Lisa fekk psykiatrisk behandling utan medisin- no kan tilbodet forsvinne

2 hours ago 1



Lisa Lorentze Fausa Ramsvik nyt varmen i badstua. Kroppen blir avslappa og ho er til stades her og no.

Ein viktig teknikk ho har lært seg under det åtte veker lange opphaldet på den psykiatriske klinikken i Vegsund i Ålesund.

Då ho blei sjuk var læraren sikker på at ho hadde møtt veggen.

Men same korleis ho prøvde å balansere kvile og aktivitet kjendest alt berre tyngre og vanskelegare. Ho starta å gå til psykomotorisk fysioterapeut, som forstod at ho hadde psykiske problem.

Lisa Lorentze Fausa Ramsvik

Å sitte i badstove får ned stressnivået og verkar avslappande på Lisa.

Foto: Øyvind Sandnes/NRK

Tilbod utan medisin

Ramsvik gjekk til psykolog eitt års tid, utan at ho vart friskare som venta. Først då ho fekk tilbod om eit medikamentfritt behandlingsopplegg kom resultata.

Den skreddarsydde behandlinga tar imot 25–30 personar årleg, som får psykologtimar, gruppetimar, fysioterapi og friluftsaktivitetar.

Under gruppetimane forstod Lisa at ho ikkje var åleine om problema.

– Du får treffe andre som plutseleg skjønar kvarandre og snakkar same språk, seier Ramsvik.

I to intensive månader fekk ho heilskapleg behandling, der ho blei kjend med seg sjølv på nytt og fekk styrke til å ta tak i problema.

Lisa Lorentze Fausa Ramsvik

Isbading får Lisa til å vere mentalt til stades og er noko ho starta med etter at ho vart sjuk.

Foto: Øyvind Sandnes/NRK

Må kutte i psykiatrien

Helse Møre og Romsdal er i ei økonomisk hengemyr og må spare rundt 350 millionar kroner neste år. Psykiatrien må ta sin del, og det betyr at spesialtilbodet i Ålesund truleg forsvinn.

Helseføretaket er i ein veldig krevjande økonomisk situasjon. Vi må sjå på alle delar av tilbodet vårt, også i klinikk for helsevern og rus. Dette er eit av tiltaka vi ser på for å spare pengane vi er pålagt.

Det seier Eirik Molvær som er avdelingssjef for DPS Sunnmøre.

Eirik Molvær, avdelingssjef, DPS Sunnmøre

Eirik Molvær er avdelingssjef for DPS Sunnmøre. Han seier at psykiatrien må ta sin del av dei store kutta til helseføretaket.

Foto: Øyvind Sandnes/NRK

Han er trygg på at pasientane skal få eit anna behandlingstilbod, anten det er på poliklinikk eller døgntilbod.

Korleis samsvarer nedlegginga med regjeringa sitt mål om å styrke psykiatrien?

Vi har dei pengane vi har, og må vi bruke dei innanfor det tilbodet som vi kan drifte. Det må gjerast endringar i framtida for mange delar av helseføretaket, også innanfor psykisk helsevern og rus, seier Molvær.

Møtast og tenner bål

For Ramsvik har opphaldet i Vegsund gitt henne mange verktøy ho kan bruke i kvardagen. Spesielt det som handlar om naturen. Framleis møter ho dei andre pasientane på gruppa si fast. Dei går tur og tenner bål. Slik får dei gode samtalar.

Ho synest det er frykteleg at tilbodet skal leggast ned.

Det finst nesten ikkje ord for kor meiningslaust det er at dette skal forsvinne. Det er vondt å tenke på at andre ikkje skal få dette tilbodet, seier Ramsvik.

Lisa Lorentze Fausa Ramsvik tenner ofte bål på tur

Lisa og dei andre ho var saman med i åtte veker på DPS Vegsund møtast ein gong i veka. Ofte tenner dei bål.

Foto: privat / NRK

Ho er overtydd om at det skreddarsydde opplegget gjorde henne mottakeleg for anna behandling. Ho har lært seg å forstå kva utfordringar ho har og korleis ho kan bryte gamle mønster.

50-åringen er no i ei anna behandling, og tør å håpe at ho etter kvart blir frisk igjen.

– Eg er ikkje laga for å surre langsmed. Eg vil bli frisk igjen og kome ut i jobb, seier Ramsvik.

Lisa Lorentze Fausa Ramsvik i badetøy står inne i ei badstue med store vinduer. Hun bøyer seg fremover og heller vann på ovnen I bakgrunnen er det røde bygninger og vann. Omgivelsene gir en maritim kontekst til situasjonen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Lisa har håp om å bli frisk att og kome seg i jobb.

Foto: Øyvind Sandnes/NRK

Publisert 09.12.2025, kl. 13.38

Read Entire Article