Haugesund gjorde jobben – ny Eliteserie-kontrakt
Moss hadde med seg eit greitt utgangspunkt og 0–0 frå heimemøtet med FK Haugesund.
I returkampen av opprykksfinalen fekk Moss det derimot tøft.
FK Haugesund leia 2–0 til pause etter eit sjølvmål og ei scoring av Sondre Liseth. Heimelaget kunne fort også ha leia med fleire mål.
Etter pause kom Moss med og skapte nokre store sjansar, men dei klarte aldri å overliste Egil Selvik i Haugesund-buret.
Moss-spelar Kristoffer Lassen Harrison vart utvist like før full tid.
Haugesund vann 2–0 samanlagt og spelar dermed i Eliteserien også i 2025.
Etter kampen bekrefta Egil Selvik til TV 2 at dette var hans siste kamp i Haugesund i denne omgang.
– Det er utruleg viktig at vi ikkje går ned, sa Selvik, som ikkje ville røpe kvar ferda går vidare.
Til NRK sa Selvik at det blir vemodig å forlate Haugesund.
– No blir det eit par dagar fri, så er eg invitert til eit par klubbar eg skal besøke, fortel Selvik, utan å avsløre kva slags klubbar det gjeld.