Maria Louise (32) blei gravid etter seks år: – Brukte heile dagen på å gråte

1 month ago 33



Maria Louise Ellingsen (32) har gledd seg lenge til å bli mor, og som 26-åring var ho klar til å starte.

– Det har alltid stått på lista, å bli mamma.

Ho var ung og hadde gode utsikter.

Men først skulle ho gjennom ei berg-og-dal-bane med spontanabortar, mislykka forsøk og mykje venting.

Seks år seinare, i april 2024, hadde ho vesle Jennie Eline i armane.

– På første møte, for dei rundt meg, så blei eg opplevd som litt kald og avskrudd i blikket. Og det var nok fordi eg ikkje var heilt til stades.

– Det tok meg lang tid å forstå at ho er komen til oss, seier Ellingsen.

Maria Louise Ellingsen frå Vesterålen blei gravid etter seks år med prøving, med lille Jennie Eline.

– Det kjennest eigentleg frå start som at det var ei lang reise, og så visste du ikkje kor endestasjonen var, seier Ellingsen.

– Det skjedde ingenting

Maria Louise Ellingsen og sambuaren Daniel Fiskum skulle eigentleg velje mellom to godar: Å bli gravid eller å gifte seg.

Dei gjekk for det første, men fullt så enkelt var det ikkje.

– Så gjekk tida, og så skjedde det ingenting.

Då starta prosessen med å få hjelp via IVF-behandling, eller prøverørsbefruktning som det også heiter, då det viste seg at dei var uforklarleg barnlause.

Og på første forsøk blei Maria Louise faktisk gravid. Dessverre varte det ikkje lenge.

Det var starten på ein lang og kronglete veg mot å få barn, med mange opp- og nedturar.

Bladet Vesterålen har tidlegare omtalt Maria og Daniel si reise.

Spontanabortar, infeksjon og Asherman

Ein dag mens Ellingsen stod og vaska eit par koppar på kjøkkenet, merka ho at noko var gale.

Ho fekk ein intens infeksjonskjensle med høg feber og frostrier. Det viste seg å vere ein infeksjon som følge av abort, for andre gong.

Ellingsen hadde abortert før. Den første gongen det skjedde fekk ho først ein biverknad av behandlinga, som gjorde at ho blei overstimulert.

Tilstanden kan bli alvorleg, og Ellingsen blei lagt inn på sjukehuset i ei veke med dren for å tappast av fagpersonell.

– Det er kanskje nokre av dei verste smertene eg har vore borti.

Til slutt gjekk det seg til, men like etterpå var det ikkje lenger teikn til liv i magen.

Maria Louise Ellingsen frå Vesterålen blei gravid etter seks år med prøving.

Ein del av behandlinga går ut på å ta hormonsprøyter, som skal bli sett i magen. Det er det Ellingsen gjer her.

Foto: Privat

Som eit resultat av dei to abortane, og spesielt den siste med infeksjon og utskraping, fekk Ellingsen Asherman syndrom.

Tilstanden skuldast arrvev i livmora og tynn slimhinne i hennar tilfelle.

Vinn eller forsvinn: – Som å vinne i lotto

I Noreg er det slik at ein får tre forsøk med prøverøyr i det offentlege. Går ikkje det, er det mogleg med privat behandling både her og utanlands.

Det kan koste fleire hundre tusen kroner og er med andre ord ikkje bekymringsfritt.

Men denne gongen var det ein glad beskjed frå St. Olavs-sjukehuset i Trondheim.

Paret hadde vore heldige med det siste offentlege egguttaket og fått heile ni embryo på frys. Det er nemleg ikkje alle embryo som er gode nok til å ta vare på.

Men dei som er det blir lagt på frys og kan brukast til framtidige nye forsøk.

Tidlegare hadde dei hatt tre eller fire.

– Då når vi fekk ni kjendest det som å vinne i lotto. Vi hadde plutseleg ni nye sjansar i det offentlege som låg i frysaren.

Beskjeden blei eit stort skilje for paret.

Eg trur eg nesten ropte i telefonen då eg fekk telefonen frå St. Olavs.

August det året sette dei inn det første av dei ni, som var Ellingsen sitt tiande innsett.

Det resulterte i den etterlengta dottera, Jennie Eline.

Jennie-Eline

Eitt av namna til Jennie Eline er oppkalla etter ein av legane som har følgt paret i prosessen.

Foto: Privat

Ho kom til verda ein måndag kveld. Men ikkje før på onsdagen den veka gjekk det opp for Maria Louise at dottera faktisk var der.

– Eg trur eg brukte heile dagen på å berre stå og grine. Eg stod på morgonen der ved senga og innsåg kor fin eg synest at ho var.

Daniel kom inn på rommet og skjønte at Maria Louise endeleg hadde forstått det.

Maria Louise Ellingsen frå Vesterålen blei gravid etter seks år med prøving.

Gleda var stor då det var Ellingsen sin tur til å ha babyshower.

Foto: Privat

Kanskje ved hjelp av Viagra

På sjukehuset i Trondheim fekk Ellingsen høyre i ei lita setning at ho var den første som fekk barn etter utprøving av ein ny medisin hos Fertilitetsseksjonen ved St. Olavs hospital i Trondheim.

Overlege Camilla Kleveland seier til NRK at dei no har fått fleire som har fått barn etter denne behandlinga.

– Det er utruleg kjekt at Ellingsen og familien endeleg har fått eit barn, kanskje med hjelp av Viagra.

Ja, du las rett: Viagra.

