Lokalbefolkninga redda Finnmarksløpet til Sofie og Johanne

4 hours ago 4



Det er første gong dei unge hundekøyrarane Sofie Høybakken (17) og Johanne Helene Walker Ørka (17) er med på Finnmarksløpet.

– Sidan eg fekk min første hund har eg hatt ein svak barndomsdraum om Finnmarksløpet, seier Ørka.

Dei deltar i juniorklassen som er ein distanse på 200 kilometer, og køyrde sist ut av Alta sentrum laurdag.

– Det er veldig stort. Det er litt urealistisk, seier Høybakken.

Ho har gleda seg veldig til å komme seg ut på vidda med hundane.

– Ein har trena så lenge og lagt så mange timar i det. Så eg trur det kjem til å bli kjempebra, seier ho.

Jentene frå Oslo og Hamar har alltid drøymt om å få vere med på løpet, men då reisa nordover starta på onsdag, gjekk alt som kunne gå gale, gale.

Første hinder kom allereie etter fem minutt i bil.

Fekk hjelp frå lokalbefolkninga

Jentene går på Jønsberg vidaregåande skule i Stange og starta reisa der ifrå klokka ti onsdag. Men dei kom ikkje lenger enn til Ilseng før bilen stoppa å fungere.

– Vi kom oss til ein verkstad, og der blei vi i åtte timar, seier Høybakken.

Då fekk dei tak i ein leigebil, og kunne endeleg komme seg ut på vegen igjen.

Men det varte ikkje lenge, og andre hinder kom etter sju timar.

– Hengaren punkterte når vi kom litt forbi Levanger, seier jenta frå Hamar.

Sofie Høybakken (til venstre) og Johanne Helene Walker Ørka (til høyre) deltar i sitt første FL junior. Her trekker de sleden sin med hunden Aris.

Foto: Øyvind Nordahl Næss / NRK

Ein redningsbil kom og drog dei vidare til Mosjøen, men der sa det stopp.

Dei trong hjelp for å fikse hengaren.

Då opplevde dei at nesten heile lokalbefolkninga gjorde det dei kunne for å hjelpe.

– Vi fekk hjelp av Mosjøen Anlegg og Utleie, som med ein gong prøvde å fikse hengaren og finne delar til hengaren. Dei ringde rundt heile Mosjøen for å skaffe bur, eller om det var nokon som hadde ein hengar til oss, fortel Høybakken og legg til:

– Dei var så på å hjelpe oss, og det var utruleg fint.

Ifølge Hamar-jenta kom folk køyrande frå fleire stader rundt Mosjøen for å hjelpe til.

– Lengste kom tre-fire mil for å levere nokre bur. Alle var så hjelpelege, både kennelar, folk med enkelthundar og hundehotell. Alle skulle hjelpe, seier Høybakken.

Det var på hengande håret at dei rakk fram i tide.

– Redda heile løpet for oss

Jentene seier dei aldri hadde klart å komme seg til Alta utan all hjelpa dei fekk på vegen.

– Vi hadde ikkje vore her utan dei. Først bilen, så hengaren, og så mangel på hundebur, seier Ørka.

På eit tidspunkt ville dei gi opp heile greia.

– Det var ei stund der vi tenkte at dette ikkje går. Dei i Mosjøen redda heile Finnmarksløpet for oss. Vi hadde ikkje stått her utan hjelpa deira, seier Ørka.

Det var på hengande håret at dei rakk fram i tide.

– Då vi kom fram til ferja, så var det seks minutt til ho skulle gå. Så hadde vi stoppa ein gong til på vegen, så hadde vi ikkje rokke løpet. For då hadde vi ikkje rokke køyremøtet, og då kunne vi ikkje ha starta, forklarer Ørka.

Køyrarane i 1200 kilometerklassen har vore ute i eitt døgn. Då dei kom til første sjekkpunkt, slo himmelen til med fantastisk nordlys.

– Er frå eit miljø der ingen driv med hundekøyring

Det einaste løpet jentene har køyrt før Finnmarksløpet er Mush Synfjell 2025, men dei har trena for dette i heile år.

– Vi har lært alt ein kan lære. Det å takle problem som oppstår og finne løysingar på det, sjølv om det kanskje ikkje verkar som det er ei løysing. Så eg trur dette kjem til å gå veldig bra. Hundane er klare. Vi er klare, seier Ørka.

Sofie Høybakken (til venstre) og Johanne Helene Walker Ørka (til høyre) deltar i sitt første FL junior. Der står de sammen med lederhunden Aris og ene sleden.

Sofie Høybakken (til venstre) og Johanne Helene Walker Ørka (til høgre) går linja naturbruk med hundekøyring og hundefordjuping på Jønsberg vidaregåande.

Foto: Øyvind Nordahl Næss / NRK

Spesielt Oslo-jenta skryter av Jønsberg vidaregåande skule som har gitt henne høve til å drive med hundekøyring.

– Eg er frå eit miljø der det er ingen som driv med hundekøyring, så det er eit veldig fint tilbod. For dei som kanskje ikkje har råd til å ha mange hundar, så stiller skulen med det og utstyr, seier Ørka.

Publisert 15.03.2025, kl. 15.44 Oppdatert 15.03.2025, kl. 15.55

Read Entire Article