– Det er trist og vondt, seier Martin Barstad.
Han er ein av dei 435 tilsette som er råka av konkursen i entreprenørselskapet Bertelsen & Garpestad.
Onsdag blei dei slått konkurs med ei gjeld på nesten 1,5 milliardar kroner i gjeld. Dei bad sjølv om å bli slått konkurs.
I to år har verksemda på Eigerøy i Egersund vore arbeidsplassen til Barstad. Der har han transportert anleggsmaskinar og utstyr til lokasjonar i heile landet.
I dag møtte han gode kollegaer for å snakke om konkursen og vegen vidare.
– Vi har vore ein god gjeng i lag og snakka og hatt det sosialt. Folk er triste og leie seg. Men vi har bygd kvarandre opp trass i det triste som har skjedd, seier han.
Fleire har registrert seg hos Nav
NRK var onsdag morgon på hovudkontoret til Bertelsen og Garpestad, men lukkast ikkje å få leiinga i tale.
Leiinga i Bertelsen & Garpestad sat i møter då NRK var på hovudkontoret onsdag.
Foto: Magnus Stokka / NRKTilsette har allereie byrja å registrere seg som arbeidsledige hos Nav i Egersund, seier avdelingsdirektør i Nav Rogaland, Egil Tengs til NRK.
– Vi ventar på at buet avgjer om arbeidsforhold skal avsluttast. Når det er over ti personar har dei varslingsplikt til Nav, seier han.
– Dette er berre trist og alvorleg. Først og fremst er det jo dei tilsette som må ivaretas nå, seier Eigersund-ordførar Anja Hovland (Høgre).
Ordførar i Eigersund, Anja Hovland.
Foto: Magnus Stokka / NRKSjølv om konkursen skaper uvisse for dei tilsette, er det lyspunkt i arbeidsmarknaden i Rogaland. Tal frå Nav viser at etterspurnaden etter folk i bransjen framleis er høg.
– Budskapet vårt er at arbeidsløysa over tid har vore på eit lågt nivå, og det er stor etterspurnad etter arbeidskraft, seier Tengs.
I februar var det 516 ledige stillingar innan bygg og anlegg i fylket.
Statens vegvesen har stansa fleire prosjekt
Entreprenøren har avdelingar frå Finnmark i nord til hovudkontoret i Egersund i sør og 21 pågåande prosjekt i store delar av Noreg.
Bertelsen & Garpestad AS har fleire pågåande prosjekt lokalt i Rogaland der dei har hovudkontor.
Men oppbodet råkar også prosjekt andre stader i landet. Som E18 Langangen-Rugtvedt og E134 Røldal - Seljestad.
I Midt-Noreg blir blant anna bypakken i Ålesund råka.
I nord er dei blant anna hovudentreprenør på E8 Sørbotn - Lauksett som etter planen skal stå ferdig i juni 2027.
Dei er hovudentreprenør på 17 av dei pågåande prosjekta.
I tre av desse er Statens vegvesen byggherre.
Blant anna E134 Røldalstunnelen, ein kontrakt med ein totalverdi på 2,8 milliardar kroner som etter planen skal vere ferdig i januar 2031.
Arbeidet med tunnelen frå Seljestad til Røldal starta i fjor. Den skal etter planen vere ferdig om fem år. Nå er prosjektet stansa. Bilete er teke på Seljestad.
Foto: Olav Røli / NRKVegvesenet uttaler at dei har vore klare over dei økonomiske utfordringane i Bertelsen & Garpestad ei stund.
– Det er beklageleg at B&G ser ut til å gå mot konkurs. Selskapet har vore inne i mange av våre prosjekt. Entreprenøren har gjort ein veldig god jobb. Så har det jo vore nokre få konfliktar. No arbeider vi med å skaffe oss eit godt oversyn over situasjonen og kva konsekvensar dette kan få for våre prosjekt, seier utbyggingsdirektør Kjell Inge Davik.
