Lova er klar: Dei får ikkje arve fiskeimperiet

3 hours ago 4



For 37 år sidan kjøpte to unge karar frå Stad sin første fiskebåt.

I dag har Ervik Havfiske blitt til ei milliardverksemd.

No står sju arvingar klare til å ta over som eigarar.

Men det får ikkje dei lov til.

– Det er kjipt. Og ikkje berre for oss, seier Robert Ervik (31).

Han er ein av dei sju arvingane. Allereie som 27-åring tok han over som dagleg leiar i Ervik Group i Leikanger på Stadlandet.

en mann med hvitt hår

«Frøyanes Junior» ligg til kai. Linebåten vart bygd i 2019.

Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRK

Slik er lova:

Skal du eige fiskebåtar og kvotar, må du vere aktiv fiskar på båt.

Problemet for Ervik-arvingane er at berre éin av dei jobbar på fiskebåt. Ifølge lova må minst fire av dei ha dette som levebrød.

Robert Ervik har ikkje tid til slikt.

Det er uforsvarleg om han skulle reist på havet – og latt selskapet segle sin eigen sjø, ifølge han sjølv.

Vil ikkje stikke med pengane

Formålet med reglane er å hindre at rike investorar skal kjøpe opp fiskebåtar og kvotar. Lova heiter Deltakerlova.

Reglene skal sørge for at pengane frå fiskeri blir verande i lokalsamfunn langs kysten. Det gir «lys i husan».

Men dette får arvingane til å klø seg i hovudet. For dei har ingen planar om å reise vekk frå Stad med selskapet, kor dei har bygd opp ei heil næringskjede.

en mann med hvitt hår

Hovudkontoret ligg ikkje urbant til.

Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRK

Logoen til Ervik Havfiske, ein fiskekrok, er å sjå over alt i lokalsamfunnet. Utanfor hotellet, i det splitter nye helsestudioet, og i mange selskap knytt til konsernet.

– I fjor la vi igjen 206 millionar i lokalsamfunnet, seier Robert Ervik.

Dei ønsker derfor å få fritak frå reglane fordi selskapet er så viktig i lokalsamfunnet. Alternativet er at dei må selje heile fiskeverksemda, ifølge Ervik.

  • en mann med mørkt hår

    Håkon Vatnar Olsen / NRK

    Eivind Holmboe

    – Utan Ervik Havfiske hadde det vore mykje mindre framtidsretta næringsliv her. Vi som jobbar i andre firma, ser opp til dei. Dei banar veg.

  • ein mann som sit på ein romaskin

    Håkon Vatnar Olsen / NRK

    Hans Christian Hansen

    – Dei støtter masse tiltak, blant anna denne gymmen. Dei gir pengar til organisasjonar og idrettslag. Dei fordelar av overskuddet til Stad.

  • ein mann med hvitt hår

    Håkon Vatnar Olsen / NRK

    Iver Medina Welle

    – Dei styrker lokalmiljøet. Det er fint at det er industri og pengar i lokalmiljøet. Det hadde ikkje vore like mykje tilflytting utan Ervik Havfiske.

  • Judith Kvåle

    Judith Kvåle (Ap), ordførar

    – Dei genererer veldig mange arbeidsplassar. De rekrutterer òg kompetanse til Nordfjord, som er vanskeleg å få tak i elles. Eg meiner at fellesskapets beste er at reiarlaget ikkje blir delt opp.

Prinsippfast departementet

Det er Nærings- og fiskeridepartementet som bestemmer om Ervik Havfiske får fritak frå reglane. Statssekretær Kristina Hansen (Ap) seier at ho forstår utfordringa med generasjonsskifte.

Ho vil ikkje kommentere den konkrete saka til Ervik Havfiske. Likevel legg ho seg på ei prinsippfast linje i si kommentar til NRK.

– Det har vore brei politisk einigheit om at deltakarlova ligg fast, seier Ap-statssekretæren.

Også Noregs Fiskarlag er særs tilbakehaldne, utan å seie blankt nei.

– Etter vår vurdering er det avgjerande at dei grunnleggjande prinsippa som deltakarlova skal vareta, ikkje blir svekka, seier Henriette Skaar i Fiskarlaget.

Høgre: Firkanta og rigid

Ervik Havfiske er ikkje dei einaste som står i denne knipa.

Høgre meiner at tida er inne for å sjå på reglane med friskt blikk.

– Ervik Havfiske er et døme på at det er naudsynt, seier fiskeripolitisk talsperson Olve Grotle i Høgre.

en mann med briller

Foto: Heiko Junge / NTB

Men viss Grotle får det som han vil, blir det likevel ikkje fritt vilt for rikfolk som vil kjøpe fiskebåt.

– Deltakarlova har gode intensjonar i seg, men vi i Høgre meiner det er litt vel firkanta og rigid.

– Ikkje berre å hive folk på havet

Dei sju arvingane har framleis ein del år på seg for å finne ei løysing. Men situasjonen er til hinder for moglege investeringar, seier Robert Ervik.

Om bord på den toppmoderne linebåten «Frøyanes Junior», som ligg til kai, ser 31-åringen utover Stadlandet i strålande vêr. Mange av dei 600 sysselsette i verksemda bur her.

en mann med hvitt hår

Robert Ervik har sjølv vore tre år på fiskebåt. Han seier det ikkje er mogleg å kombinere eit liv på sjøen med å leie selskapet.

Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRK

– Disse reglane kjem vel ikkje som ei overrasking. Kvifor har de ikkje planlagt for å dra på havet?

– Eg sjølv har vore tre år på sjøen, men det er over ti år sidan no. Men det er ikkje berre å hive folk på havet heller. Nokon har kanskje underliggande sjukdommar som gjer at havet ikkje passar.

– Vi må ha folk på kontoret for å drifte båtane. Og deltakarlova er jo til for å skape liv i kysten. Det er akkurat det vi gjer.

Publisert 22.04.2025, kl. 12.30 Oppdatert 22.04.2025, kl. 12.38

Read Entire Article