30–40 minuttar er ventetida i sikkerheitskontrollen måndag ettermiddag.
– Det skuldast både sjukefråvære blant vektarane, men vi har også opplæring av nye vektarar som skal hjelpe til i sommartrafikken.
Det seier Helene W. Jensen i Avinor til NRK.
– Det å legge opplæring samstundes som det er mykje sjukefråvære, er det lurt?
– Altså, Avinor og Avarn bemannar jo opp i høve dei passasjerproduksjonane som vi har. Sjukefråværet veit vi jo ikkje, seier Jensen.
Håper på ein løysing
Kjell Frode Vik er toppsjef i Avarn som har vektarane på Oslo lufthamn.
Han håpar at lange køar ikkje blir vanleg denne veka.
– Det er mannskapsutfordring i form av tal folk på jobb. Det er ikkje så lett å snu seg rundt og skaffe 20 mann ekstra, om vi ser at det er behovet, seier Vik.
Han forsikrar om at dei no køyrer kontinuerleg opplæring av nye folk slik at sommartrafikken skal gå fint.
VENTETID: Slik så køa ut på Oslo lufthavn, mandag ettermiddag.
Foto: Skjermdump / webkameraKlar oppmoding til passasjerar
Avinor si oppmoding til passasjerane er tydeleg:
– Møt opp i god tid og til den tida flyselskapet seier.
Køane skal bli kortare utover dagen, ifølge pressevakta i Avinor.
– Nå er det opp mot 40 minutt med ventetid i sikkerheitskontrollen. Vi er i rushtida, og forventar ein nedgang i passasjerar om ein stund, seier pressevakt Helene W. Jensen i Avinor til VG.
Publisert 19.05.2025, kl. 17.40 Oppdatert 19.05.2025, kl. 17.58