Året er framleis 1990. Vi tar òg eit tilbakeblikk på første møtet vårt i 1969.
1. Såg smågodt-posane sånn ut?
Rein har blitt medlem av Frp, noko han vil demonstrere for søster Anna ved å gi barna hennar FrP-buttons.
Han gir dei også smågodt i rosa- og kvitstripete posar.
Dei er ikkje originale.
– Posane er kjøpt for anledninga, seier sjefrekvisitør Christine Bozenski.
Dei sklir fint inn i slutten av 80-talet og starten av 90-talet med tanke på fargar og design, ifølgje rekvisitøren.
– Vi klarar ikkje alltid å finne alt originalt, så då må vi løyse det på anna vis, seier ho.
2. Var det konflikt mellom oljearbeidarar på grunn av automatisering?
Rein blir så «sinnsykt irritert!!!» etter eit møte med ein jypling på oljedekket.
Nykommaren styrer ei maskin som Rein har vore med på å byggje.
Maskina gjer jobben på plattform tryggare, men sørger også for at fleire menneske blir overflødige – og Rein får den ubehagelege oppgåva å seie opp folk.
Kunne dette skjedd på ekte?
Trude Meland ved Norsk Oljemuseum er forskar og har nyleg gitt ut boka Norsk rigghistorie med Helge Ryggvik.
Ho seier det er vanskeleg å svare med fakta på akkurat dette spørsmålet, men:
– Ja, det var nok ein del av dei «gamle gutane» som syntest at dei nyutdanna ingeniørane var nokre jyplingar, og at den einaste måten å lære boring på, var «hands on».
Men trass mykje undersøking, har ho ikkje høyrt noko om dårleg stemning på boredekket på grunn av automatiseringa.
– Dei fleste var nok fornøgde med at tryggleiken vart forbetra og at boringa vart forenkla og effektivisert, seier ho.
3. Kor lenge var det vanleg å røyke innadørs?
I bryllaupsfesten til Randi og Tobias sit brudgomen sjølv med ein sigarett i handa.
Ikkje uvanleg i 1990.
Den såkalla «røykelova» vart innført berre to år tidlegare: I 1988 kom paragraf 12 i tobakksskadelova under sosialminister Tove Strand.
(Sjølv om lova vart føreslått allereie tjue år tidlegare i Stortingsmelding 1968-69.)
Sidan 1988 vart lova utvida fleire gongar.
Blant anna i 2004 då det vart forbode å røyke innandørs på alle serveringsstadar (med mange unntak).
Helseminister Dagfinn Høybråten fekk både ære og drapstruslar for den lova.
Sjølv om talet på røykarar har gått drastisk nedover gjennom dei siste tretti åra, er det no ei auke igjen i unge menn som røykjer (på fest).
Her er eit bilete på haldningane i den tida, frå Østlandsposten:
Politisk arbeid for røykfri luft
Kampen mot røyking var lang og vanskeleg.
4. Var Frp «oljepartiet»?
Tja.
Mange oljearbeidarar mista jobben på slutten av 80-talet som følgje av teknologiske framsteg, renta var høg (mykje høgare enn i dag) og mange sleit med å betene lån.
Då som i dag, gir (blant mykje anna) økonomisk nedgang høg oppslutning til Frp.
Mange arbeidarar, inkludert dei som vanlegvis ville ha stemt Arbeidarpartiet, gjekk over til Frp ved stortingsvalet i '89.
Sånn som Rein. Han meiner at LO (og Ap) ikkje jobba for rettane til arbeidarane.
Frp sto forholdsvis sterkt blant unge arbeidarar i denne perioden, men om det var på grunn av oljepolitikken, er usikkert.
– Kanskje i nokon grad lokalt i Stavanger-området, men ikkje nasjonalt, seier Bernt Olav Aardal, valforskar og professor.
Han har skrive doktorgradsavhandling om valet i 1989 og partias syn på oljeverksemda.
– Frp gjorde eit særskilt godt val i Stavanger-området med over 15 prosent. Men at partiet stod fram som ein særleg sterk forkjempar for olja, kan eg ikkje sjå, seier han.
Trass i at dette blir rekna som det første miljøvalet, var både Høgre og Ap positive til oljen i 1989.
