Ein mann i 30-åra døydde torsdag ettermiddag. Han vart funnen i klem under ein bil på ei privat adresse i Vaksdal kommune.
Politiet vart varsla om hendinga klokka 13.19 torsdag ettermiddag. Pårørande er varsla. Alle naudetatar rykte ut til staden og det blei sett i gang førstehjelp.
– Men livet stod dessverre ikkje til å redde og mannen vart erklært død på staden klokka 13.42, opplyser operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen i Vest politidistrikt.
Politiet meiner hendinga er ei ulukke der mannen har jobba med bilen og hamna i klem under.
Det er ikkje mistanke om at det har skjedd noko straffbart. Politiet har likevel gjort undersøkingar og avhøyr på staden. Det blir oppretta sak på hendinga, og avdøde vil bli send til obduksjon.








English (US)