. Etter betre ungeproduksjon de siste 5–6 årene, her ein sett ein sakte oppgang.

Oppgangen kom etter fleire år med god tilgang på sil, som er viktig mat for sjøfugl. No er silbestanden sterkt redusert. I fjor døydde nokre lundeungar på Runde av matmangel.

Lundefugl i Lundeura 2024

No fryktar forskaren at den sterkt trua bestanden skal få eit nytt tilbakeslag.

– Det kan gå veldig fort at den positive trenden snur igjen. Det er det vi er bekymra for.

Ikkje bekymra

Folkestad er derimot ikkje så bekymra.

– Det vil alltid vere dødelegheit i løpet av året, og kanskje særleg i vinterhalvåret. Det må vi rekne med. Normalt ligg årleg dødelegheit på mellom fem og 10 prosent. Når ein reknar det ut for ein stor bestand, blir det ein del fuglar.

Noever peiker på at dersom ein både får fleire år med høg vinterdødelegheit og dårleg hekking, kan situasjonen raskt bli alvorleg,

– Då ser det dessverre ikkje bra ut for lundebestanden, seier han.

Død lundefugl

Dei døde fuglane skal no dissekerast.

Foto: Arne Flatin / NRK

Publisert 22.02.2026, kl. 16.45

Read Entire Article