Liverpool-talent signerer for MFK

4 hours ago 1



19-år gamle Trent Koné-Doherty har signert kontrakt for Molde Fotballklubb.

Han kjem opphaveleg frå Irland, og har tidlegare spelt for irske Derry City og engelske Liverpool.

– Det er veldig kjekt å hente ein spelar som ser at vi er ein destinasjon og ein plass der han kan utvikle seg, seier sportssjef Ole Jakob Valla Strandhagen.

Kone-Doherty har spelt ein rekke kampar for Liverpools U21-lag, og éin kamp på førstelaget.

No har han signert ein fireårskontrakt for moldensarane.

19-åringen seier at han hadde fått eit tilbod frå Liverpool, men at han følte det var riktig for han å velje Molde.

– Eg er klar for å spele på førstelaget, og det er derfor eg er her. Eg gler meg til å komme i gang, seier han til NRK.

Read Entire Article