Heimen til Linn Beate Jevtuhova Riley i Bjørnafjorden i Vestland er som ein vanleg norsk småbarnsheim.
Leiker på golvet, ei halvtom mjølkeflaske på bordet, generelt litt småkaos.
På golvet leiker åtte månader gamle Matheo, tilsynelatande upåverka av dramaet i familien.
– Han merkar heilt klart at dynamikken er endra. For han er jo van med at pappa er heime kvar dag, fortel Riley.
For litt over ei veke sidan vart nemleg ein familie på tre, til ein familie på to.
Då sette mannen til Linn Beate, og pappa til Matheo, Vladislavs Jevtuhova (Vadim), seg på flyet frå Bergen til Riga.
Han er utvist frå Noreg og får ikkje komma tilbake på to år. Han får heller ikkje reisa til andre Schengen-land.
Det var avisa Midtsiden som først omtalte denne saka.
Meiner lovbrota er alvorlege
Vadim er nemleg ikkje som dei fleste andre frå Latvia, som ville ha sikra han rettar som EU/EØS-borgar.
Han tilhøyrer ei mindre gruppe latviarar som i Noreg er definert som statslause, og som har russiske foreldre. Dermed har han også langt meir avgrensa rettar i Noreg.
UDI meiner Vadim medvite har opphalde seg ulovleg i Noreg i mange år, og at det i seg sjølv er så alvorleg at han må utvisast.
Dei meiner også at familielivet kan halda fram i Latvia, og ikkje i Bjørnafjorden, dei neste to åra.
NRK har lese korrespondansen mellom familien og UDI.
Vadim og Linn Beate meiner dei heile tida har spelt med opne kort. Han har vore i jobb, betalt skatt, og stått registrert i arbeidsstakerregisteret.
– Dette er ikkje noko me har gjort med vilje. Me har heile tida fått tilbakemeldingar om at han kunne vera her mens ein ventar på behandling av søknadar, seier Riley.
Vadim har både søkt om permanent opphaldsløyve, men også familiegjenforeining. Men svara har vore negative.
Avviser løgn
UDI er krystallklar i sitt vedtak. Det er Vadim si soleklare plikt å undersøkja om dei naudsynte papir er i orden.
At dei får munnlege tilbakemeldingar, frå t.d. politiet eller andre mynde om kva dei kan og ikkje kan, er ikkje godt nok, meiner dei.
Vadim har vore i arbeid sidan han kom til Noreg som sesongarbeidar i 2010. I dei siste åra har han hatt fast arbeidsgjevar i Bergen.
– Eg har ikkje loge til nokon. Eg har vore i jobb, hatt norsk bankkonto, betalt skatt, fått lege, og lån til hus og bil. Eg har vore i kontakt fleire gonger med politiet som har fortalt eg berre kunne bli her, seier Vadim til NRK på telefon frå Riga.
Han fortel at han reagerte med sjokk då vedtaket om utvising kom. Også arbeidsgjevar skal ha reagert med sjokk over utvisinga, etter det NRK erfarer.
Mindre gruppe i Latvia
Aadne Aasland, forskar ved by- og regionsforskingsinstituttet NIBR ved Oslo Met, fortel at det er to typar innbyggjarar i Latvia.
Dei som har ordinært latvisk statsborgarskap, og dei som har pass med teksten «ikkje-borgar,» som Vadim.
Dette har samanheng med det som skjedde då Latvia var ein del av Sovjetunionen.
I perioden etter andre verdskrig kom det nemleg mange frå Russland til Latvia.
Men då landet vart sjølvstendig i 1991 ville ein gjere om på dette.
– Då vart det bestemt av berre dei som hadde latvisk statsborgarskap, eller var etterkommarar av latviske statsborgarar i den første latviske republikken, altså i mellomkrigstida, skulle ha automatisk rett til latvisk statsborgarskap, seier han.
Aasland reknar med at gruppa Vadim høyrer til er på om lag 170.000 personar. I dag bur det 1,8 millionar personar i Latvia.
Må bu minst fem år i Latvia
Fleire politikarar i Bjørnafjorden kommune har reagert på behandlinga av Vadim, blant anna ordførar Terje Søviknes (Frp) og tidlegare ordførar, Trine Lindborg (Ap), skriv Midtsiden.
Familien set no sin lit til Utlendingsnemnda, som er klageorgan i desse sakene.
Skal Matheo få vera saman med sin far, må familien flytta til Riga.
Der må Vadim bu og jobba i fem år om han skal kunne søkja om ordinært latvisk statsborgarskap. Han må i tillegg ta språktest.
– Dette blir veldig vanskeleg. Eg har ingenting her i Latvia etter å ha budd i Noreg i snart 15 år, seier han.
Føler seg ikkje ønskt i Noreg
Linn Beate forklarar at Vadim vert sett på som ein andrerangs borgar i Latvia.
Ho kjenner det same i Noreg.
– Eg er norsk statsborgar, sonen vår er norsk statsborgar. Men det er som den norske stat og UDI berre seier: Det bryr me oss ikkje om, me treng ikkje dykk i Noreg. De kan vera familie i eit anna land i staden, seier ho.
I magen til Linn Beate er det også liv. I august skal Matheo få sysken.
– Eg er livredd for å føda åleine. Det er meininga å vera to, og eg vil ikkje vera åleine med ein son på litt over eitt år, og ein nyfødd baby. Å vera to er meininga, og det er difor ein giftar seg og stiftar familie, seier ho.
NRK har bede UDI kommentera vedtaket. Vadim har også gjeve dei samtykke til å kommentera saka.
UDI viser berre til at saka er til behandling hos UNE, og har ingen kommentarar.
UNE har nyleg motteke saka. Dei kan ikkje kommentera ei sak som enno ikkje er ferdigbehandla.
Hei!
Har du tankar etter å ha lese denne saka, eller ynskjer du å tipsa oss om liknande eller andre saker? Send meg ein e-post.
Publisert 22.01.2025, kl. 05.16