Linn (24): – Dei som trur teikneserien er død, må tru om igjen

3 weeks ago 19



Teiknesestriper!

Ei 130 år gammal kunstform: kort og humoristisk samfunnskommentar. Sånn som legendariske Pondus under her.

Saman med papiravisa døyr dei ein langsam død ... Neida!

Pondus damer

Pondus i kjent stil. Av Frode Øverli. Pondus vert rekna som den største norske teikneserien, men kan ikkje skryte av same suksess på sosiale medium.

Ein ny generasjon

Før du seier noko: Vi veit allereie at teikneserieromanar opplever ein ny vår.

Men kva med teikneseriestripa? Den frå avisa?

Jau då, Noreg har mange semi-store teiknarar utan fast spalteplass i ei riksdekkjande avis, som likevel har eit bra antal følgjarar på sosiale medium.

Spesielt på Instagram.

Men kva med dei plattformene som først og fremst er for video, som TikTok? Korleis kan generasjon Z og Alfa få eit forhold til teikneseriestripa, dei som ikkje har vakse opp med Pondus og Nemi-hefte liggjande ...

TikTok har ein auto-svipe-funksjon (også med musikk) som gjer at bildeserien opplevast som video.

Linn Isabel Eielsen @L-innsikt/TikTok

Over 400.000 visningar

Linn Isabel Eielsen (24) er frå Haugesund, men sit som regel i si knøttvesle studentleilighet i Oslo og teiknar.

Ho teiknar historier om livet som student, sjølvbilde, eksamen, studielån og Taylor Swift. Blant anna.

– L-innsikt er teikneserien eg sjølv sakna.

Tegneserieskaper Linn Isabel Eielsen (23) sitter på studenthybelen sin i Oslo og tegner på nettbrettet sitt foran et stort vindu.

Eielsen sjonglerer mellom bacheloroppgåva i medievitskap (om teikneseriar, sjølvsagt), ny teikneseriebok og TikTok-publiseringar. Ho er også musikar.

Foto: SYNNØVE SUNDBY FALLMYR / NRK

Dei fleste innlegga har fleire tusen likarklikk og titals tusen visningar. Eit par av dei har til og med over 400.000 visningar.

Og alt er på norsk.

– Eg er veldig takknemleg for at så mange likar det!

Kor les du helst teikneserier? 💭

Den store overgangen

L-innsikt er med andre ord ein veldig godt lesen teikneserie.

– Eg vil absolutt påstå at Linn Eielsen er sin generasjons teikneserieskapar.

Det seier ein som kan mykje om teikneseriar: Fredrik Rysjedal.

  • Fredrik Rysjedal, portrett av mann med kort, brunt hår og kort skjegg som ser i kamera med et lite smil.

    Fredrik Rysjedal

    Rysjedal er teikneserieskapar og har forska på digitale teikneseriar som stipendiat ved Universitet i Bergen. Han er óg redaktør i Tegnerforbundet sitt tidsskrift Numer.

Då Instagram fikk sveipefunksjonen, vart appen som skapt for å dele teikneseriar. Det førte til stor suksess for fleire, til dømes Hanne Sigbjørnsen med Tegnehanne.

Men det er få eller ingen andre som har gjort same suksess på TikTok, ifølgje Rysjedal.

– Til skilnad frå Instagram, er TikTok først og fremst ein videoapp. I tillegg kan du få mange visningar på eit innlegg sjølv om du ikkje har mange følgjarar.

På same måte som Teghehanne, er L-innsikt meir eller mindre sjølvbiografisk. Det er også ein grunn til suksessen, trur han.

– Hadde ikkje klart det utan sosiale medium

Forretningsstrategien til mange nye teikneserieskaparar er altså å få mykje merksemd på sosiale medium, og deretter selje bøker.

Vi spør Rysjedal, mannen som kan mykje om teikneseriar:

– Er det eit problem? Forsvinn noko av kvaliteten på sosiale medium?

– Det kan bli eit problem dersom ein byrjar å tene pengar på innhald laga etter ønske frå følgarane sine.

Eielsen er Patreon-mottakar.

– Då er risikoen at ho blir slave til følgjarane i staden for å vere den som legg premissane, seier han.

@

@Cileknit:Elsker denne! Takk! ❤️

@

@Twistah90:#denfølelsen når algorytmen e heeelt on point 🙌

@

@Vilhelmlarsen:Haha du er flink!

@

@Cookielexie:Du er skikkelig flink 🥰jeg digger tegneserien din! 👏

Dette er Eielsen veldig bevisst på, og seier at ho prøver å ikkje la seg farge for mykje av TikTok-trendar.

Men ho er helt sikker på at ho ikkje hadde klart det utan sosiale medium.

– Eg føretrekker det trykte formatet! Men det er vanskeleg å leve av det. Derfor brukar eg sosiale medium som ein promoteringskanal, seier Eielsen.

Tegnehanne (Hanne Sigbjørnsen) har skrevet en hilsen til Linn Isabel i ei bok Hanne har laget. "Lykke til med tegningen!", står det.

Eielsen byrja å teikne som 16-åring, og har alltid vore stor fan av Tegnehanne. No er ho like gamal som da Hanne Sigbjørnsen fekk gjennomslag.

Foto: SYNNØVE SUNDBY FALLMYR / NRK

Egmont: – TikTok-suksess har ikkje noko å seie

Nyleg vart Eielsen signert av Egmont, og ho gir snart ut den tredje boka med L-innsikt.

Men Egmont presiserer til NRK at Eielsen sin suksess på TikTok ikkje har noko å gjere med deira signering.

– Linn kom til oss med ein veldig god idé til ei bok. Vi baserer våre avgjerder på kvalitet, ikkje på kor stor ein er på sosiale medium, seier pressekontakt for teikneseriar og barnebøker, Tonje Tornes.

Tonje Tornes

Tonje Tornes i Egmont Serieforlag fortel at teikneseriane har flytta seg frå bladhylla til bokhandlaren. Men at dei framleis sel ein god del Pokémon, Donald og Lego-blad.

Foto: Maren Kvamme Hagen / NRK

Trenden no, ifølge Tornes, er at teikneseriane er flytta frå bladhylla over i bokhandlaren. No er det meir vanleg å lese teikneserieromanar og liknande.

Det går altså an å vere teikneserieskapar i 2024.

Linn Eielsen synest det er spennande at L-innsikt kan vere ein del av overgangen frå det trykte til det digitale.

– Dei som trur teikneseriestripa er død, må tru om igjen!

Portrettfoto av Linn Isabel Eielsen (23). Hun sitter i studentleiligheta si og ser inn i kamera. Hun har rød leppestift, langt hår med pannelugg.

I august kjem den tredje boka til Eielsen.

Foto: SYNNØVE SUNDBY FALLMYR / NRK

Publisert 22.05.2024, kl. 11.21

Read Entire Article