Målet med rapporten vår var ikkje sjølvskryt, men å få meir detaljert innsikt

4 weeks ago 35



DEBATT: Det er utruleg bra å få denne type respons som frå Nils-Henrik Stokke, Fredrik Harestad og Sindre Mariero, for eg saknar debatt og «sense of urgency» når det gjeld kva bedrifter i Rogaland skal leva av i framtida.

Regiondirektør i Innovasjon Norge Rogaland, Kari Holmefjord Vervik.
  • Kari Holmefjord Vervik

    Regiondirektør, Innovasjon Norge Rogaland

Publisert: Publisert:

For mindre enn 20 minutter siden

iconDebatt

Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Det er absolutt ikkje Innovasjon Noreg og våre tenester som er det einaste svaret på korleis me skal sikra fleire vekstselskap. Me treng både direkte verkemiddel som avgifter for å gje incentiv til nye næringar, som samfunnsøkonom Ole Kvadsheim argumenterer for i Aftenbladet 21. mai, og gode stabile rammevilkår for gründarar og næringslivet generelt.

Utfordringa er at eg ser lite både pisk og gulrot for tida, og så lenge marknaden faktisk ikkje løyser alle problema sjølv, så må i alle fall Innovasjon Noreg bruka dei gulrøtene me har fått tildelt av politikarane på best mogleg måte.

Målet er ikkje sjølvskryt

Alle våre program og ordningar blir jamleg evaluert og det har vore fleire eksterne evalueringar av heile verkemiddelapparatet dei siste åra. Og det er nettopp for å prioritera tydelegare at vår nye strategi fokuserer på bedrifter som har potensial for internasjonal vekst.

Målet med rapporten vår var ikkje sjølvskryt, men å få meir detaljert innsikt.

Eg er einig i at ein ikkje bør fokusere for mykje på veksten i talet på bedrifter som fell inn under definisjonen av høgvekstbedrifter når prisstigning er hovudårsaka. For ordens skuld vil eg påpeika at dette blir tydeleg omtalt i rapporten. Når det gjeld intervjua med dei femten vekstbedriftene, er ikkje målet å trekkja generelle konklusjonar eller å drive med sjølvskryt, men få innsikt i kva slags utfordringar vekstbedrifter møter, for å utvikla betre tenester og forstå behova deira.

Me kan og vera einige i at mange av dei bedriftene som fell inn under den gitte definisjonen opererer i ein lokal marknad, og ikkje er den type bedrifter som Norge og Rogaland treng for å erstatta varsla nedgang i olje- og gasseksporten.

Det offentlege og private konkurrerer ikkje

Ein føresetnad for å få tilskot frå Innovasjon Noreg er at bedrifta òg stiller med eigenkapital. Offentleg og privat kapital er altså ikkje konkurrentar, men utfyller kvarandre. I 2024 vart kvar krone Innovasjon Noreg bidrog med, møtt med 1,70 kroner frå andre kjelder – som oftast private investorar eller finansieringsinstitusjonar.

Me ser og at det å få private investorar på banen handlar om meir enn offentleg kapital, derfor har Innovasjon Noreg eit bredt spekter av tenester for å redusera risikoen for investorar og bank. Det handlar om alt frå kva handelsreglar som gjeld i ulike marknader til sikring av teknologi, og ikkje minst kunnskap om markedsmuligheter, nettverk og eventuelle utfordringar i dei landa Rogalands-bedriftene har ambisjon om å veksa i.

Og internasjonal vekst er me heilt avhengige av å få til for å sikra at Rogaland skal bli verande ein sterk region i Norge.

Publisert:

Publisert: 26. mai 2025 11:41

Read Entire Article