– Det var ei merkeleg helsing

3 hours ago 5



Det var i samband med oppvarminga til president-seremonien at ein svært entusiastisk Elon Musk kom med ei helsing som kunne minne om ei nazihelsing.

– Akkurat den dansen der er vel den vanlege å ta, men så har han kome med ein liten sving på armen, sa VG-kommentator Anders Giæver under NRK si direktesending.

Forretningsmannen og multimilliardæren Musk er sentral i den nære krinsen kring Donald Trump.

Han skal styre eit nytt effektiviserings-departement.

Under den direktesende TV-sendinga etter innsettinga av Trump, gjekk Musk på scena og heldt ein tale der armbevegelsane er det som blir diskutert etterpå.

– Val kjem og går. Nokon er viktige nokon er ikkje, men dette valet har verkeleg betydning, sa Musk, før han slengde høgre handflate mot brystet og beit underleppa med fortennene.

Det høyrer med til historia at Musk var svært ivrig på scena.

Israelske aviser var tidleg ute med å trekke fram Musk sin armbruk, på sosiale medium går diskusjonane høgt.

Medium over heile verda har lagt merke til det som skjedde, blant anna den britiske avisa The Guardian.

CNN valde etter noko tid å ta ned direktesendinga frå Musk sin tale.

– Det var ei merkeleg helsing, sa CNN-ankeret Erin Burnett ifølgje The Independent.

VG-kommentator Anders Giæver trur ikkje Musk synte fram noko fascisthelsing.

– Men det er ikkje nokon heldig måte å veive med armen på, sa Giæver.

Elon Musk lova på si side at han vil gje alt i si gjerning for den nye presidenten.

– Eg lovar å jobbe ræva av meg for dykk, sa Musk.

Publisert 20.01.2025, kl. 23.45 Oppdatert 20.01.2025, kl. 23.49

Read Entire Article