Politiet opplyser klokka 19.32 at redningshelikopteret no er på plass og startar søk.
Den sakna mannen skal vere busett i området, vere godt utstyrt og godt vaksen. Klokka 12 skal han ha sendt ein snap til ein kamerat.
Det er siste livsteikn.
Han skal ha gått åleine opp Hostadgjelet i retning Soggefjellet med isøks og stegjarn.
– Det er eit krevande terreng, vi må ha folk med kompetanse på bratte fjell, snø og is, seier operasjonsleiar Per Åge Ferstad ved Møre og Romsdal politidistrikt.
Mannen gjekk på tur i 10-tida søndag, og skulle vore tilbake før det var mørkt.
Det er sett opp ein stor lyskastar opp mot fjellet.
Foto: NRKLeitar med varmesøkande kamera
Brannvesenet er også på staden og ifølgje operatør Nils Bjerknes på 110-sentralen søker dei med varmesøkande kamera.
– Mannskapet går opp i terrenget med kamera og dersom det er endringar i temperatur, så vil dei sjå det, seier Bjerknes.
Også brannvesenet er på plass for å hjelpe til.
Foto: NRKVentar på fleire leitemannskap
Det skal vere kaldt og vindstille på staden.
Eit vitne som følgjer redningsaskjonen seier til NRK at både politi og brannvesenet no har kome fram på plassen, og at det er sett opp ein stor lyskastar for å lyse opp fjellet.
Både frivillige, dronar og hundar er på veg.
– Vi tør ikkje å spekulere, vi håper han er i god behold, men sit fast, seier Ferstad.
Soggefjellet i Rauma, like ved Åndalsnes.
Publisert 15.02.2026, kl. 19.01 Oppdatert 15.02.2026, kl. 19.52










English (US)