Mann tiltalt for å ha spylt tre kattungar ned i do: – Svært grovt brot på dyrevelferdslova

7 hours ago 3



Det var ein sommarkveld i år at påtalemakta meiner mannen la eller kasta kattungane ned i toalettskåla. Dei tre dyra skal ha døydd av drukning anten før eller etter at han skylde dei ned i avløpet.

Ifølge tiltaleavgjerda skreik og mjaua minst éin av kattungane medan den var i vasslåsen eller nede i røyrsystemet.

Saka skal opp i Sogn og Fjordane tingrett i januar.

Tre nyfødte kattunger

Illustrasjonsfoto av tre nyfødde kattungar som ikkje har noko med den aktuelle saka å gjere.

Høyrde mjauing i avløpet

Aktor Inger Helen Stenevik fortel til NRK at det var ein utanforståande som høyrde ein kattunge og melde frå til politi og brannvesen.

– Det var i alle fall ikkje alle tre kattungane som drukna før dei hadde komme vidare i røyrsystemet, seier ho.

– Påtalemakta ser på dette som eit svært grovt brot på dyrevelferdslova, seier aktor.

«Sterk frykt og smerte»

I tiltaleavgjerda heiter det at avlivingsmetoden kunne påføra – og påførte – dyra ein dødsprosess over fleire minutt med intens stressrespon, og sterk frykt og smerte. Dyra fekk dermed store fysiske og psykiske belastningar og påkjenningar.

– Mannen er tiltalt for å ha avliva dyra på ein uforsvarleg måte og for å ha utsett dei for grov vald. Grove brot på dyrevelferdslova har ei strafferamme på inntil tre år, seier Stenevik.

I ei tidlegare sak, der ein hund vart drukna, gjekk til Høgsterett. Der vart det gitt ei straff på 120 dagar i fengsel, men med strafferabatt slik at straffa vart 90 dagar.

Advokat Ivar Eivind Hauge

Mannen sin forsvarar, Ivar Eivind Hauge, mottok tiltalen fredag kveld. Han har verken lese den eller snakka med den tiltalte, og kan derfor ikkje kommentera saka.

Foto: RAGNHILD MYKLEMYR / NRK

Berre nyfødde kattar kan slåast i hel

– Det er jo strenge krav til korleis ein skal avliva kattar og andre husdyr. I denne saka har mannen bevega seg veldig langt frå det som er regelen, seier Stenevik.

– Det er ikkje lov å drukna dyr.

Ho veit ikkje kor ofte folk blir tiltalte for ulovleg avliving av kjæledyr.

– Men det er kvart år ein del saker der dyr blir avliva på uforsvarleg måte.

– Er det lov å ta livet av sitt eige kjæledyr, og eventuelt korleis?

– Dei aller minste kattungane – inntil åtte dagar gamle – kan slåast i hel. Men då skal ein ha kompetanse til det, og eit eigna slagvåpen, seier Stenevik.

Men dersom katten er eldre enn åtte dagar, seier ho slagmetoden ikkje er forsvarleg. Då treng ein anten veterinær eller skytevåpen.

Inger Helen Stenevik saman med saueflokken sin

Politiadvokat Inger Helen Stenevik driv også som sauebonde.

Foto: EMIL WEATHERHEAD BREISTEIN

– Dårleg dyrehald

Politiadvokaten – som sjølv også driv med sauehald – seier det same gjeld til dømes lam og fugl òg.

– Viss dei er veldig små, under ei viss vekt, har du lov til å slå dei i hel, men når dei har blitt litt større, må du til med skytevåpen. Avliving er altså ikkje noko for folk flest.

Den tiltalte hadde ifølge Stenevik i utgangspunktet fleire utfordringar i dyrehaldet, men dette er ikkje med i tiltalen. Då politiet kom heim til mannen, hadde han fire vaksne kattar, inkludert mora til dei tre ungane.

– Mattilsynet avvikla kattehaldet hans. To av kattane måtte avlivast fordi dei var så lite tamme. Kattemora og ein fjerde katt skulle omplasserast, seier Stenevik.

Publisert 07.11.2025, kl. 21.13 Oppdatert 07.11.2025, kl. 21.49

Read Entire Article