Trump: Russland og Ukraina klare for forhandlingar

4 hours ago 3



Den amerikanske presidenten og Russlands president Vladimir Putin snakka saman i over to timar måndag.

Etter møtet skreiv Trump på sitt eige sosiale medium, Truth Social, at samtalen hadde gått «svært bra», og at partane var blitt einige om å starte forhandlingar om våpenkvile i Ukraina straks.

– Vilkåra kan berre bli forhandla mellom dei to partane, skreiv han.

Trump meiner dette er eit viktig steg mot å få slutt på krigen.

Putin: – Vil legge fram forslag

Det var Putin som først kommenterte samtalen med Trump tidlegare måndag kveld.

Under eit pressemøte i Sotsji omtalte han samtalen med Trump som informativ og nyttig, og sa at fredsprosessen var på rett spor, melder AFP.

– Vi har blitt einige med presidenten i USA om at Russland skal legge fram eit forslag, og at vi er klare til å jobbe med ukrainarane om ein mogeleg framtidig fredsavtale, sa han.

en mann i dress som snakker med en gruppe mennesker

Vladimir Putin møtte russiske journalistar i Sotsji måndag kveld.

Foto: Vyacheslav Prokofyev / AP / NTB

Ukraina har ikkje kommentert

Før han snakka med Putin, hadde Trump også ein kort samtale med Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj.

Telefonsamtalen skal ha vart nokre få minutt, ifølge AFP.

Ukraina har så langt ikkje kommentert utsegnene Trump kom med måndag kveld, men har lenge sagt at dei vil ha ei våpenkvile som kan danne grunnlaget for forhandlingar om varig fred.

Publisert 19.05.2025, kl. 20.01 Oppdatert 19.05.2025, kl. 20.24

Read Entire Article