– Eg ville kome på ei opning. Eg tenkte eigentleg mest at det skulle vere ein morosam YouTube-video. Eg sat ved brettet ein kveld og tenkte på noko som kunne vere veldig lett.
Slik forklarer Anna Cramling opphavet til sjakkopninga The Cow.
NRK møter den svenske sjakkstjerna, først og fremst kjent gjennom sosiale medium og direktesendingar på nett, i lokala til Take Take Take i Oslo.
Her spelte nyleg 22-åringen ein kamp i regi av Magnus Carlsens sjakkapp.
I dette intervjuet fortel Cramling, som blir følgt av fleire millionar på YouTube og sosiale medium, for første gong om sjakkopninga som har blitt ein snakkis i sjakkverda etter den blei lansert.
Eit enkelt Google-søk viser at mange hyllar The Cow fordi den er så enkel. Men dei aller fleste himlar med auga når dei ser han i bruk.
– Det er ei horribel opning, seier Kristoffer Gressli, NRKs sjakkekspert.
– Eg berre «kva?!»
Kvinna bak The Cow er på ingen måte ueinig med eksperten.
– Tanken med opninga var aldri at dette skulle vere måten ein slår ein stormeister på. Det var berre at det skulle vere noko som var lett å hugse, seier ho og legg til:
– Sjakkfagleg er den ikkje så bra.
Overraskinga var derfor stor då Anna Cramling sette seg ned ved bretta i prestisjeturneringa Reykjavík Open. Der spelte nemleg stormeister Platon Galperin The Cow mot opphavskvinna frå Sverige.
– Eg blei heilt sjokkert. Eg berre «kva?!». Det var det første partiet som hamna i ein database med denne opninga, og det var mot meg. Og eg tapte det partiet, så eg tapte mot The Cow, seier Cramling og bryt ut i latter.
Stormeister Galperin har 2495 rankingpoeng. Cramling har 2052. Det er med andre ord ein stor forskjell på nivået til dei to spelarane.
– Eg har aldri spelt opninga i ei turnering sjølv, og det var første gong eg møtte opninga. No får mitt namn stå i databasane, til det historiske partiet, som taparen, seier ho.
Første på 50 år
Kristoffer Gressli meiner Cramling også er historisk på andre måtar:
Eksperten, som har følgt sjakken tett i ei årrekke, trur The Cow er ein av svært få sjakkopningar som har blitt namngitt etter ein spelar på rundt 50 år.
– Benko Gambit-opninga er den siste, nye opninga eg kan kome på. Den er frå 70-talet. Alt er så gjennomarbeidd i sjakken. Det seier litt når spansk opning fekk namnet sitt for 500 år sidan, seier Gressli.
Sjakkeksperten meiner ein er dømt til å tape partiet om ein bruker Cramlings opning på høgt nivå. Han grunngir det med at ein gir bort fordelen av å spele med kvite brikker omgåande.
Gressli meiner at ein stormeister vil ha ei vunne stilling etter vel seks trekk dersom motstandaren spelar opninga.
– Om du taper mot The Cow, må du skamme deg, seier Gressli.
– Så Anna Cramling må eigentleg skamme seg?
– Ja, ler eksperten og legg til:
– Det høyrer med til historia at ein stormeister er ein veldig god spelar. Cramling er også ein god spelar, men ein stormeister har rundt 500 ratingpoeng meir enn henne. Så ved normalt spel vil stormeisteren vinne 95 av 100 parti.
Avslører bakgrunnen for namnet
Men kvifor kyr? Svenske Cramling smiler breitt når ho får spørsmål om kvifor sjakkopninga blei døypt The Cow.
Ho vedgår at ho ikkje har noko spesielt forhold til kyr.
– Eg veit veldig lite om dei. Det er ikkje noko anna enn at eg ville ha namnet på eit dyr, og namnet på eit dyr som ikkje er så vanskeleg, slik at ein kan seie det sjølv om ein ikkje er så god i engelsk. Då blei det Cow, ler Cramling.
Publisert 20.01.2025, kl. 22.04 Oppdatert 20.01.2025, kl. 22.15