Møre og Romsdal politidistrikt fekk ein stor jobb med å passe på brylllaupet til prinsesse Märtha Louise og Durek Verrett i Geiranger i slutten av august.
Prislappen for det spesielle oppdraget kom på 1,6 millionar kroner, skriv politiforum.no. Det på det lokale politidistriktet betale for sjølv.
Ein million av det gjekk berre til løn til mannskapa. Frå før av er det kjend at det kosta ein halv million for kost og losji.
Dei brukte i hovudsak eiget personell, men fekk i tillegg bistand frå nasjonale ressursar, mellom anna tilsette i bombegruppa.
Det var 300 gjester, både kongelege og kjendisar som deltok. Feiringa gjekk føre seg i tre dagar, og politiet måtte har folk til stades heile helga.
Publisert 23.01.2025, kl. 14.09 Oppdatert 23.01.2025, kl. 14.29