Martine (24) fekk fiskebein i halsen: – Eg fekk heilt panikk

1 hour ago 2



– Eg prøvde å svelge og svelge, sjølv om det gjorde vondt. Eg fekk jo heilt panikk, seier Martine Elviken Finnkroken (24).

I nesten eit halvt døgn sat fiskebeinet fast i halsen hennar.

Martine hadde ete fiskefilet som var merkt «utan bein»

– Eg ønsker at folk skal vere obs på at fisken likevel kan innehalde bein.

– Frykt i auga

Ein sein januarkveld stikk Martine innom foreldra sine etter ein lang arbeidsdag. Ho slenger seg ned i sofaen. Dei ser på TV.

Ho har laga middag på førehand. Laksefilet med poteter og grønsaker.

Martine tar ein stor bit med mat i munnen. Plutseleg kjenner ho eit fiskebein.

Ho blir litt irritert. Laksefileten ho har kjøpt, skal vere utan bein og skinn. Ho har ete det fleire gonger tidlegare. Seinast dagen før.

24-åringen plukkar beina ut av munnen. Legg det på sida av tallerkenen. Før ho tygg på resten og svelger.

Då kjenner ho det plutseleg. Eit fiskebein til. Det set seg fast i halsen.

En ung kvinne peker på halsen sin der et fiskebein satte seg fast.

Martine peikar på kor i halsen fiskebeinet sette seg fast.

Foto: Hallgeir Braastad / NRK

– Eg begynner å hoste for å få det opp. Men det går ikkje. Eg prøver å svelge det ned. Då set det seg berre fast lenger nede i halsen, fortel Martine.

Panikkjensla breier seg. Same kva ho gjer, sit beinet bom fast.

Og når ho snakkar eller svelger, kjennest det som om ein kniv stikk på innsida av halsen.

– Eg føler at eg ikkje får puste, og at eg ikkje klarer å svelge.

Etter minutt med full panikk og hylgrining ringer Martine til legevakta.

Ho får beskjed om å komme med éin gong.

Sendt heim med bein i halsen

På legevakta såg dei ned i halsen hennar.

Men dei kunne ikkje hjelpe.

– Dei såg liksom tuppen på beinet, men det var ganske langt ned, fortel Martine.

Ho fekk vite at det kunne bli nødvendig med narkose. Og legevakta kontakta Akershus universitetssjukehus (Ahus).

Ho fekk beskjed om at sjukehuset ikkje kunne ta henne imot før morgonen etter.

Da blei Martine ganske oppgitt. Ho følte at ho ikkje blei tatt seriøst.

– Den panikkjensla eg fekk, unner eg ingen.

En ung kvinne med blondt, langt hår sitter ved et bord. Hun har solbriller festet i håret og har på seg en grå jakke.

Foto: Hallgeir Braastad / NRK

– Mykje tankar og stress

Det blei ei søvnlaus natt på sofaen.

I sittande stilling sov ho maks 40 minutt.

– Eg var så redd for at eg skulle vakne opp og at beinet skulle sette seg endå meir fast.

Ho opplevde det traumatisk. Kjende blant anna at det blei vanskeleg å puste.

– Eg fekk ei sånn tung kjensle i brystet for at eg ikkje klarte å fungere som normalt.

– Det er den mest ubehagelege natta eg har hatt nokosinne.

Lirka opp gjennom nasen

Morgonen etter møtte Martine opp på Ahus.

Her fekk ho eit kamera opp gjennom nasen. Legen fann beinet som hadde sett seg fast.

Martine peker på hvor i halsen fiskebeinet satt fast da hun vær på Akershus universitetssykehus (Ahus)

Martine peikar på kor i halsen fiskebeinet var då ho var på sjukehuset.

Foto: Hallgeir Braastad / NRK

Først blei det prøvd å få tak i det med ei lita klype gjennom nasen. Det gjekk ikkje.

Då prøvde dei via munnen med ein slange, men Martine begynte å brekke seg.

Fleire legar kom til.

Og plutseleg klarte dei å lirke fiskebeinet ut gjennom nasen hennar likevel, fortel Martine.

Kva sa legane på sjukehuset om størrelsen på dette beinet?

– Dei sa det var rundt tre centimeter langt og ganske tynt.

Martine slapp narkose. Alt var over på ein times tid.

– Då hadde eg så mykje adrenalin at eg ikkje hugsar så ekstremt mykje. Berre at det var godt å kunne få svelge igjen.

Bildet viser ansiktet til en ung kvinne som er blålig i ansiktet.

Martine var medtatt då ho kom heim frå sjukehuset.

