Lurer vi ikkje òg ungdomen om vi lovar dei jobb innan realfaga?

6 hours ago 2



Erna Solberg (H) vil tvinge universitetene til å starte flere «nyttige» studieplasser – og legge ned de andre, skrev Aftenposten tidligere i sommer. Foto: Stian Lysberg Solum, NTB

Høgre varslar at dei vil ta sterkare kontroll over studiedimensjoneringa ved universitet og høgskular. Men spørsmålet om arbeidslivsrelevans er vesentleg meir samansett.

Publisert: 16.06.2025 20:00

I Aftenposten 5. juni varslar Høgre-leiar Erna Solberg ein politikk om fleire «nyttige» studieplassar og færre av andre. Diverre går ho inn i rekka av politikarar som vil ha meir arbeidslivsrelevante utdanningar, men med svak forståing av kva relevans handlar om.

Som forskarar som jobbar med utdanning og arbeidslivets kompetansebehov, meiner vi det er viktig å korrigere misoppfatningar om forholdet mellom utdanning og arbeidsliv.

Humanistar får jobb

Solberg blir sitert på at «ikkje alle kan vere humanistar eller samfunnsvitarar», fordi vi ikkje ønskjer å lure ungdommar inn i studiar som ikkje gjev relevant jobb. Men humanistar, særleg med master, får seg jobb. Dette veit vi frå Kandidatundersøkinga.

At det tar litt meir tid enn for ein del andre fagområde, og at litt fleire opplever eit litt større misforhold til kva dei har lært, kan skuldast mange ulike ting. Blant anna at dei ikkje utdannar seg til éin type jobb. Dei bidrar sjølv aktivt i å forme kompetansen sin og skape ein yrkeskarriere.

Statistisk sentralbyrås statistikk viser dessutan at antalet studentar som tar humanistiske utdanningar, har gått nedover dei siste 20 åra.

Å estimere kompetansebehov er vanskeleg

Lurer vi ikkje òg ungdomen om vi lovar dei jobb innan realfaga? I Kandidatundersøkinga finn vi at arbeidsløysa er størst for personar med master innan natur- og realfag.

IT-bransjen er eigna for å illustrere kor komplisert det er å estimere kompetansebehov og dimensjonere utdanningane.

Næringslivets Hovedorganisasjons Kompetansebarometer viser at mange verksemder treng ulike former for IT-kompetanse. Men dette er også ein bransje kor arbeidsløysa er relativ høg. Mykje tyder på at det er for god tilgang på nyutdanna innan enkelte IT-område, medan det er stor mangel på IT-folk innan andre område. Solberg vil vel likevel ikkje kalle IT-utdanningar for «unyttige»?

«Unyttige og nyttige utdanningar» er unyttige omgrep

Eit perfekt forhold mellom utdanningssystemet og arbeidslivet er både umogeleg og eit ueigna mål.

Tanken om at vi kan dele inn i «nyttige» og «unyttige» utdanningar, ser bort ifrå dei som utfører viktige oppgåver, men som ikkje har ei klar yrkesoverskrift.

Det ser også bort ifrå at samfunnets kompetansebehov er eit samspel mellom kva arbeidsgjevarar ønskjer, kva samfunnet treng for å sikre velferdstenester, kva studentar og arbeidstakarar treng for å vidareutvikle seg, og kva som er viktig for økonomisk berekraft.

Det kviler også på premissen om at vi har betre kontroll på arbeidslivets behov i dag og i framtida, og på effektar av ei styrt dimensjonering, enn vi reelt sett har.

At ein ikkje klarer å førestille seg yrke for utdanningar som ikkje er direkte yrkesretta, er eit uttrykk for dårleg fantasi, ikkje for verdien på utdanningane.

Read Entire Article