Fleire matsentralar melder om sviktande tilgang på julemat som dei kan gje vidare.
Mellom anna gjeld dette Matsentralen Vestland. For første gong sidan oppstarten i 2017 står dei utan julemat ved inngangen til desember.
– Vi skulle absolutt ønske vi hadde julemat, men vi har ikkje fått det enda. Vi håpar det kan endre seg utover i desember, slik at sluttbrukarane våre kan få seg eit godt julemåltid.
Det fortel dagleg leiar i Matsentralen Vestland, Vivie Bjørnstad.
Tidlegare år har denne matsentralen fått julemat tidleg på året, som dei kan leggje på frys til juletida kjem. Men ikkje i år.
Også i Oslo er matsentralen bekymra.
– Vi veit at det blir altfor lite. Det er nok dessverre mange bord som blir utan julemat i år også, skriv dei til NRK.
Matsentralen Sør
Det er alltid fleire førespurnadar rundt jul enn resten av året. Eg opplever at trykket er større enn i fjor.
I år igjen ventar vi i spenning på kva som kjem inn av julemat no før jul. Det har ikkje vore mange år eg kan seie vi har hatt nok, men vi har i alle fall fått gitt litt til alle.
I fjor kom det ein del to veker før jul. Då fekk vi dekt mykje av behovet til dei som serverer julemat, men ikkje til matposane.
Matsentralen Nord-Norge
I matsentralen i Nord-Norge har vi ikkje hatt julemat i forkant av jula. Dette er varer som kjem inn etter nyttår.
Våre organisasjonar kunne tatt meir mat dersom vi hadde hatt det. Hos oss er det også store avstandar på transport av mat i Nordland, Troms og Finnsmark. Her er logistikk ein del av utfordringa med å få mat raskt ut til organisasjonane.
Vi ser at etterspurnaden etter mat er større, og råvarer til middag er ønska.
Enn så lenge klarer vi å dekke etterspurnaden til ei viss grad.
Matsentralen Oslo
Vi veit aldri kor mykje vi får, men vi veit at det blir altfor lite. Det er nok dessverre mange bord som blir utan julemat i år også.
Det er først etter julaftan at leverandørane har god oversikt. Men enkelte av dei er tidlegare ute, slik at vi kan få litt julemat der.
Nokon bedrifter donerer i forkant. Det set vi veldig pris på, men det er berre ein brøkdel av alt vi hadde trengt.
Matsentralen Trøndelag
Vi får som regel inn julemat etter jul, sjeldan før, og berre sporadisk tidleg i desember. Dette er uheldig for dei som står i ein vanskeleg situasjon, for forventningane rundt jul er høge og mange kjenner på eit stort press. Det er mykje skam rundt dette.
For nokre veker sidan var lageret vårt heilt tomt. Slik er det heldigvis ikkje nå. Men behovet er framleis stort, og vi treng meir. Spesielt julemat.
Behovet aukar og tilgangen held ikkje følge. Det er mange verksemder som ennå ikkje har etablert eit samarbeid med veldedige organisasjonar.
Hjå Matsentralen Vestland er det pynta til jul, men dei har lite julemat.
Foto: Gaia Øpsen / NRKHåpar dei kan ta ein ekstra kikk
Bjørnstad i Matsentralen Vestland peikar på at årets siste månad er ei spesielt viktig tid.
Sentralane leverer mat til ideelle organisasjonar, som igjen deler ut mat til dei som treng det mest.
Dagleg leiar i Matsentralen Vestland, Vivie Bjørnstad.
Foto: Gaia Øpsen / NRKHovudsakleg får dei inn mat frå dei store leverandørkjedene som leverer til matvarebutikkane, mellom anna Norgesgruppen, COOP og Orkla.
Desse har justert seg frå tidlegare år, slik at det ikkje har blitt julemat «til overs», som kunne gått til Matsentralen Vestland.
– Vi håpar at dei kan ta ein ekstra kikk over prognosane sine, og sjå om det er noko dei trur vil vere overflødig julemat som dei kan omfordele til oss, seier Bjørnstad.
Matkorger i butikk
SMIL-fond Sunnfjord er ein av over 60 organisasjonar Matsentralen Vestland jobbar med. Leiar Hilde Hallerud seier samarbeidet er viktig.
– Vi er veldig avhengige av Matsentralen Vestland og pleier å hente mat der før jul.
Hilde Hallerud held på å gjere klar ein matkasse som skal ut til brukarane i Sunnfjord.
Foto: Fredrik Kårstad Lilleaasen / NRKElles får dei hjelp av lokale butikkar og bakeri som leverer overskotsmat.
Og sidan julematen ikkje kjem frå Matsentralen i år, er det ei anna løysing som har slått an.
– Vi har handlekorger utanfor fleire butikkar der vanlege folk kan kjøpe litt ekstra julemat og leggje i korga slik at vi kan gje det ut.
Fleire butikkar i Sunnfjord har sett opp handlekorger der kundar kan legge julemat dei har kjøpt «litt ekstra», fortel Hallerud.
Foto: Fredrik Kårstad Lilleaasen / NRKDenne lokale ordninga gjer at det likevel blir litt julemat som kan fordelast ut til dei brukarane som er i Sunnfjord kommune denne jula.
17 prosent av innbyggjarane i Noreg opplever økonomisk press, ifølge dyrtidsrapporten til SIFO.
– Det er ein dramatisk auke som må takast på alvor. I 2021 var rundt 7 prosent i målgruppa til Matsentralen, seier dagleg leiar Jort Reitsma i Matsentralen Trøndelag.
Publisert 03.12.2025, kl. 10.12 Oppdatert 03.12.2025, kl. 10.54

















English (US)