Trass i dei økonomiske utfordringane har det aldri vore aktuelt for Vegvesenet å utestengje selskapet frå konkurransar.
– Selskapet har vore innanfor våre krav om lønsemd. Vi har hatt ein beredskap. No arbeider vi med å finne løysingar for dei ulike prosjekta som er råka av konkursen, seier Davik.
Vil ta tid å få oversikt
I Troms har fylkeskommunen vore i hastemøte om prosjektet Tromsøtunnelene onsdag. Samferdselssjef Bjørn Kavli seier der gjer det dei kan for å sikre tunnelområdet fysisk.
– Vi har sagt til bustyrar at vi ønsker ei hurtig avklaring. Vi veit ikkje om det blir forseinkingar i prosjektet, seier han.
Prosjektet skal etter planen vere ferdig denne våren.
Advokat Magnus Jonsbråten er oppnemnt som bustyrar.
– Nå vil vi prøve å få oversikt over situasjonen. Vi har hatt ein runde med banken og skal ha ein runde med administrasjonen, seier han til NRK.
Advokat Magnus Jonsbråten er bustyrar.
Foto: Magnus Stokka / NRKÅ få oversikt vil ta noko tid, seier Jonsbråten som beskriv det som ein veldig stor konkurs lokalt.
– Vi vil prøve å hjelpe dei tilsette så godt som mogleg i forhold til dei lønnskrava som måtte vere der, seier han.
Dei tilsette har krav på opparbeida lønn og feriepengar. Dei har også krav på lønn i oppseiingstida etter lønnsgarantiordninga, forklarer bustyraren.
Brua over Ramfjorden i Troms er del av E8-prosjektet til Statens vegvesen der Bertelsen & Garpestad er hovudentreprenør.
Martin Barstad trur arbeidsgjevaren kan oppstå på ny.
– Eg håpar det. Også håpar eg at mange ser at det er vanvitig mange gode folk her, eit godt samhald og stå på vilje, seier han.
Ålesund-prosjekt blir forsinka
Prosjektet Blindheim–Flisnes i Ålesund kommune omfattar både ny fylkesveg, oppgradering av fleire lokale vegar og store omleggingar av infrastruktur.
Utbygginga blir forsinka som følgje av Bertelsen & Garpestad-konkursen.
– Blindheim–Flisnes-prosjektet i Bypakke Ålesund blir forsinka. Kor store konsekvensar det får for framdrifta, er for tidleg å seie på noverande tidspunkt, seier prosjektleiar Torbjørn Vatnehol i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Torbjørn Vatnehol er prosjektleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Foto: Roar Jonny Strøm / NRKProsjektet skulle vore ferdig til hausten. Mykje av grunnarbeidet er ferdig. Arbeidet er over halvvegs, anslår Vatnehol.
– Er det enkelt for eit anna firma å ta over?
– Det er ordinært anleggsarbeid, så såleis er det mange som kan vere aktuelle. Det som er viktig, er å finne den rette måten og prosessane for å kome i gang med arbeidet igjen.
Vatnehol vil ikkje kommentere om Bypakke Ålesund vil bli økonomisk skadelidande som følgje av konkursen. Bypakke Ålesund har ikkje betalt for arbeid som ikkje er utført, forsikrar Vatnehol.
Tapte rettssak i fjor
Hausten 2025 tapte entreprenørselskapet ei rettssak der dei kravde rundt 300 millionar kroner ekstra frå Statens vegvesen i samband med bygginga av den nye hovudvegen mellom Hjelset og Lønset på Sunnmøre.
Då vann Statens vegvesen, og Bertelsen & Garpestad måtte betale dagmulkter på over 18 millionar kroner og 6,5 millionar i sakskostnader til staten ved Samferdselsdepartementet. Entreprenøren måtte òg dekkje kostnader knytte til fagkunnige meddommarar.
Publisert 04.03.2026, kl. 15.34 Oppdatert 04.03.2026, kl. 16.47















English (US)