Her blir dei ståande fast i fleire timar etter jobb

3 hours ago 3



– Står ein i fjerde etasje i parkeringshuset kan det ta opp mot tre til fire timar å kome seg ut.

Tiril Jønstad jobbar ofte eitt par timar ekstra, berre for å sleppe køen heim.

Parkeringskaos på Ahus

Tiril Jønstad sit lenger på jobb for på sleppe køen.

Foto: Hallgeir Braastad / NRK

– Det er ganske trasig. Det er ein tids-tjuv i kvardagen, seier Maja Medlener.

Ho er på veg heim frå jobben på Akershus universitetssjukehus, eit av Noregs største sjukehus.

For å rekke jobb må ho berekne femti minutt på ei reise som eigentleg tek tjuefem.

På veg heim tek det enda lengre tid.

Det var Romerikes Blad som fyrst omtala saka.

Maja Madlener må berekne god tid når ho skal på jobb – og enda betre tid på veg heim

Maja Medlener må berekne god tid når ho skal på jobb – og enda betre tid på veg heim.

Foto: Hallgeir Braastad / NRK

Nå har parkeringssituasjonen på Ahus gått så langt at tillitsvalde er bekymra for dei tilsette.

– Me er bekymra for at det skal gå utover at tilsette vel å seie opp jobben sin, fortel Ellen Marie Strøm-Roum.

Ho er tillitsvald for overlegane på Ahus. Og er redd dei kan miste legar til jobbar som ligg betre til i til dømes Oslo.

– Det passar ikkje i lag med familieliv når ein ikkje kjem seg heim frå jobb, fordi ein står fast i parkeringshuset.

Parkeringskaos på Ahus

Akershus universitetssjukehus er blant Noregs største sjukehus med 12 000 tilsette.

Foto: Hallgeir Braastad / NRK

Blir berre verre

Ahus er Noregs største akuttsjukehus med 12 000 tilsette, der omtrent 4300 er på jobb mellom 08.00 og 16.00 kvar dag.

Ifølgje sjukehuset er det 1825 parkeringsplassar – det vil seie mindre enn ein halv parkeringsplass per tilsette.

I vaktskiftet blir det propp og nesten stilleståande kø i inn- og utkøyringa av parkeringshuset.

Parkeringskaos på Ahus

Det er ikkje uvanleg å vente ein time på å kome seg ut av parkeringshuset.

Foto: Hallgeir Braastad / NRK

Parkeringsproblematikken ved Ahus har vart i nokre år.

I fjor valde sjukehuset å auke parkeringsavgifta for tilsette som budde nære sjukehuset – i håp om at fleire skulle bruke andre framkomstmiddel til jobb.

Tiltaket har ikkje gjort situasjonen betre.

– Det har vore ein frustrerande situasjon i mange år, men nå veit eg at mange opplever det som ein umogleg situasjon, seier Strøm-Roum.

Parkeringskaos på Ahus

Ellen Marie Strøm-Roum er tillitsvald for overlegane på Ahus. Ho er redd parkeringsproblematikken gjer at tilsette vel å seie opp jobben.

Foto: Hallgeir Braastad / NRK

Kvifor kan ein ikkje berre ta kollektivt?

– Det er mange unge som jobbar på Ahus, som er avhengig av å hente i barnehage og liknande. Det lønnar seg rett og slett ikkje å ta kollektivt, fortel Åshild Jørgensen.

Ho tillitsvald for sjukepleiarane på Ahus. Ho fortel at bussen ofte hamnar i det same kaoset.

Kan gå utover pasientsikkerheita

Dei ulike avdelingane på sjukehuset opplever ofte at folk kjem for seint på jobb.

– Viss det er fleire på same avdeling som kjem for seint, så vil det i ytste konsekvens gå utover pasientsikkerheita.

Jørgensen er ikkje kjend med at det har gått utover behandlinga, men utelukkar ikkje at det kan skje.

HR-direktør Jan Inge Pettersen forstår at dei tilsette er frustrerte over situasjonen.

– Dei fleste har ein kvardagskabal som må gå opp. Det er svært uheldig for oss dersom dei tilsette seier opp jobben på grunn av parkeringa. Me er heilt avhengig av å halde på tilsette og kompetansen deira.

Han legg til at det er viktig for sjukehuset å få på plass tiltak.

Direktør for facilitiesmanagement-divisjonen på Ahus, Morten Løkken Bendiksen, svarar at dei jobbar med å finne løysingar på problemet – både i det korte og i det lange biletet.

Dei er mellom anna i prat med fylkeskommunen om å opne fleire utkøyringar til vegnettet. Og etter kvart kjem det ein eigen busstrasé til sjukehuset.

Tips meg!

Har du innspel til denne eller andre saker? Send meg ein e-post! :) 

Publisert 23.01.2025, kl. 21.04 Oppdatert 23.01.2025, kl. 21.29

Read Entire Article