Foto: Privat

Kjent problem

Martine er ikkje den einaste som har hamna på Ahus etter at fiskebein har sett seg fast i halsen.

Sjukehuset har ikkje nøyaktige tal, men fortel at litt over 100 pasientar kvart år hamnar på øyre-nase-halsavdelinga for å få fjerna ulike framandlekamar i luftvegane.

– Fleire av pasientane som kjem og trur dei har noko der inne, mistenker at det er fiskebein, opplyser avdelinga.

Kritiserer sjukehuset

Det tok nesten eit halvt døgn før Martine fekk hjelp med å fjerne fiskebeinet.

– Det er heilt sjukt at eg måtte ha det i halsen i elleve timar, seier Martine.

Ho meiner Ahus kanskje burde tatt henne imot med ein gong og sjekka.

– Då hadde dei spart meg for desse trauma. Det har jo gitt meg ei rimeleg stor frykt for å ete fisk igjen.

Bildet viser inngangspartiet til et sykehus

Foto: Rolf Petter Olaisen / NRK

Som oftast ikkje farleg

Å få eit fiskebein i halsen er som oftast ikkje farleg.

Men det kan vere ubehageleg, opplyser avdelingsleiar Ivar Bjarmann Vølstad, ved øyre-nase-halsavdelinga på Ahus.

Det kan gi ein skarp eller stikkande smerte, og mange opplever ei kjensle av at noko sit fast.

Han opplyser at kjensla og ubehaget kan fortsette også etter at fiskebeinet allereie har losna eller passert vidare.

Viss beinet kjem ned i magen, blir det som regel brote ned utan å gi fleire plager.

I dei aller fleste tilfella går plagene over av seg sjølve.

Berre unntaksvis kan eit fiskebein som sit fast i svelget, eller som lagar ei djupare rift i slimhinna, føre til meir alvorlege problem.

Ein bør kontakte lege, om det framleis er vanskar med å svelge, blodig spytt, feber eller smerter som ikkje gir seg.

– Bør merkast betre

Fisken Martine åt, var naturell laks frå Lerøy. I hjørnet på framsida var han merkt «Utan bein – Utan skinn».

  • Bildet viser en pakning med Laksefilet fra Lerøy. Den er på 500 gram og inneholder fire porsjoner. Oppe i venstre hjørne er det merket uten bein og uten skinn.

    Slik ser laksepakningen ut på framsiden.

    Foto: Jens Christian Sundby / NRK
  • På bildet ser man litt av laksepakningen på framsiden. Oppe i venstre hjørne er den merket uten bein og uten skinn.

    Oppe i venstre hjørne er pakningen merket på denne måten

    Foto: Jens Christian Sundby / NRK

Men på baksida av pakninga står det med lita skrift «OBS Små bein kan førekomme».

Bildet viser baksiden på en lakepakning fra Lerøy.

Slik er laksepakninga merkt på baksida.

Foto: Jens Christian Sundby / NRK

Det hadde ikkje Martine lese. Det angrar ho på.

– Eg synest at dei burde merke det betre på framsida av pakninga. At enkelte bein kan førekomme. Ikkje på baksida.

Martine meiner det var «flaks» at det skjedde med henne. At det ikkje var eit lite barn som sette eit fiskebein i halsen.

– For dei kan jo ikkje alltid seie frå eller gjere greie for seg. Og da kunne det gått mykje verre.

Lerøy beklagar

Sjømatselskapet Lerøy meiner det er uheldig at Martine opplevde det ho gjorde etter å ha ete laks frå dei.

– Det beklagar vi, seier Anne Hilde Midttveit, leiar for berekraft og kvalitet i Lerøy Seafood Group ASA.

Ho fortel at merkinga av fiskepakninga er i tråd med standarden som er etablert.

Men at dei vil sjå nærare på om informasjonen på pakninga kan bli tydelegare.

– Tygg ekstra godt

Martine har ikkje ete fisk sidan ho sette fiskebeinet i halsen.

Tør du å stole på beinfrie fiskefiletar etter dette?

– Nei, det gjer eg ikkje.

Men ho har bestemt seg. Ho skal ete fisk igjen.

En ung kvinne med langt, blondt hår står ved en salatdisk. Hun ser inn i kamera.

Foto: Hallgeir Braastad / NRK

To ting har historia lært henne.

Ho vil lese meir på pakningar til maten ho kjøper.

Og ikkje minst.

– Nå tygg eg alle store bitar ekstra godt. Eg vil ikkje sette noko meir fast i halsen, avsluttar Martine Elviken Finnkroken.

Publisert 21.02.2026, kl. 15.26

Read Entire Article