Lisbeth tener 200.000 på å leige ut kjellaren på Airbnb: – Kan bli for mykje

4 hours ago 2



Airbnb har vakse eksplosivt i Nord-Noreg. Særleg Tromsø og Lofoten aukar det mykje

Til saman omsette Airbnb-utleige for 1 milliard kroner i 2024 berre i dei to regionane.

Det gjer Airbnb til ein av dei største aktørane i overnattingsmarknaden – på nivå med hotellnæringa.

– Kjekt å tene litt pengar

Veksten gir kjærkomne inntekter til private utleigarar som til dømes Lisbeth Dahløf i Lofoten. Ho har leigd ut ei leilegheit i huset sitt i 10 år.

Ideen kom etter at niesa hennar lufta planar om å leige ut si leilegheit. Timar etter at leilegheita til Lisbeth var lagt ut på Airbnb, kom bestillingane rasande inn.

et kjøkken med hvite skap

Det er særleg kinesiske og indiske turistar som leiger hos Lisbeth i Lofoten, men det kjem òg turistar frå Sverige og Finland.

Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK

Det passa godt for Dahløf, som like før hadde blitt pensjonist, og trong noko å henge fingrane i.

– Det var òg kjekt å tene litt pengar. Då kunne vi også reise litt.

No tener ho mellom 150.000 og 200.000 før skatt på å leige ut. For inntekta skattar ho 22 prosent.

– I begynninga betalte vi ikkje skatt. Det kom først etter eit par år. Men det synest eg er heilt ok.

En dame med hvitt hår og briller står ved en hvit vegg og en blomsterbukett

Lisbeth Dahløf i Lofoten har leige ut leilegheita si i 10 år. Det har ho tent gode pengar på. Men også Lofoten har tent mykje.

Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK

– Kva synest du om at Airbnb har vekse så mykje dei siste åra?

– Det er tydelegvis eit behov. Det er utruleg mykje no. Det kan kanskje bli for mykje.

Særleg om sommaren er det veldig mykje turistar i Lofoten, men òg på vinteren begynner det å kome fleire, fortel Dahløf.

Ifølge ein rapport frå NHO Reiseliv var det i 2018 registrert 290.000 hotellovernattingar i Lofoten og Vesterålen. I tillegg kjem overnattingar via Airbnb og andre plattformer.

Kommunane tener mykje

Kommunane kan òg gni seg i hendene.

Lofoten er staden i Nord-Noreg med mest turistar om sommaren. Men det er Tromsø som tronar øvst på pallen om vinteren.

Ifølge NHO Reiseliv er det registrert 290.000 hotellovernattingar i Lofoten og Vesterålen på sommaren. Då er 90 prosent av hotellromma booka. Airbnb og andre utleigetenester kjem i tillegg.

Moskenes i Lofoten, fjell og hus langs strandsonen

Lofoten tiltrekker seg turistar året rundt, men sommaren er høgsesong, med stor pågang på overnatting og aktivitetar.

Foto: Kasper Holgersen / NRK

I Tromsø utgjer skatten frå Airbnb-inntekter om lag 2,3 prosent av dei totale skatteinntektene til kommunen.

Tal frå Sparebank 1 Nord-Norge viser at det i januar var over 3000 unike bueiningar i Tromsø som var booka via Airbnb.

Sveip for døme på kva andre kommunar tener på Airbnb:

  • Ein by med mange bygningar og fjell i bakgrunnen

    I Tromsø er prognosane at ein vil tene 1 milliard kroner på AirBnb i 2025. I siste halvdel av 2024 og første halvdel av 2025 var omsetninga 910 millionar kroner.

    Foto: Hans Ludvig Andreassen / NRK
  • Fjell og røde rorbuer i Lofoten. Sett frå Hamnøy bru Reine Moskenes.

    I Lofoten er prognosane for omsetning på over 400 millionar kroner i 2025. I 2024 var omsetninga 389 millionar kroner.

    Foto: Synnøve Sundby Fallmyr
  • Bodø by sentrum

    Bodø hadde 50 millionar i 2024, men tala er venta å vekse i 2025.

    Foto: Sondre Skjelvik
  • Alta by. Sett frå Nordtoppen i Hjemmeluft.

    I Alta var det ei inntening på 24 millionar i 2024, men også her er det venta vekst i 2025.

    Foto: Jan-Erik Steine

Trond Øverås i Nord-norsk reiseliv seier han er overraska over kor raskt Airbnb har vakse i Nord-Noreg

Han meiner det er eit resultat av utviklinga innan reiselivet i nord. Han peikar på to område som skil seg spesielt ut.

Den aukande aktiviteten er eit svar på trendane dei ser i marknaden meiner han.

Trons Øverås

Trond Øverås i Nord-norsk reiseliv seier han er overraska over kor raskt Airbnb har vakse i Nord-Noreg

Foto: Per-Magne Steen / NRK

– Vi veit at dette er attraktive internasjonale reisemål. Det handlar også om auka kapasitet inn til reisemåla, som til dømes direktefly frå utlandet, seier han.

– Kvifor er det så stor forskjell på Airbnb i Bodø og Tromsø?

– Tromsø har hatt eit sterkt fokus på vinterturisme og utvikling, medan Bodø først no har fått dette fokuset. Bodø har absolutt eit potensial.

Har ført til utfordringar

Samstundes skaper utviklinga utfordringar: Leigemarknaden blir stramma inn, bustadprisane blir pressa opp, og studentar og låginntektsgrupper slit med å finne bustad.

Fleire kommunar ønsker turistskatt og strengare reguleringar for å handtere veksten.

Rambergstranda i Flakstad Lofoten.

Lofoten-kommunane har lenge kjempa for moglegheita til å innføre ein turistskatt for å dekkje kostnadar til infrastruktur, som stiar og renovasjon, som aukande turisme er opphav til.

Foto: Benjamin Fredriksen NRK

Øverås i Nord-norsk reiseliv peiker på at det er like konkurransevilkår for Airbnb samanlikna med den kommersielle overnattingsnæringa.

Han meiner det er viktig å vere medviten om denne utviklinga for å sikre at ho blir kontrollert.

– Men ser vi på høgsesongmånadene, ser det ikkje no ut til at veksten i Airbnb har gått utover hotellnæringa.

et soverom med seng og bokhyller

På hausten har Dahløf full kalender til november. Då er det litt færre gjestar. I desember og januar har ho stengt. I februar er det fullt igjen.

Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK

Lisbeth Dahløf i Lofoten leiger ut rom i sitt eiget hus. Ho hadde ikkje vore komfortabel med å kjøpe eit hus for å leige det ut.

– Det er ikkje min stil. Det er eg imot. Men om ein har litt ekstra rom er det ein god måte å tene litt ekstra pengar, og kanskje òg bli kjent med nokon nye folk.

En bok på et bord

Dahløf set pris på å møte menneska som kjem for å bu hos ho. – Det finst fantastisk mykje kjekke ungdommar i verda. Folk er med veldig få unntak heilt utruleg hyggelege.

Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK

– Det er nokon som er kritiske til korttidsutleige generelt. Kva har du å seie til dei?

– Er einig i at det burde finst meir plass for studentar, men eg hadde ikkje leigd ut til dei uansett, fortel ho.

Dahløf har barnebarn som i blant bruker leilegheita. Då passar det ikkje at nokon leiger. Med Airbnb kan ho lett bestemme det i kalenderen.

– Men eg kan forstå frustrasjonen for dei som leiter etter ein stad å bu eller leige lengre.

Publisert 04.11.2025, kl. 20.04 Oppdatert 04.11.2025, kl. 20.18

Read Entire Article