Må du på legevakta i jula? Sjekk denne oppfordringa først

3 hours ago 2



Det skjedde i desse dagar, at toppen i det som er spådd å bli den verste influensasesongen dette tiåret, fall saman med jula.

Slike nyheiter får helsepersonell som er så heldige å ha vakt i jula til å rynke augebryna og komme med formaningar. Særleg i kommunar der innbyggartalet er venta å stige betrakteleg.

Sånn som hos legevakta i hyttekommunane i Valdres.

– Det sørger for at vi får veldig mykje meir å gjere. Men vi bemannar opp, og prøver å sørge for at det skal vere forsvarleg, seier Marit Olvik, avdelingssjukepleiar på legevakta.

Her er hennar råd til hyttebuarar og andre innbyggarar:

Bildet viser et venterom med en stor skjerm som viser informasjon. På skjermen er det et bilde av en person som holder en walkie-talkie. I bakgrunnen er det et juletre med lys, og veggen har teksten "VENTEROM" i grønn skrift. Det henger også en liten radio på veggen til venstre. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

På legevakta i Valdres har dei eige venterom for folk med smittsame sjukdommar.

Foto: Arne Sørenes / NRK

På legevakta i Valdres har dei eige venterom for folk med smittsame sjukdommar.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Febertermometer, Paracet og ibux

Er du «vanleg» forkjølt, og har feber, så tar du Paracet og ibux og tar det med ro, seier Olvik.

– Men er du bekymra for at dette er noko alvorleg, så ringer du til legevakta, og får råd frå ein sjukepleiar som sit på telefonen.

Ho påpeikar at alt som er akutt skal til legevakt, eller dei sender ut ein ambulanse.

– Men det er forskjell på det å vere vanleg forkjølt og ordentleg sjuk, for å seie det på den måten!

Ring før du kjem

– Alle skal få hjelp, men vi ønsker at alle ringer på førehand, så vi får gjort ei vurdering av kva som hastar mest, og kva som kan vente.

Det fordi kapasiteten er avgrensa sidan innbyggartalet aukar denne perioden. I tillegg er målet å unngå altfor mange personar på legevakta samtidig.

– Vi er jo inne i ein influensahøgsesong, så vi ønsker å ha minst mogleg folk ventande på venterommet for å unngå smitte internt.

Influensa-symptom? Sei frå!

Statistikken frå FHI taler det tydelege talet sitt.

Det er og store forskjellar – høgast influensaførekomst finn vi i Østfold (36 %), Akershus (36 %), Innlandet (34 %) og Oslo (33 %). Dessutan er smitta høgast blant skolebarn, der halvparten av prøvene frå alderen 5–14 år var positive for influensa.

– Så vi ser han tar litt hardare i år enn han har gjort tidlegare, seier Olvik om influensasmitten.

Ho forklarer vidare at i tillegg til å unngå alt for mange menneske på venteromma samtidig, har legevakta i Valdres også eige smitterom, og understrekar igjen:

– Derfor er det viktig at folk ringer på førehand og ikkje drar inn på venterommet.

Hytte på fjellet

Innbyggartalet er venta å auke i Valdres i jula. Her frå ei hytte på Beitostølen i Valdres.

Foto: NTB

La storfamilien bli heime

Og så bør ein ikkje ta med heile storfamilien når ein først skal til legevakta.

– Vi må prøve å unngå smitte på tvers. Vi har mange dårlege og alvorleg sjuke pasientar her, så det er greitt å unngå at dei blir smitta.

Medisinar og handhygiene

Og så er det to ting til som er lurt å hugse: At ein har alle medisinane ein treng med seg til over nyttår, og eventuelt har fornya reseptar på viktige medisinar og pågåande sjukmeldingar på førehand.

Og ikkje minst:

– God handhygiene. Vi er tilbake til det gode, gamle covid-grepet vårt. God handhygiene og prøve å unngå dei store folkemengdene om det er mogleg. Spesielt for dei som er i utsette risikogrupper.

  • Frisk opp handvask-kunnskapane dine her:

Ps. På jakt etter legeerklæring i romjula? Du må nok kontakte fastlegen din ved første høve.

I skidestinasjonen Trysil opplever dei ofte at besøkande, særleg frå utlandet, tyr til legevakta for å få legeerklæring på feber eller sjukdom som gjer at dei ikkje kan stå på ski.

Dette fordi forsikringsselskapa krev slike attestar for eventuelle refusjonar.

– Det kan vi ikkje prioritere. Dei som verkeleg treng legesjekk kan få papir, andre må vende seg til eigen fastlege, seier einingsleiar Ann-Karin Miliansen Røgholt ved Trysil legevakt.

Turister i Trysil. Oversikt

Trysil er ein populær skidestinasjon i Noreg.

Foto: Simon Elias Bogen / NRK

Publisert 22.12.2025, kl. 19.54

Read Entire Article