– Det er veldig spennande, seier Hilde Graffer.
Ho er odelsjente på storgarden Graffer i Lom i Gudbrandsdalen.
På loftet heng originale bunader på rekke og rad.
Historia til kvar bunad, kor gamle dei er eller kven som har laga dei, er det ingen som veit.
Men blant kulturskattane på loftet er den originale grafferbunaden, som seinare har blitt rekonstruert og populær over heile landet.
No har loftet hennar, og klesskapet til mange nordmenn, hausta internasjonal heider.
- Les også om bunaden som er i ferd med å døy ut.
Blant verdas kulturarv
Denne veka vart nemleg bunadsbruken i Noreg innskriven på Unesco si liste over immateriell kulturarv.
Det er altså måten vi bruker bunaden på, og handverket som ligg bak, som no er oppført på lista.
– Det internasjonale samfunnet anerkjenner med denne innskrivinga bunadbruk og tekstilhandverk i Noreg som viktig levande kulturarv, som bør sikrast for framtidige generasjonar, seier Ellen Krageberg, direktør i Noregs Husflidslag.
Saman med fire andre organisasjonar har dei jobba med å få bunadsbruken inn på kulturarvlista sidan 2017.
– Dette handlar om å ta vare på kunnskapen. Det betyr eigentleg at samfunnet, staten Noreg, no har eit ekstra, særskilt ansvar for å ta vare på dette, seier Kjærsti Gangsø, leiar i Studieforbundet for kultur og tradisjon.
– Det er jo vi som driv med bunad og som er opptatt av bunad, glade for.
Treng fleire fagfolk
– Tenk at bunaden, kunnskapen om å lage bunaden og måten vi går med bunaden på, er verdas kulturarv, seier Barbro Tronhus Storlien.
Ho er bunadstilverkar, eit yrke som relativt få vel å utdanne seg til.
Sjølv om det har vore ei lita auke i talet på folk som tek svennebrev i bunadstilverking dei siste åra, er det framleis svært få.
I fjor var det 11 personar som tok svennebrev i faget.
Storlien håpar ei plassering på kulturarvlista kan bidra til å løfte faget.
For sjølv om bunaden står sterkt i Noreg i dag, meiner ho tradisjonen er trua av mangel på fagfolk og at kunnskapen om handverket kan forsvinne på sikt.
– Kunnskapen er viktig å ta vare på. Vi treng fleire fagfolk, seier Storlien.
– Eg håpar dette kan gjere til at fleire ser verdien av å lære seg å sy.
– Eit stort ansvar
Sjølv skulle odelsjenta på Graffer ønskt ho hadde meir kunnskap om bunadane på loftet og kven som har laga dei.
– Det er mykje kunnskap og arbeid som ligg bak, og eit stort ansvar, seier Graffer.
Men mest av alt er ho stolt over at gardsbunaden er kopiert og brukt over heile landet.
– Eg synest det er artig, men eg liker jo best at folk brukar det originale. Men det er artig å sjå folk med grafferbunaden, seier ho.
- Det er fleire som vil inn på den eksklusive lista. No blir det jobba med å få ein norsk matrett inn på Unesco-lista.
Publisert 06.12.2024, kl. 08.08