Frp stod ikkje i sterk kontrast til dei andre partia med tanke på oljepolitikken.
Det var innvandringspolitikken som gav dei så høg oppslutning.
Men at Rein kan symbolisere ein trend i tida – absolutt.
PS: Visste du at loven om Oljefondet vart vedteke under Høgres statsminister Jan P. Syse?
5. Men er ikkje dette ... regissør Petter Næss?
Jau då! Næss is back.
Når Anna er på jobbintervju i Oljefondet, sit Lykkeland-regissøren på andre sida av bordet og intervjuar henne.
Det er ikkje første gongen regissøren spelar ei rolle framfor kamera i serien.
Næss, som er tidlegare skodespelar, var granskingsleiar i 3. episode av førre sesong.
Woody Allen, Robert De Niro og Martin Scorsese er regissørar som også dukkar opp i egne filmar og seriar.
Hør praten med regissøren og manusforfattaren i Studio 2:
6. Såg pengesetlane sånn ut?
Under bryllaupsfesten til Tobias og Randi blir bestefar Fredrik med Marie opp på rommet hennar.
Der får han, og vi, sjå alle pengane ho har spart ved å pante flasker.
Er det ekte pengar?
Jepp!
Vi ser at Marie tel setlar produsert mellom 1966–1983.
Men ho kunne også ha talt myntar: I 1983 gjekk 10-kronesetelen ut og blei erstatta med mynt.
Sjå setlane frå 1962–2018.
7. Korleis har dei endra seg?
21 år har gått sidan vi møtte gjengen for første gong i 1969:
Christian er utdanna marinejeger frå Haakonsvern og Martin har vore befalet hans. Anna har gått eitt år på sekretærutdanning.
Toril har inga utdanning, og jobbar på hermetikkfabrikken til Nyman, som vi jo veit må legge om drifta si på grunn av lite fisk i havet.
Oljefunnet endrar retning på livet deira i veldig ung alder.
Dette er vårt første og siste møte med nokre av Lykkeland-karakterane.
Anna og Christian
Dei er begge fødd i 1950.
I siste episode er dei 40 år, og har gjort karriere i oljen og blitt småbarnsforeldre på kvart sitt vis og kvar sin kant; Anna med avdøde Jonathan og Christian med Toril.
Toril
Toril blir gravid i første episode, som ei 17 år gamla bedehusjente.
Å bli gravid uttafor ekteskap var synd, så ho må gifte seg med ein mann frå bedehuset, men oppi det heile døyr faren hennar og ho tar på seg skulda.
Sjølv om det var Christian som hadde drukke alkohol og køyrde bil.
Likevel finn dei saman, og Toril blir etter kvart sjølvaste utelivsdronninga i Stavanger. Det gir sine utfordringar, blant anna med rus.
Martin
Dersom Martin er nokre år eldre enn Christian, som jo var 19 i 1969, kan vi anta at Martin er om lag 42 år når han døyr i 1990.
Martin er ein av karakterane som er nærast sin egen skodespelar i alder: Mads Sjøgård Pettersen er 40 år i 2024.
Medan Anne Regine Ellingsæter (Anna) er 29, og Paal Herman Ims (Christian) er 31 år.
Ingrid og Fredrik
Ingrid Nyman er 40 i 1969, medan Fredrik Nyman er 48. Han blir 50 allereie i løpet av sesong 1.
Ingrid representerer mange gonger ei større samfunnsutvikling, og finn egen sjølvstende i blant anna bilkøyring.
Om Fredrik er over 70 år i siste episode eller ikkje, er vanskeleg å seie, men han er i alle fall ein aldrande mann og kjærleg bestefar.
8. Kjem det ein fjerde sesong?
Nei, dessverre.
Men du kan sjå første episode om igjen:
Kjelder: SNL, Helsebiblioteket, Helsedirektoratet, FHI, Lovdata, valforskar og professor ved UiO, Bernt Aardal, professor i historie, Einar Lie ved UiO, Trude Meland ved Norsk Oljemuseum, FrP.no, SNL om Frp, diverse aviser og nettstader, Norges Bank, og Lykkeland-produksjonen ved Petter Næss, Anne Bergseng, Mette Bølstad, Christine Bozenski.
Publisert 08.12.2024, kl. 20.06