Ludvik skulle få tilrettelagt undervisning – i staden kasta universitetet han ut

1 day ago 10



Ludvik Ellingsen (34) frå Lofoten har ADHD.

Difor skulle han få utsett masterskriving av UiT, der han studerer på medisinutdanninga. Han skulle få skrive master parallelt med at han følgde sjette året på studiet.

Men då hausten kom hadde universitetet ombestemt seg.

Då Ellingsen ytra at han ville klage på dette, reagerte universitetet med å kaste han ut.

Eitt år etter legger universitetet seg flat og beklagar feilen.

– Dei klarar ikkje å øydelegge min motivasjon til å bli lege. Det har eg villa bli heile livet. Det er det som har drive meg gjennom denne konflikten, seier Ellingsen.

– Ein veldig påkjenning

Vi spolar tida tilbake til hausten 2023. Ellingsen og sambuaren kjem til Tromsø. Her skal Ellingsen fullføre siste året på medisinstudiet. Samstundes skal han skrive mastergrad.

– Eg var eigentleg ganske motivert, fortel Ellingsen.

– Eg flytta tilbake til Tromsø fordi eg trudde eg kunne forhalde meg til det universitetet hadde lova.

Ludvik Krogstad Ellingsen har brunt kort hår, grå jakke og grønn genser. Han sitter i et stort tomt amfi på UiT med blå stoler på alle kanter.

Ludvik Ellingsen fortel at det har vore einsamt å føre kampen mot universitetet. Men det verste var å ikkje lenger få vere del av det sosiale miljøet i klassen. Her sit han åleine i undervisningssalen.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Eigentleg skulle han levere mastergraden i løpet av det femte studieåret. Det klarte han ikkje.

– Sjølv om eg sat heile våren og heile sommaren og forsøkte, gjekk det ikkje.

Med ADHD-diagnosen var det for vanskeleg for Ellingsen å gjennomføre eit stort masterprosjekt åleine utan nok tilrettelegging.

Men det var uansett ikkje så viktig. Universitetet hadde nemleg gitt han løyve til å skrive mastergrad parallelt med undervisninga på 6. året.

Ludvik Krogstad Ellingsen har brunt kort hår, grå jakke og grønn genser. Han står i en fargerik trapp på UiT og ser ut over skoleområdet.

Midt i medisinsk fakultet står ein lang fargerik trapp. – Eg har mange gode minner herfrå også, seier Ellingsen som fortel at dei første fire åra på studiet var gode år.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Men berre få veker etter at Ellingsen hadde kome i gang med studiet blei han kalla inn til eit møte. Helsefakultetet ved UiT hadde ombestemt seg.

Han fekk ikkje skrive master samtidig som han gjekk 6. året likevel. Dei peikte på ein vedtaksendring som gjorde vedtaket frå januar ugyldig.

Ellingsen varsla at han kom til å klage. Og heldt fram med å gå i undervisninga, i håp om at dei skulle snu igjen.

Så blei han kalla inn på eit nytt møte. Denne gongen sa fakultetet at dei ville opprette skikketheitsak på Ellingsen og kaste han ut.

– Kvifor ville dei gjere det?

– Det var fordi eg framleis gjekk i forelesing, og ikkje høyrde på det dei hadde bestemt, seier Ellingsen og legg til:

– Det var ein veldig påkjenning. Frå ein dag til nest mista eg kontakt med alle.

Ellingsen sin kamp mot UiT

Saka til Ellingsen mot UiT strekker seg over meir enn eit år. Det gjekk omlag eit halvt år frå han mista vedtaket frå januar, til klagenemnda seier at UiT har gjort feil.

Meiner universitetet trakk saka ut i tid

Etter møtet i november blei namnet til Ellingsen fjerna frå undervisningslister. I tillegg mista han tilgang med nøkkelkort og til journalsystem.

På den måten vart han tvinga til å slutte å studere.

– Då drog eg berre heim og begynte klageprosessen, som viste seg å skulle bli veldig lang.

Ludvik Krogstad Ellingsen har brunt kort hår, grå jakke og grønn genser. Han står i et rom med hvite vegger og store vinduer. I bakgrunnen synes en grønn plante.

Ludvik Ellingsen kontakta tillitsvalt i klassen, studentombod og studentparlament for å få hjelp. Først var alle interessert i å hjelpe, men det var lite dei kunne gjere, før klagenemnda hadde svara.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

For sjølv om Ellingsen hadde klaga til klagenemnda på universitetet, drog det ut.

