Lan Marie Berg gir seg i politikken: – Har endra norsk klimapolitikk for alltid, seier partikollega

2 weeks ago 14



– Det har vore ein lang prosess for meg. Men eg er samstundes sikker på at dette er riktig no, seier Lan Marie Berg til Dagens Næringsliv.

Berg kjem ikkje til å ta attval til Stortinget, og ho vil ikkje bil attvald som nestleiar. Det stadfestar ho i forkant av MDGs landsmøte i helga.

– Når eg gir meg på Stortinget, vil det vere naturleg og også tre ut av partileiinga. Men eg er topp motivert for å arbeide for MDG som folkevald på Stortinget og som nestleiar eitt år til -viss partiet vil, seier ho.

Etter ti år i politikken, både som stortingsrepresentant og som byråd i Oslo, vil Berg gjere noko anna.

– Eg hadde aldri drøymt om å bli politikar, og plutseleg kom eg inn som byråd i Oslo. No etter ti år kjenner eg at eg skyldar meg sjølv å sjå kva som finst utanfor, seier ho.

Sjølv seier dette no, har ho framleis to år igjen av stortingsperioden.

– Eg syns det er veldig trist. Lan Marie er eit stort forbilde for meg og veldig mange andre. Ho har endra norsk klimapolitikk for alltid, seier Margit Martinsen, nestleiar i Oslo MDG.

Publisert 02.05.2024, kl. 18.43 Oppdatert 02.05.2024, kl. 18.57

Read Entire Article