Kravet om den unike draktdetaljen gjeld ikkje alle, men dei norske spelarane har ikkje noko val.
I opningskampen skal nemleg alle VM-debutantar bere eit merke på brystet. Med påskrifta «debutant» skal merket markere den første kampen til dei respektive spelarane i den gjevaste turneringa i fotballen.
Med norsk VM-deltaking sist i 1998, seier det seg sjølv at detaljen blir å sjå på alle når Haaland og co. opnar mot Irak 17. juni.
Det same gjeld profilar som Lamine Yamal, Désiré Doué og Florian Wirtz.
Til liks med dei norske spelarane gjer også merket sin debut i VM, og ikkje alle er like begeistra over påfunnet.
MLS-DEBUTANT: Merket er venta å likne på det som allereie blir brukt i USA, her vist under Hugo Lloris’ debut for Los Angeles FC.
Foto: PATRICK T. FALLON / AFP,NTBLèt seg frustrere
– Det er totalt sjanselaust, det opplegget der, seier Kristoffer Løkberg i episoden av NRK-podkasten «Bakrommet».
Fotballeksperten forsvarar utbrotet med å peike på landslagsdraktenes unike særpreg – det stilreine uttrykket utan sponsorar og liknande. Han irriterer seg derfor over at ein skal tukle med noko som i utgangspunktet er nær perfekt.
IKKJE IMPONERT: NRKs fotballekspert Kristoffer Løkberg vil ha minst mogleg merker og sponsorar på landslagsdraktene.
Foto: Henrik Myhr Nielsen / NRKDei økonomiske kreftene får ein stadig større plass i fotballen, og panelet i «Bakrommet» mistenker at påfunnet har ein annan, viktigare intensjon enn å gjere stas på debutantane.
– Det handlar nok om kor mykje sponsorar dei klarer å få på draktene for å gje noko tilbake til dei som betalar. Dei klarer vel å snike inn noko der òg, seier Løkberg.
– Det har gått for langt
Debut-merka er ein del av ein ny lisensavtale som vil sjå Fanatics erstatte Panini som Fifas partnar for samlekort og klistremerke frå 2031.
Det bekrefta Fifa på den offisielle nettsida si tidlegare i mai.
Etter ein spelars debut vil merket bli fjerna frå drakta og omgjort til samlekort for Fanatics-eigde «Topps».
– Eg synest det har gått litt for langt. Nå er alt rein business. Men dette toget går så fort nå at det er umogleg å stoppe, seier Kent Glopholm, gründar og eigar av nettbutikken «24 Collect Cards», der han hovudsakleg sel fotballkort, men også samlekort frå andre idrettar.
GRÜNDER: Kent Glopholm frå Bergen starta sin eigen nettbutikk for å dyrke den store lidenskapen sin.
Foto: PrivatGlopholm veit kva han pratar om, med ei personleg samling av sportskort verdt i underkant av éin million kroner.
Debut-merket dukka først opp i den amerikanske baseball-ligaen (MLB) i 2023, og blei introdusert i USAs øvste divisjon i fotball for menn (MLS) i 2024.
Fifa har ikkje bekrefta alle detaljane, men det er venta at det blir ein ganske lik prosess som MLS, som også har ein lisensavtale med Fanatics.
Desse korta gøymer seg tilfeldig i hobbyboksar til rundt 1200 norske kroner.
– Folk henger seg på, og så lenge det sel, pumpar dei ut nye ting. Men sjølv om eg elskar fotballkort, kjem det altfor mykje på éin gong nå, seier ein småbekymra Glopholm.
Svimlande summar
– Kor mykje kan enkelte av desse korta bli verdt?
– Eg trur om du sikrar deg debut-merket til ein av dei mest ettertrakta spelarane, så pratar vi enorme summar. Da er vi fort oppe i 700 000 til 800 000 kroner, og sikkert over ein million, seier den i overkant interesserte fotballkortsamlaren.
SUPERSTJERNE: 18-åringen Lamine Yamal får, til liks med dei norske landslagsgutane, sin VM-debut.
Foto: LLUIS GENE / AFP,NTBIfølge den britiske allmennkringkastaren BBC vil meisterskapen i sommar produsere opp mot 600 kort.
Boksane som inneheld korta, vil likevel ikkje vere i sal før avtalen trer i kraft etter 2031.
Glopholm er usikker på om han sjølv kjem til å kaste seg inn i jakta når korta omsider landar i butikkhyllene, men kjem med eit råd til dei meir uerfarne samlarane:
– Du kan ikkje berre handle med hjartet og la lidenskapen styre alt. Om du blir for overivrig på denne marknaden, blir du fort fattig. Du er nøydd til å ha ein klar strategi for samlinga di, seier han.
Publisert 27.05.2026, kl. 12.58













English (US)