Det var nemleg universitetet som skulle sende klaga inn. Det brukte dei ein og ein halv månad på, ifølge Ellingsen.

– Det er veldig få som får medhald i klagenemnda. Eg trur det var difor fakultetet stengde meg ute undervegs i klageprosessen, seier Ellingsen.

Ludvik Krogstad Ellingsen har brunt kort hår, grå jakke, grå bukse og hvite joggesko. Han sitter i en liten park med hus på alle kanter.

Mens Ellingsen sto i den lange klageprosessen med studiestaden blei naturen viktig for han. På tur kunne han kople tankane og stresset av litt, fortel han.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Ellingsen seier også at avslaget Helsefakultetet sende til nemnda innhald fleire påstandar som ikkje stemte.

– Det bar preg av at eg ikkje følgde opp avtaler og tok telefonen om universitetet ringde. Men det stemte rett og slett ikkje, hevdar Ellingsen.

Ellingsen sende difor korreksjon til klagenemnda i eit eige skriv.

– Det store spørsmålet er kvifor. Utdanninga har ikkje noko å tene på det som har blitt gjort. Tvert om, seier Ellingsen.

Han peiker på at medisinstudentar er dei studentane som kostar universitet mest.

Ellingsen var utestengt til 4. januar. Då fekk han medhald i klagen til klagenemnda og dermed også tilgangane tilbake.

Han fekk endeleg medhald i mars, eit halvt år etter at alt starta.

Meiner han burde ha skrive master mens han var utvist

Klagenemnda for studentsaker konkluderte med at «alt er reparert» etter at UiT gav tilbake tilgangane.

Helsefakultetet meinte og at Ellingsen då kunne ta igjen dei to månadane med obligatorisk undervisning som han hadde mista mens han var utestengt.

Ellingsen er ueinig.

– På siste året i medisin er det vanskeleg å berre følge vanleg undervisning, fordi det er så mykje vi skal igjennom. Sjølv ein veke hadde vore utfordrande å ta igjen.

Ludvik Krogstad Ellingsen har brunt kort hår, grå jakke og gråsvart bukse. Han går mot UiT sitt medisinske fakultet. I forgrunn synes et sykkelstativ med noen sykler i.

Dette er første gongen Ellingsen er tilbake på universitet etter møtet der fakultetet trakk tilgangen han hadde til rom og journalsystem. Det har vore for tøft å dra tilbake før no.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

I tillegg meiner har det undergrev tilliten til klagesystemet at han var utestengt samstundes som klagen hans blei behandla.

NRK har sett dokument der Legeforeningen har fremma erstatningskrav for Ellingsen. Der hevdar dei at omgjeringa av vedtaket 27. januar var ulovleg.

Til NRK seier Hanne Riise-Hanssen, advokat og seksjonssjef i Avdeling for jus og arbeidsliv i Legeforeningen dette:

– Legeforeningen kan bekrefte at vi har assistert Ellingsen. Vi kommenterer ikkje enkeltsaker og har derfor ikkje ytterlegare kommentarar.

Ludvik Krogstad Ellingsen har brunt kort hår, grå jakke og grønn genser. I bakgrunn går en lege igjennom en overgang mellom sykehuset og universitet.

Ludvik Ellingsen seier universitetet la til rette i form av utsette freistar. Det han hadde trunge var meir rettleiing, meiner legestudenten som står i overgangen mellom universitet og sjukehuset.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

NRK har sett dokumentasjon på at universitetet avslo Legeforeningen sitt krav. Der peiker UiT på at Ellingsen allereie hang etter på studieløpet, og at han kunne ha jobba vidare med mastergraden sjølv om han var utestengt.

Dei seier òg at det er fagleg utfordrande å ta mastergraden samtidig med sjette året. Studiestaden meiner difor at det mest sannsynlege er at Ellingsen uansett ville blitt forsinka.

Kunnskapsdepartementet: Har rett til tilrettelegging

Ifølge klagenemndas endelege vedtak 8. mars 2024 skal studentar med funksjonsneising eller med særskilde behov ha rett til tilrettelegging av lærestad ifølge universitets- og høgskoleloven § 4–3 c.

Også kunnskapsdepartementet seier det er viktig at studiestadene legger til rette for studentane.

Ivar B. Prestbakmo

Ivar B. Prestbakmo, statssekretær ved Kunnskapsdepartementet, skriv at direktoratet for høgare utdanning og kompetanse har ein avdeling som kan assistere institusjonane med rettleiing.

