Lise Lotte (29) gjekk seg ut av vinterdepresjonen

2 hours ago 2



Draumen om Sør-Korea starta under koronapandemien, medan Lise Lotte Sivertsvik Jørgensen jobba med hår og sminke på Nationaltheatret i Oslo.

Da einmeteren blei innførd, blei det umogeleg å fortsette i yrket, og ho måtte sjå etter nye retningar.

Vendepunktet kom i kinomørket. Etter å ha sett ein Oscar-nominert koreansk film, blei ho så inspirert av kulturen at ho bestemte seg for å lære språket.

– Eg har alltid vore interessert i språk, og det tok meg berre ein time å lære det koreanske alfabetet, seier ho fornøgd.

Saman med nokre veninner drog ho på ei eittårig språkreise til Seoul. Opphaldet gav meirsmak, og ho valde å søke seg inn på Universitetet i Seoul.

– Eg kan snakke koreansk og har ingen problem med å delta i daglegdagse samtalar no, men eg kan ikkje gå inn i dei djupe diskusjonane enno. Så god er eg ikkje, ler ho.

Livredde for kulden

Det koreanske studieåret har to feriar, begge er på to månader, ein på vinteren og ein sommaren. Sidan vinteren i Korea er bitande kald, held dei fleste seg inne.

For Lise Lotte førte isolasjonen på vinteren til vinterdepresjon. I år bestemte ho seg for å ta grep. Løysinga blei å gå Sør-Korea på langs, frå Seoul til Busan.

Lise Lotte i Korea

Lise Lotte på tur frå Seoul til Busan.

Foto: Lise Lotte Sivertsvik Jørgensen / privat

– Koreanarane er livredde for kulden, så det er ikkje mange som vil vere med ut. Tidlegare har eg slite med vinterdepresjon, så i år tenkte eg at eg måtte kome meg ut og bevege meg.

Då NRK snakka med henne, nærma ho seg slutten på den omtrent 30 dagar lange turen.

Viktig hjelpemiddel

Linda Ernstsen, professor i folkehelse ved NTNU, fortel at fysisk aktivitet er ein kur som verkar på nesten alt.

Professor innenfor fysisk aktivitet ved NTNU.

Linda Ernstsen, professor i folkehelse ved NTNU.

Foto: BERRE Kommunikasjonsbyrå AS

– Fysisk aktivitet er eit veldig viktig hjelpemiddel både i førebygging og behandling av psykiske plager, seier Ernstsen.

Ho utdjupar at sjølv om fysisk aktivitet sjeldan er nok ved tung depresjon, vil dei fleste merke god effekt. I tillegg gjer ei aktiv befolkning store gevinstar for folkehelsa.

Bevegelse gjer oss meir robuste mot å bli nedstemd.

– Berre det å gå til og frå jobb er ein undervurdert og fin måte å få inn aktivitet på. All bevegelse er bra, ikkje berre for det mentale, men også for hjarte, forklarer professoren.

Ernstsen understrekar også viktigheita av dagslys for den biologiske klokka.

– Det å faktisk vere ute og få dagslys på auga har stor betydning. Ein må bli ordentleg eksponert av lyset, ikkje berre sitte inne og sjå det gjennom vindauget. Ein god døgnrytme hjelper også på å førebygge depressive symptom.

– Føler meg aldri aleine

Det er ikkje kvar dag ein møter ei norsk kvinne til fots langs koreanske landevegar. Vanlegvis er det menn som har fullført førstegongstenesta som går denne ruta. Nysgjerrigheit frå lokalbefolkninga har resultert i mange møter.

Lise Lotte går Sør-Korea på tvers. Her er hun på kafe.

Her møtte ho ein som plukka henne opp langs vegen for å kunne by på kaffi og norsk makrell.

Foto: Lise Lotte Sivertsvik Jørgensen / privat

– Eg møter folk kvar dag og får opplevingar som er heilt sjuke. Eg føler meg aldri aleine, seier Lise Lotte.

Møtet som har gjort sterkast inntrykk, var då ei koreansk dame spurde om ho kunne få vere «tanta» hennar. Som gåve fekk Lise Lotte fleire kilo ris og krydder.

Lise Lotte i Korea

Den nye tanta ho fikk på turen.

Foto: Lise Lotte Sivertsvik Jørgensen / privat

– Ho ringer meg av og til for å høyre korleis det går. Eg har fått god kontakt med mange som både ringer og sender meldingar for å følge med på turen.

Heil gjeng på tur

Eit år før ho la ut på tur, begynte Lise Lotte å poste videoar på TikTok. I dag følger 29.339 menneske med på turen hennar gjennom sosial medium. Kvar kveld på hotellet redigerer ho videoar ferdig, klar til å publiserast.

– Eg føler eigentleg at eg har med meg ein heil gjeng på tur gjennom sosiale medium.

Lise Lotte fikk mat fra forbipasserende på turen.

Denne kassen med mat fekk ho i gåve utanfor ein bensinstasjon.

Foto: Lise Lotte Sivertsvik Jørgensen / privat

Sjølv om kroppen merker køyret etter ein månad på vegen, har prosjektet fungert etter planen.

– Eg har rett og slett ikkje hatt tid til å bli deprimert, men eg kjenner at eg er veldig sliten no. Eg går trass alt mellom seks og ti timar kvar dag, avsluttar ho.

Publisert 02.05.2026, kl. 17.29

Read Entire Article