– Nei, det synest eg var eit tullete innlegg. Det er eigentleg litt barnsleg.
Det seier Jøran Aulin-Jansson, visepresident i Det internasjonale sjakkforbundet (Fide). Han la sjølv merke til innlegget som Fide publiserte klokka 21.18 søndag kveld.
Meldinga er nå sletta frå X.
– Eg har ikkje hatt noko sjølv å gjere med det innlegget. Men eg føler at vedkommande som la ut dette forhåpentleg har skjønt at det var berre dumt. Ikkje noko anna. Det var ikkje morosamt ein gong, seier Aulin-Jansson til NRK.
HAMRA I BORDET: Magnus Carlsen var ikkje fornøgd etter at han tapte mot Gukesh i Norway Chess. Bilde frå TV 2.
Video: Bilder fra TV 2«Når du skal ta kongen, bør du ikkje bomme»
Søndag kveld hadde Magnus Carlsen ei vinnande stilling mot verdsmeister Dommaraju Gukesh i Norway Chess. Nordmannen rota likevel bort sigeren heilt på tampen og tapte under stort tidspress.
Forbanna hamra Carlsen handa i bordet, så brikkene hoppa i vêret, før han tok Gukesh i handa og storma ut frå spelelokalet i Stavanger.
Da la Fide ut eit innlegg av Gukesh med gevær og teksten:
«You come at the king, you best not miss»
På norsk kan det bli omsett til noko som «Når du skal ta kongen, bør du ikkje bomme».
X-INNLEGG: Det er desse to innlegga som har blitt ein snakkis etter Carlsens tap mot Gukesh.
Foto: Magnus Carlsen og Fide på XTeksten og bildet er ein referanse til innlegget Carlsen sjølv la ut da han slo Gukesh i første runde av Norway Chess.
Carlsen hadde sjølv eit bilde av karakteren Omar Little frå TV-serien The Wire.
– Kvifor synest du det er dumt at dei legg ut eit slikt innlegg, Aulin-Jansson?
– Tapet som Magnus hadde i går er ufatteleg surt, noko han for så vidt gav uttrykk for. Å vri kniven ein runde til er heilt unødvendig, svarer visepresidenten.
Carlsen måtte i tillegg tole eit stikk frå erkerivalen Hans Niemann etter tapet. Også han la ut eit X-innlegg med same tekst.
VISEPRESIDENT: Jøran Aulin-Jansson i Det internasjonale sjakkforbundet (Fide).
Foto: Jørund Wessel Carlsen / NRKReagerer: – Dei skal vere nøytrale
NRK har prøvd å få ein kommentar frå teamet rundt Magnus Carlsen, men har foreløpig ikkje fått svar.
Det er ingen løyndom at nordmannen har hatt eit betent forhold til Fide over lang tid. Klimakset kom i romjula da Carlsen fekk bot for å ha gått i jeans under hurtigsjakk-VM.
Han trekte seg seinare frå meisterskapen før han snudde og deltok i lynsjakk-VM nokre dagar seinare.
MISFORNØGD: Magnus Carlsen var alt anna enn fornøgd etter tapet mot verdsmeister Gukesh.
Foto: Norway Chess / Michal WaluszaKristoffer Gressli, sjakkekspert i NRK, sperra opp auga da han såg kva forbundet hadde lagt ut på sosiale medium.
– Dette er Det internasjonale sjakkforbundet, og dei skal vere nøytrale uansett kva horn dei har i sida til spelarar. Dei skal oppføre seg ekstremt nøytralt og profesjonelt. Det er dei som forvaltar sjakkreglane og alle verdsmeisterskapar, seier Gressli og kjem med eit fiktivt eksempel:
– Tenk dersom Det internasjonale friidrettsforbundet hadde peika på og ledd av tikjempar Sander Skotheim etter at han nulla i stavhopp i OL i fjor? Det høyrer ikkje heime i idrett.
Sjakkeksperten trur X-meldinga sundag vil gi meir bensin på bålet til Team Carlsen.
– Dette er absolutt ikkje ein måte å reparere skaden på, seier Gressli.
Jøran Aulin-Jansson forstår at sjakkeksperten reagerer.
– Ja, innlegget blei heller ikkje ståande, så nokon vaksne har komme til rommet, seier Aulin-Jansson om kritikken frå Gressli.
Publisert 02.06.2025, kl. 16.35 Oppdatert 02.06.2025, kl. 16.46