Märtha og Durek om prinsesse­monogrammet: – Vi fant det naturleg at det skulle pryde flaska

1 month ago 21



Tidlegare i sommar lanserte Märtha Louise (52) og Durek Verrett (49) sin eigen bryllaupsgin. Både på nettsida til produsenten og på flaska sto det: «Ginen blei laga til bryllaupet til prinsesse Märtha Louise og Durek Verrett».

Like etterpå stansa Vinmonopolet salet av ginen, og Helsedirektoratet varsla at dei skulle opprette tilsynssak.

Det har Märtha Louise og Durek Verrett no svart på.

I eit ferskt brev til Helsedirektoratet skriv Märtha Louise og Durek Verrett at dei har kjent produsenten, Oslo Håndverksdestilleri, i mange år.

gin vinmonopolet

Foto: Tom Balgaard / NRK

Det var i 2023 at dei først fekk ideen om at dei ville produsere ein gin eller kanskje ein akevitt til bryllaupet.

Prinsessa hadde fleire møter saman med produsenten. I brevet står det at det var viktig for Märtha Louise at dette var ein Pink Gin med ei tydeleg retning mot bær.

Durek Verrett var for tida i USA og var svært interessert og delaktig i prosessen. Han hadde spesielt synspunkt på designet av flaska og korleis ho skulle sjå ut.

Monogrammet

På etiketten til ginen var også parets monogram, som er utarbeida spesielt for bryllaupet.

Men Märtha Louise har ikkje lov til å bruke prinsessetittelen i tilknyting til kommersiell aktivitet. Prinsesse Märthas manager, Carina Scheele Carlsen, sa i juni til VG at det hele var ein feil.
– Her blei det dessverre ein glipp, og derfor er nå tittelen fjerna på nettsida, og den vil bli fjerna på neste batch også på flaskene, skreiv ho i ein SMS til VG.

Flaske gin med et rosa monogram med bokstavene med M og D.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

I brevet til helsedirektoratet står ingenting om prinsesse-tittelen, men det står vidare at det mykje omtala monogrammet på flaska ikkje var tenkt å skulle bli brukt i andre kommersielle samanhengar.

– At eit brudepar lager sin eigen etikett er svært vanleg i vår tid og sjølve monogrammet er utarbeida av eit designbyrå i samarbeid med PML og DV. Vi fant det naturleg at det skulle pryde flaska, står det i brevet.

Etiketten som prydet ginflansken.

Foto: Oslo Håndverksdestilleri AS

Publisert 06.08.2024, kl. 15.52

Read Entire Article