Over 25.000 spring i dag under Bergen City Marthon.
Langs med løypa står helsepersonell klare for å passe på alle deltakarane.
I fjor blei mange folk dårlege. 23 personar blei frakta til sjukehus og ei av dei døydde.
Helsepersonell passar på undervegs i løypa.
Foto: Gerd Johanne Vatne Braadland / NRKArrangør Roger Gjelsvik seier til NRK at det så langt har gått fint.
– Det har vore veldig få hendingar og ikkje noko kritisk. No er det framleis ei god stund att av løpet, men beredskapen vår er veldig god.
Gjelsvik seier det ser ut som at løparen har lytta meir til råda deira om å ikkje ha for mykje kle på seg og drikke godt undervegs.
Det er folksamt i vestlandshovudstaden i dag.
Foto: Gerd Johanne Vatne Braadland / NRK– Så det ser veldig fint ut, seier han til NRK.
Største løpet i landet
Løpet har i år ny rekord, og over 25.100 personar frå over 70 nasjonar spring i bergensgatene.
Folk kan delta i 2 km, 21 km, 42 km, 5 km & stafett.
– Det er veldig mykje folk, men folka smiler og dei har det fint, seier Gjelsvik.
Han legg til at dei har hatt nokre mindre utfordringar, men at det jamt over går bra.
Arrangør Roger Gjelsvik er godt nøgd med rekord for årets løp, som no er det største i landet.
Foto: Gerd Johanne Vatne Braadland / NRK– No har dette blitt Noregs største maraton, kva tenker du om det?
– Det er veldig gøy. No er vi større enn kva Oslo var i fjor, så no kan dei prøve å slå oss, og så prøver vi igjen neste år. Det er sånn det skal vere, det er gøy!
Slo brudgommen sin med to minutt
Med kvit cowboyhatt kom Maria Victoria Lothe i mål, springande i sitt eige utdrikkingslag.
Maria Victoria Lothe (i kvit cowboyhatt) sprang under sitt eige utdrikkingslag, og var svært nøgd med å knuse sin komande mann med to minutt.
Foto: Gerd Johanne Vatne Braadland / NRKDen komande ektemannen hennar sprang også, men han kom to minutt etter Lothe – til stor glede for alle i utdrikkingslaget.
Andre som også var godt nøgde, men også slitne, er venninnene Isabel Von der Lippe og Vibeke Olstad.
Dei har trent i fleire månader og hadde sett seg eitt mål for dagen:
– Vi ville komme under to timar, og det gjekk, seier Von der Lippe.
Dei vedgår at dei på eit tidspunkt var ganske så pumpa, særleg ved Nordnes, men folkelivet langs løypa hjelpte på:
Isabel Von der Lippe (til venstre) og Vibeke Olstad jublar ved målgangen.
Foto: Gerd Johanne Braadland– Stemninga i løypa gav helt vilt mykje energi, seier Olstad.
Også Moamen Mekbad var godt nøgd med tida si på halvmaraton.
Moamen Mekbad kom under to timar.
Foto: Gerd Johanne Vatne Braadland / NRK– Det gjekk betre enn forventa. Målet var to timar, og eg kom inn på 1.50, seier han.
I starten var det tungt. Men då eg kom ned mot Amalie Skram, så var det bra. Eg føler meg som ein «animal»! gliser han.
Vann for sjette gong
Tage Morken Augustson frå Varegg vann Bergen City Marathon i Bergen i dag for sjette gong på rad med ei tid på 2.34,06.
Kristian Blummenfelt vann halvmaraton.
– Eg trur eg sprang på 1.08.30, seier den tidlegare olympiske meisteren på Triatlon til Bergens Tidende i målområdet.
Andreplass kapra Reidar Austerheim (25) frå Jølster Idrettslag.
Publisert 25.04.2026, kl. 13.04 Oppdatert 25.04.2026, kl. 14.01











.jpg)







English (US)