Mangel på norsk kjøttdeig i butikkane – importen er tredobla

1 day ago 8



Eg har merka at det har vore mykje tomt for kjøttdeig og biffstrimlar, fortel Mergim Vinum.

Vinum fortel at dette er produkt han ofte et, men at han styrer unna dersom dei ikkje er frå Noreg.

– Personleg føretrekker eg norsk.

Eg føler at eg har betre kontroll på innhaldet da og veit betre kor det kjem frå. Det følast tryggare.

Mergim Vinum på Kiwi i Trondheim

Vinum fortel at han et ein del storfekjøtt og anna proteinrik mat. Når NRK treff han på Kiwi kjem han rett frå trening.

Foto: Henning Levold / NRK

Importerer tre gongar meir enn i fjor

Det har vore knappleik på norsk storfeslakt i perioden fram til påske.

Det fortel Rolf Gjermund Fjeldheim i Norsk egg- og kjøttråvare.

Han fortel at mangelen gjer at etterspørselen må bli dekka ved hjelp av import frå utlandet.

I løpet av første kvartal blei det importert 7478 tonn storfekjøtt frå utlandet. Det er meir enn tre gongar så mykje som same periode i fjor.

I fjor hadde vi eit veldig stort reguleringslager, så da var det ikkje naudsynt å importere noko særleg.

No er derimot reguleringslaga tomme, fortel Fjeldheim.

Dermed er tilgangen på norsk, fersk slakt relativt låg.

Fjeldheim fortel at dei berre har ansvar for å selje heile dyr og ikkje veit nøyaktig kor kjøttet blir av.

Plakat på Coop Extra i Trondheim 15.04.2026 - mangel på kjøttdeig

Coop Extra fortel kundane sine at det i periodar er vanskeleg å få tak i kjøttdeig.

Foto: Henning Levold / NRK

Truleg blir det konsumert meir storfe enn før, fortel Fjeldheim.

Eller så kan det vere lageroppbygging hos enkelte aktørar.

Men i utgangspunktet så betyr større sal, meir forbruk.

Importert meir enn det vi skulle ønske oss

Vi ønsker jo å produsere mest mogleg av det norske forbrukarar ønsker å kjøpe.

Det seier leiar i Noregs Bondelag, Bjørn Gimming.

Samstundes må vi erkjenne at storfeproduksjon er ein sesongproduksjon.

Han fortel at det blir slakta langt fleire dyr på hausten enn på denne tida av året.

Lite kjøttdeig i hyllene på Rema 1000

Det har i periodar vore lite kjøttdeig i butikkhyllene.

Foto: Henning Levold / NRK

Også Gimming peiker på at reguleringslagera har vore veldig fulle dei to førre åra.

Han fortel at dette skuldast at etterspørselen for storfekjøtt sokk i 2023.

Så det har vore eit mål å redusere lagera med storfekjøtt.

Det gjer at det må bli importert meir enn det vi skulle ønske oss.

Kjøttdeig fra Tyskland på Kiwi i Trondheim

På Kiwi finn ein kjøttdeig importert frå Tyskland.

Foto: Henning Levold / NRK

Sjølv om kjøttproduksjonen er sesongbasert, håper Gimming norske bønder kan auke tilbodet om våren.

Eg vil oppfordre bønder som driv med storfe til å utnytte marknadspotensial som finst på våren, slik at flest mogleg forbrukarar får norsk storfe.

Min oppleving er at norske forbrukarar er veldig interessert i å kjøpe norskprodusert kjøtt.

Bjørn Gimming, leder Norges Bondelag, halvportrett, foran banner med slagord.

Bjørn Gimming fortel at norske bønder ønsker å produsere mest mogleg av storfekjøttet norske forbrukarar vil ha.

Foto: Magnus Kolstad

– Vi fordeler varene så godt vi kan

Vi vil helst selje norsk, så vi skulle ønske at vi ikkje hadde trengt å selje importvare.

Det seier kommunikasjonssjef for Norgesgruppen, Kine Søyland. Ho fortel at dei merker at tilgangen på norske produkt av storfe har vore dårlegare den siste tida.

Da vel vi å bruke importvarer heller enn å ha tomme hyller.

Så er det viktig for oss med tydeleg merking på pakkene.

– Vi fordeler varene så godt vi kan til alle butikkane våre, seier Line Aarnes, kategori- og innkjøpsdirektør i Rema 1000.

– Samstundes ser vi på tiltak som kan gi betre tilgang framover.

Ho seier tilgjengelegheita kan variere frå butikk til butikk og over tid.

– Også har vi godt med både kylling- og svinekjøttdeig tilgjengeleg i våre butikkar.

Også i Coop sine butikkar kan tilbodet variere om dagen. Det fortel kommunikasjons- og myndigheitskontakt, Knut Lutnæs.

– Vi har derfor måtta auke importen av nokre variantar for å dekke behovet slik at kundane slepp å møte tomme hyller.

– Men produkt merket med Coop har alltid norsk råvare.

Publisert 15.04.2026, kl. 15.42

Read Entire Article