Mann i 60-åra pågripen etter brann i Arendal

6 hours ago 3



Personen er i 60-åra og er kjent av politiet frå tidlegare. Vedkommande er per no ikkje avhøyrt, seier politiadvokat Elin Rike Johansen.

To trehus frå 1860-talet vart totalskadde i brannen søndag.

Totalt sju personar fekk helsehjelp eller vart køyrde til sjukehus eller legevakt.

Sikta har knytt seg til brannen og det vil gjennom avhyør av den sikta og vitne bli forsøkt å avklare nærare kva som har skjedd. Brannårsak er per no ukjent, seier Johansen.

Avhøyrer fleire personar

Politiet opplyser vidare at det pågår avhøyr av personar som har budd på adressene og andre som kan ha relevant informasjon om det som skjedde.

– Det vil bli gjort kriminaltekniske undersøkingar. Vi må gjere ei vurdering av brannstaden og kor sikkert det er å gå inn på brannstaden. I samband med dette vil det bli nytta drone, seier Johansen.

Alle som har folkeregistrert adresse på staden er gjort greie for.

– Vi har ingen grunn til å tru at det er andre personar som har vore der. Det er ingen sakna personar, seier politiadvokaten.

Spreidde seg til nabohus

Politi og brannvesen vart varsla om brannen like over klokka 17 søndag ettermiddag.

Då dei kom til staden var bygget overtent. Etterkvart spreidde brannen seg til eit nabohus.

Først rundt klokka 21 vart det meldt om at det var kontroll på flammane.

  • Bygningsbrann i Arendal

    Slukkearbeidet har pågått i flere timer søndag kveld.

    Foto: Olav Svaland
  • Brann i Strømsbuveien i Arendal

    Det jobbes på spreng for å slukke brannen søndag kveld.

    Foto: Espen Bierud / NRK
  • Brann i Strømsbuveien i Arendal

    Nødetatene var klare til bistå folk som eventuelt skulle trenge det.

    Foto: Espen Bierud / NRK
  • Brann i Arendal  sentrum

    Røyken ligger tett over Arendal sentrum.

    Foto: Espen Bierud / NRK

Publisert 30.06.2025, kl. 11.42 Oppdatert 30.06.2025, kl. 11.53

Read Entire Article