Det skal ha vore 21 personar om bord luftballongen, melder Reuters.
Guvernøren i Santa Catarina Jorginho Mello meldte laurdag at minst åtte er stadfesta døde.
– Vi er alle skaka over ulykka med ein luftballong i Praia Grande laurdag morgon, skreiv han på X.
Redningsmannskap leitar framleis etter overlevande og sakna i området der ballongen styrta.
Ifølge brannvesenet er 13 personar som overlevde styrten sende til sjukehus.
Det er ikkje kjent kva som er årsaka til at ballongen begynte å brenne.
Publisert 21.06.2025, kl. 16.08 Oppdatert 21.06.2025, kl. 16.26