Henningsvær innbyggarforeining ber kommunen om at offentlege toalett blir halde opne heile året, skriv Lofotposten.
Bakgrunnen for det er gjentakande førespurnadar frå innbyggarane om turistar som tar toalettbesøket i utebodar, bak hushjørne og på parkeringsplassar.
– Vi har tatt opp problemet rundt toaletta i fleire år, utan at det blir gjort noko frå kommunen si side for å finne ei løysing, seier Hilde Hovde i innbyggarforeininga. Ho påpeikar at det går utover livskvaliteten til dei som bur der.
Ordførar Vidar Thom Benjaminsen seier til avisa at kommunen prøvar å finne pengar for å unngå nedlegging av skular.
– Vi har ikkje midlar til å kunne drifte toalettanlegga gjennom vinteren, men det er absoluitt eit mål å få det på plass, seier han.