Men:

– Ein brukar ikkje konvensjonelle viagratablettar som hos menn, men spesielt tilpassa vaginaltablettar, framstilt av sjukehusapoteket, og kan berre brukast i samråd med fertilitetslege, seier Kleveland.

Ifølge ho er det no fleire studiar som har prøvd ut Viagra i forhold til å auke blodstraumen til livmora og for kvinner med tynn slimhinne ser dei ein effekt av denne medisinen.

– Behandlinga kan vere nyttig tilleggsmedisin for ei lita gruppe pasientar.

Ho forklarar at enkelte kan ha svært tynt endometrium, altså livmorsslimhinne, etter for eksempel utskrapingar eller samanvaksingar etter fødsel eller abort.

– Dette er ikkje ei stor gruppe, men det er svært vanskeleg for dei å bli gravide. Det er ei utfordrande gruppe å hjelpe, då vi har få behandlingsalternativ.

Denne tilleggsbehandlinga går ut på å bygge opp livmorslimhinna som vanleg, med for eksempel østrogentablettar eller plaster, og legg til vaginale viagratablettar for å betre blodtilførsla før ein set inn embryoet.

Fordi behandlinga er så samansett, kallar legane det ei tilleggsbehandling, og ikkje ein metode.

Maria Louise Ellingsen og dottera Jennie Eline.

– Du gir ikkje opp å tru at det skal gå, seier Ellingsen, sjølv om det ikkje har vore berre enkelt.

Foto: Privat

– Er nok litt uvanleg

I Noreg er det fødd nesten 40.000 barn med metoden i løpet av dei 36 åra som har gått sidan det første barnet blei fødd.

For unge kvinner, som Ellingsen var då ho starta, er det ikkje vanleg å måtte halde på med prøverøyrsbehandling så lenge.

– Seks år er absolutt lengre tid enn det som er gjennomsnittet. Dei fleste som lukkast, som faktisk er majoriteten, lukkast i løpet av ein toårsperiode.

Det seier gynekolog Liv Bente Romundstad ved Volvat Spiren Trondheim. Sidan 2012 har ho laga samlerapportane frå samtlege norske klinikkar på oppdrag av Helsedirektoratet.

Liv Bente Romundstad

Liv Bente Romundstad har jobba med assistert befruktning sidan 2002.

Foto: Mari Svenning

Ho legg til at samtidig som fødselstala går nedover, går talet for assistert befruktning opp.

Det heng til dels saman med at fleire ventar lengre med å få det første barnet.

Ifølge tal frå Folkehelseinstituttet er det cirka 3000 barn som blir fødd etter assistert befruktning årleg.

Av dei som fekk behandling i 2020 var det ein tredjedel som fekk barn, seier Liv Cecilie Vestrheim Thomsen i Folkehelseinstituttet (FHI).

Tala viser berre dei som har gått på behandling, med vellykka resultat:

Eksakt kor mange forsøk den enkelte kvinna har før dei får det til, eller gir opp, finst ikkje i dag, seier Thomsen.

– Foreløpig held vi på med eit stort arbeid om å samle inn den dataen, seier Thomsen.

Fann støtte i sosialt nettverk

Før reisa mot ein familie starta, hadde Ellingsen aldri sett for seg å halde på så lenge.

– Så er det dei som gjerne må halde på i ti år, og då får du sånn herregud, det går jo ikkje an. Du ser ikkje for deg at det blir deg.

Men det var faktisk gått seks julaftnar og seks somrar utan at Maria og Daniel lukkast.

– Og til slutt så var du plutseleg ein av dei.

Paret har delt prosessen på Instagramkanalen Ønskebarnreisen. Det har gjort det lettare å halde vener og kjenningar oppdaterte utan å svare på det same spørsmålet om og om igjen.

Skjermdump frå Maria Louise Ellingsen sin instagramprofil

Ellingsen har delt frå opp- og nedturane på Instagram, og snakka med folk frå Noreg, Sverige og Danmark i same situasjon. Her summerer ho opp delar av det.

Foto: Privat

– Og så har eg fått tilgang på veldig mange historier via den kontoen som har gitt oss pågangsmot til å fortsette.

– Har du alltid, i andre ting også som ikkje gjeld denne reisa mot å bli gravid, vore ein som tenker at dette skal gå?

– Ja, eg har jo eit ganske høgt pågangsmot, kanskje. Viljestyrke til å få til ting. Men det som kanskje er mest krevjande i prøverøyrssystemet er at ein ikkje har kontroll.

– Og eg er jo kanskje ein person som har eit ganske høgt kontrollbehov i store delar av livet.

Er det sant?

No er Maria Louise og Daniel heime hos han sine foreldre i Snåsa i Trøndelag, før turen går heim til Molde. Maria sine foreldre i Vesterålen i Nordland fekk også helse på i sommar.

Dei har landa, og føler at dei som par har kome styrka ut av det heile.

Men endå er det slik at Ellingsen ser på Jennie Eline og lurer på om ho verkeleg er hennar.

– Eg trur vi har hatt ein livsstil i så mange år og tenkt meir på korleis livet blir om det ikkje går. At når det gjekk, så er det nesten for godt til å vere sant.

Kva tenker dei om fleire rundar med behandling etter alt dette?

– Viss det må forsøk til for at vi skal få søsken, så trur eg nok at vi gjer det.

Ein gong denne hausten skal ho sjekke korleis det står til med livmora.

Og dei har fleire embryo på frys, frå det vellykka egguttaket.

– Men det blir ikkje med det aller første.

Publisert 04.08.2024, kl. 10.34

Read Entire Article