Foto: CHRISTIAN KRÅKENES / CHRISTIAN KRÅKENES

– På generelt grunnlag kan eg seie at studentar med funksjonsnedsetting og studentar med særskilde behov har rett til eigna individuell tilrettelegging som sikrar deira moglegheiter til utdanning.

Det skriv statssekretær Ivar B. Prestbakmo (Sp) i ein e-post til NRK.

Han seier departementet forventar at institusjonane handlar i tråd med bestemmingane i universitets- og høgskulelova.

UiT: – Erkjenner at vi har gjort feil

I vedtaket seier klagenemnda ved UiT at det er naturleg at Det helsevitskapelege fakultet ber ansvaret og konsekvensane for feilen som ligg føre.

Dekan ved Helsefakultetet ved UiT, Gunbjørg Svineng, vil ikkje svare NRK på kva dei meiner ligg i å bere ansvaret, og kva konsekvensar saka får for dei.

Dekan ved UiT Helsefakultetet ved UiT, Gunbjørg Svineng, har lyst grålig, kort hår og briller. Hun har grønn bluse i strikkemønster og står i foajeen ved medisinsk fakultet på UiT. Hun ser til høyre for kamera med et bestemt blikk.

Dekan ved UiT Helsefakultetet ved UiT, Gunbjørg Svineng, innrømmer at fakultetet har gjort feil i saka om Ellingsen, men vil ikkje svare på kvifor dei gjorde vala dei gjorde.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

NRK har både skriftleg og munnleg framlagt ein rekke spørsmål knytt til Ellingsens oppleving. Svineng seier at ho ikkje gå inn på detaljerte spørsmål i saka, då det omhandlar ein enkeltstudent.

Men ho legg ikkje skjul på at universitetet har gjort feil.

– UiT erkjenner at vi har gjort feil, slik det òg er slått fast av klagenemnda for studentsaker, seier Svineng.

Ho seier at UiT i etterkant har gjort det dei kan for at studenten skal få fullført studieløpet på best mogleg vis, mellom anna gjennom ekstra rettleiing og tilrettelagt eksamen.

Vi beklagar dei ulempene det har ført til for studenten.

Mista siste år med lånekasse

Til hausten lar UiT altså Ellingsen både få studere 6. året på medisinstudiet og skrive master. Sidan han følgde undervisninga i fjor fram til 15. november, då han blei kasta ut, skal han skrive master fram til 15. november i år. Så skal han følge resten av 6. året.

– Eg er generelt skuffa over korleis UiT tar i vare folk som meg med spesielle behov. Eg har vore veldig fotvilt og sint på at det var mogleg, sidan eg ikkje forstod bakgrunnen for det, seier Ellingsen.

Sjølv om det meste no er løyst, er 34-åringen likevel uroa.

Ludvik Krogstad Ellingsen går igjennom overgangen fra UiT til sykehuset UNN. I bakgrunnen synes fjell, høye trær og bygninger, samt mange mennesker som venter på bussen.

Ludvik går igjennom overgangen som fører mellom universitetet og sjukehuset. Det neste året skal han gå her ofte når han faktisk får følge sjette året på studiet samstundes som han skriv master.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Året han brukte på å krangle med studiestaden var nemleg det siste året han hadde med studiestønad frå lånekassa.

– For meg var det litt avgjerande å få ting ferdig dette året.

– Kvifor har du ikkje brukt dette året til å jobbe og tene opp pengar?

– Det har eg rett og slett ikkje orka i klageprosessen. Eg har vore ganske langt nede nokre gongar.

Ludvik Krogstad Ellingsen har brunt kort hår, grå jakke og grønn genser. Han står foran et speil med et stetoskop i ørene og lytter til hjertet sitt.

Det er lenge sidan legestudenten har fått bruke legeutstyret sitt. Sidan han blei utestengt frå universitetet i november har det låge pent pakka saman.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Ellingsen skulle ønske universitetet kom med eit tilbod snart, slik at han kan planlegge det neste året. Sidan dei enno ikkje har gjort det, har han leidd inn eigen advokat og tar saka for retten.

Dekanen ved Helsefakultetet vil ikkje kommentere korleis dei vil kompensere Ellingsen økonomisk, då erstatningskravet ikkje er avgjort.

– Eg kunne vore ferdig no om dei ikkje hadde utestengt meg. Men eg ser lyst på å fullføre utdanninga. Om eit år trur eg at eg er ferdig, seier Ellingsen.

Publisert 01.07.2024, kl. 10.22

Read Entire Article